Annonse

annonser i Universitas

Studentar er permisjonstaparar

Studentar i fødselspermisjon får framleis ikkje lov å semesterregistrere seg. Universitetetet i Oslo skuldar på tekniske utfordringar, studentpolitikarar hevdar at saka blir trenert.

In English

SAMANSVEISA: Tonje Folkestad Gonzalez og dottera Ada kunne gjerne tenkt seg meir tid ilag, men kan ikkje ta seg råd til det utan tilgang på studentvelferdsgode.
FOTO: Brian Olguin

-Universitetet i Oslo forsømmer ansvaret sitt, seier leiar i Velferdstinget (VT), Stine Minde.

Ho og leiaren i Studentparlamentet (SP), Heine Skipenes, er mektig oppgitt over universitetet si manglande handlekraft når det gjeld semesterregistrering for studentar i fødselspermisjon. Sidan studentar i fødselspermisjon ikkje får semesterregistrert seg, får dei heller ikkje studentvelferdstilbod som billigare kollektivtransport. Minde fortel at saka var oppe i Læringsmiljøutvalet i april, og at ein allereie da hadde høve til å starte prosessen.

- Når det enno ikkje er gjort noko, tydar det på trenering av saka, meiner ho.

Tør ikkje tidfeste

Studiedirektør ved Universitetet i Oslo (UiO), Monica Bakken, avviser kritikken.

- Vi arbeider med saka, men prosessen tek tid, seier ho.

Bakken siktar først og fremst til det tekniske. Ho forklarar at det er mange detaljar som må på plass i databasen Felles Studentsystem. Når studentane blir semesterregistert får det nemleg konsekvensar for utdanningsplanen, og studieadministrasjonen vil forsikre seg om at dei ikkje mistar oversynet.

Bakken avviser at det er andre årsaker enn det tekniske som gjer at ordninga enno ikkje er gjennomført.

- Kor lang tid vil det ta å få ordninga på plass?

- Det tør eg ikkje seia. Vi skal ha klart eit utkast til prosedyre i løpet av hausten, seier ho.

- Ser ikkje problemet

Minde og Skipenes avviser at dei tekniske problema er av eit stort omfang, og meiner studieadministrasjonen heller forsøker unngå ei administrativ tyngsle.

- Vi kan verkeleg ikkje sjå problemet, seier Skipnes.

Han meiner ei enkel løysing kan vere å opprette ein ekstra avkryssingsboks i semesterregistreringsskjemaet der det står «i fødelspermisjon».

- Kva gjer de dersom UiO ikkje følgjer dette opp?

-Vi skal jobbe opp mot Kunnskapsdepartementet for å få lovfesta retten til studentvelferdsgode under fødselspermisjon. Det er brei studentpolitisk semje om dette kravet, og Studentsamskipnaden i Oslo er samde med oss, seier Minde.

SiO positive

Silje Winther, hovudstyreleiar i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), stadfestar sistnemnte. Ho helsar framlegget velkome under føresetnad av at alle som skal nytte SiO sine tenester betalar semesteravgift.

-Vi må følgje kontrollrutinane våre, men håpar å finne ei løysing, seier ho.

Winther har likevel ikkje tenkt å innta ei rolle som aktiv pådrivar for prosessen.

-Vi er ikkje ein politisk pressorganisasjon, den rolla må studentdemokratiet og Velferdstinget ta. Men vi samarbeider gjerne om å finne gode løysingar til studentane sitt beste, seier ho.

-Ikkje reelt problem

Anne Marie Ulven, studiesjef for bachelor på BI , kan opplyse om at heller ikkje deira studentar har krav på semesterregistrering under fødselspermisjonen.

- Her søker ein seg inn på heile studium, og så melder ein seg eventuelt av fag eller tek permisjon. I permisjonsperioden betalar ein ikkje studieavgift, og da heller ikkje semesteravgift til SiO, forklarar ho.

Ulven har ikkje motteke reaksjonar på dette.

- Korleis vil de handtere kravet dersom det kjem?

- Studieavgifta her er såpass høg at det blir neppe aktuelt. Når det gjeld SiO-avgifta ville det bli ei sak mellom SiO og studentane.

- Planlegg BI-administrasjonen å ta opp dette på eiga hand?

- Nei, vi ser ikkje at dette er eit reelt problem.

KrF-støtte

VTog SP har saman fremja saka for Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF) på Stortinget, men berre Kristeleg Folkeparti (KrF) sin representant, Dagrun Eriksen, har gitt positive tilbakemeldingar i anledninga.

- KrF kjem til å levere eit heilskapleg framlegg på denne problematikken. Det viser seg å vera veldig tilfeldig korleis ordningane for gravide studentar fungerer, meiner ho.

Eriksen seier likestillingsperspektivet er viktig, og påpeker at kvinner ikkje skal vera taparar i studieløpet. I tillegg trur ho det er lettare å halde fram med studia etter permisjonen dersom ein har hatt høve til å oppretthalde studentstatusen sin undervegs.

-Ein må ha høve til å få barn i dette samfunnet, før det er for seint, seier ho.

KrF sin representant i KUF veit ikkje korleis dei andre partia stiller seg til saka, men håpar og trur på gjennomslag.

-Vi kjem til å fremje framlegget når Stortinget opnar i oktober. Dersom ei lovfesting er påkravd vil det ta lang tid. Dersom dette kan gjerast gjennom forskrift eller direktiv blir det ein enklare og raskare prosess, seier ho.

For dyrt å vera fulltidsmor

In English

23 år gamle Tonje Folkestad Gonzalez går på bachelorstudiet i språk, og fekk dottera Ada i juni i år. Ho har valt å semesterregistrere seg, og satsar på full studieprogresjon komande semester. Ho kunne godt tenkt seg å vera mor på heiltid, men innser at det ikkje er økonomisk muleg.

-Vi har ikkje råd til å gå glipp av studentvelferdsgoder som kollektivrabatt, rimeleg treningstilbod og gratis helseteneste, seier ho.

Gonzalez er usikker på kor mykje ho sparar på å vera semsterregistrert, men trur det dreiar seg om fleire tusenlappar i halvåret. Ho syns framlegget om at studentar i fødselspermisjon skal kunne semesterregistrere seg høyres svært positivt ut.

- Det bør premierast at ein vel å få barn tidleg. Slik det er no blir ein straffa for det.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »