Internasjonale studentar vel vekk naturvitskap
Økonomifaga er mest populære mellom utvekslingsstudentane. Tilbod og etterspurnad avgjer kvar folk reiser og kva dei studerer.
Naturvitskapane hamnar langt nede på lista over kva fag studentar i OECD-landa(Organization for Economic Co-operation and Development) reiser på utveksling for å studera. Sjølv i Tyskland, som i utgangspunktet er ein populær destinasjon innan dette fagfeltet, utgjer naturvitskaplege studentar mindre enn 15 prosent av dei internasjonale studentane. Det melder University World News.
Tilbod og etterspurnad
Om ein indkluderer jordbruks-, ingeniør, produksjons- og konstruksjonsfag og ser på realfaga under eitt vert biletet noko anleis. Denne gruppa utgjer nemleg nemleg bortimot 80 prosent av utvekslingsstudentane i Tyskland, og endå fleire i Finland.
Dette gjenspeglar den generelle tendensen til at utdanningstilbodet i destinasjonslandet, saman med etterspurnaden i heimlandet er avgjerande for kva og kvar folk studerer. På same måte ser ein at behovet for folk med økonomibakgrunn i asiatiske land fører til at mange studentar frå denne delen av verda studerer økonomifag i Australia og på New Zealand.
Helsestudentar ser mot aust
Eit kjend fenomen her heimefrå, som også kjem fram i undersøkinga er at studentar innan helsefag gjerne reiser til Aust-Europa. I tillegg er Belgia, Italia og Spania vanlege mål for studentar innan dette fagfeltet. Dette er fordi det er der ein finn færrast restriksjonar på opptak til desse studia.
Økonomifag på topp
Økonomifag, saman med jus og samfunnsfag som er mest populære mellom dei internasjonale studentane. Dette fell saman med at desse faga er mest populære også hjå studentane som vel å halda seg heime.
Ingrid Eidsheim DaaeEn kommentar
Det er litt rart at en vil definere ut konstruksjons, jordbruk og ingeniøremner vekk fra naturvitenskap, da disse fagområdene stort sett er naturvitenskap bare i en mer andvendt form...













