Annonse

annonser i Universitas

Historisk låg arbeidsløyse blant akademikarar:

Studentar er arbeidsvinnarar

Norsk økonomi går godt, og arbeidsløysa blant akademikarar er historisk låg. Realfagskandidatar kjem best ut, medan samfunnsvitskapelege fag også opplever ein markant nedgang.

- Norsk økonomi går som det susar om eg skal seie det litt flåsete, seier Hans Kure, kontorsjef i arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV).

Flåsete eller ei, tal frå NAV viser at dette åpnar arbeidsmarknadens sluser. Av 50 236 arbeidsledige i november 2006, var det berre 7 287 som hadde tatt høgare utdanning. Særleg dei med fem års utdanning eller meir innan naturvitskapelege og tekniske fag kjem godt ut om dagen, men også kandidatar med samfunnsvitskapelege og humanistiske fag opplever ein stadig betre arbeidsmarknad.

God konjunktur

- Noreg er inne i ein høgkonjunktur, og etterspørselen av arbeidskraft er stor både i petroelumssektoren og på fastland, forklarar kommunikasjonsdirektør i Tekna, Tore Vesthrin.

Tal frå NAV viser at blant naturvitskapeleg og teknisk utdanna på høgare nivå, var det berre meldt om 19 heilt ledige i februar 2007. Det er også ein nedgang frå same tidsrom i 2005 og 2006.

- Særleg byggjebransjen har stor aktivitet om dagen, og det kjem teknisk utdanna til gode. I tillegg blir det satsa meir på utvikling av miljøvenleg teknologi, der realfagskompetanse er ettertrakta.

Markant nedgang

Arbeidsløysa har gått merkbart ned innan samfunnsvitskapelege, juridiske og humanistiske fag dei siste åra. Tal for februar 2007 viser totalt 2 223 ledige i desse gruppene. Det tilsvarande talet for 2005 er 3 600. Kure i NAV meiner at generell høg økonomiske aktivitet er største delen av forklaringa.

- Humanistar og samfunnsvitarar jobbar gjerne innanfor privat konsulentverksemd når det er gode økonomiske tider, seier han.

Nye kunnskapar

Nestleiar for Karrieresenteret på Universitetet i Oslo, Frode Nyhamn, er også samd i at akademikarane, som alle andre, nyt godt av høgkonjunkturen. I tillegg meiner han at desse gruppene er flinke til å orientere seg i arbeidsmarknaden, og til å sjå nye bruksområde for kompetansen sin.

- Dei har også ei type utdanning som gjer at dei har lett for å ta til seg nye kunnskapar, seier Nyhamn.

Han synes også det er positivt at arbeidsløysa er såpass låg blant lågare grads kandidatar.

- Vi har vore nyfikne på korleis bachelorgraden blir mottake på arbeidsmarknaden, seier han.

- Vektlegg høgare utdanning

NØGD: Med bachelorgrad frå UiO kunne Hilde Søraas Grønhovd gå inn i spanande, variert og relevant jobb.
FOTO: Robin Røkke Johansen

Hilde Søraas Grønhovd har ein bachelorgrad med fordjuping i organisasjonspsykologi, og jobbar no som generalsekretær i Senterungdomen. Ved sidan av organisasjonserfaringa og det politiske engasjementet har ho inntrykk av at høgare utdanning vart vektlagt ved tilsetjinga. Og ho meiner at ho får god bruk for utdanninga si i den utfordrande stillinga.

- Men eg kunne nok like gjerne hatt ei anna utdanning enn psykologi, seier ho.

Søraas Grønhovd er godt nøgd med sin eigen situasjon, men meiner det framleis er muleg å betre arbeidsmarknaden.

- Eg trur det er mykje å hente for studentane og samfunnet på å styrke rådgjevingstenesta. Det vil løyse mykje av problemet med at folk utdannar seg til lediggang.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »