Usemje rundt stykkprisfinansiering
31 prosent av dei nytilsette professorane ved UiO i 2006 var kvinner. Den foreslåtte stykkprisfinansieringa av kvinnelege proffesorar kan bidra til å auke tilsetjingsprosenten, men reaksjonane er delte.
8.februar leverte Komité for Integreringstiltak (KiF) sluttrapporten frå tre års arbeid. Går det som komiteen vil, skal tilsetjing av kvinnelege professorar og førsteamansuensisar bli økonomisk premiert av departementet.
Framlegget møter delte reaksjonar. Norsk Studentunion (NSU) sin representant i KiF, John Ivar Eikeland, er positiv til framlegget. Han meiner det er eit openbart behov for rekrutteringstiltak når det gjeld kvinner i vitskapelege stillingar, og har ingen motførestillingar mot det økonomiske verkemiddelet.
- Slike incentivmodellar er allereie innarbeidd i høgare utdanning, og det er det vi må basere oss på når vi har føreslår nye tiltak, hevdar han, og seier problemet ikkje er like stort overalt.
- Innan humanistiske fag er kjønnsfordelinga langt jamnare enn innanfor realfag og teknologi. Komiteen ønskjer at alle fagmiljø skal bli premierte for å rekruttere kvinner, men har subsidiært føreslått at berre dei med særs stor manneleg domians skal bli omfatta.
Førsteamanuensis i statsvitskap, Bent Sofus Tranøy, er ikkje einig.
- Generell incentivstyring får fort uheldige konsekvensar, seier han.
I boka «Markedets makt over sinnene», tek Tranøy eit oppgjer med økonomisk incentivstyring i offentleg sektor og akademia.
- Kjønn kan få eit overdrivent stort fokus i høve til kvalifikasjonar. Eller ein kan risikere at instituttleiinga ikkje tek omsyn til det i det heile, dersom økonomien ikkje tilseier at ein må det.
Tranøy stiller også spørsmålsteikn ved premissane som debatten kviler på.
- Eg vil åtvare sterkt mot den ukritiske haldninga som seier at det føregår diskriminering berre fordi eitt av kjønna er underrepresentert. Etter mitt syn føregår det diskriminering først når kvinner og menn ikkje har like mulegheiter.
Fungerande likestillingsrådgjevar ved Universitetet i Oslo, Anna Vibeke Lorentzen, synes derimot at økonomisk premiering er eit godt tiltak.
- Ikkje minst studentane vil nye godt av ein større kvinnerepresentasjon. Dei kvinnlege studentane får rollemodellar, og ser at det ikkje er eit fullstendig mannsdominert arbeidsmiljø som ventar dersom dei vel ei akademisk karriere.












