Medarbeidar tilstår:
– Universitetskåring var berre tull
THE-lista bygd på mangelfull informasjon.
Sidan 2004 har magasinet Times Higher Education rangert verdas universitet. Tidlegare i sommar sto ein medarbeidar fram og innrømte at den prestisjefylte lista er lite verdt.
– Lista hadde tungtvegande manglar, seier Phil Baty til den tyske avisa Die Zeit. Han er ein av personane som i seks år har vore med på å utforma magasinet si rangering.
LES OGSÅ: UiO faller 85 plasser på universitetskåring
For få fagpersonar konsulert
Ifølgje Phil Baty er hovudproblemet at for få fagpersonar er blitt konsulert. Den såkalla «peer review», ei spørjeundersøking der professorar og vitskapleg tilsette sjølv vurderer andre utdanningsinstitusjonar, utgjer 40 prosent av den totale poengsummen eit universitet kan oppnå. Rangeringa frå 2009 baserte seg på meiningane til 3500 personar. Dette er ein alt for liten del av dei millionar universitetstilsette til at det kan seiast å vera representativt, vedgår Baty. Berre 563 personar frå det britiske fagmiljøet vart konsultert. Endå færre tyskarar vart spurd: Frå Europas mest folkerike stat utanom Russland samla ein inn 182 utsegn.
Baty meiner sjølv at dette var årsaka til at visse universitet gjorde påfallande store sprang frå år til år. Freie Universität Berlin hoppa tildømes 43 plassar opp i 2009, då det etter førre årets 137. plass brått var blitt det 94. beste universitetet i verda.
– Vel er skulen framragande, men er det verkeleg mogleg å forbetra seg så drastisk i løpet av 12 månadar, spør Baty.
LES OGSÅ: Rapporteringsfeil skjøv UiO ut av rangering
Skal bli påliteleg
Å rangera verdas høgskular og universitet etter kvalitet er både utbredt og populært. Korleis eit universitet plasserar seg kan òg få store konsekvensar for talet på søkjarar, for tildeling av statlege midlar og ikkje minst for kva professorar som ynskjer seg til lærestaden.
Times Higher Education lovar no bot og betring, og seier at dei i arbeidet med årets liste har teke i bruk sikrare metodar for å overprøva dei ulike universitetas kvalitet.
Maria Torkilsen Horvei4 kommentarer
Denne "nyheten" fra die zeit er da minst en måned gammel. Og kritikken av THE enda eldre.
Den nye rangeringen - med delvis nye kriterier og nytt analysebyrå er alt publisert.
Alle slike undersøkelser har og vil alltid ha betydelige svakheter. Grunnen er at det er umulig å kvantifisere kvalitet. Men: er man med på leken, må man tåle steken. UiO har lenge slått seg på brystet over gode plasseringer. Når verden går dem imot, forsøker man å frata rankinglistene legitimitet. Faktum er at resten av verden orienterer seg etter disse listene, uansett hvor mange krokodilletårer rektor Ottersen klarer å produsere.
Kaia: De er jo klar over at den nye lista er publisert. Sjekk linken;)
Joda, det står. Så der var jeg litt rask.
Men die zeit-artikkelen som siteres ble publisert flere uker før årets THE-liste ble offentliggjort.
Er det ok at en avis lager notiser av månedsgamle hendelser, så lenge de kommer fra utlandet?












