Ny tysk undersøkning: Studentar studerer nesten ikkje
Ein av fire nøyar seg med 20 timar i semesteret.
Ei nyleg gjennomført tysk undersøking av arbeidsvanane til dagens høgskule- og universitetselevar slår hol på den velkjende myta om den hardt strevande student, melder Spiegel.de. Ein gjennomsnittleg student har 12 timar fritid på dagtid.
20 timar på lesesalen i semesteret
Undersøkinga baserer seg på stikkprøver frå fire tyske universitet. Her vart studievanane til studentar frå seks ulike studieretningar på bachelornivå grundig gjennomgått, og resultatet overraska prosjektleiar Robert Schulmeister, utdanningsforskar ved universitetet i Hamburg: 26 timar i veka brukte den gjennomsnittlege student på å studera – og her bidrog ein flittig minoritet til å heva talet timar betrakteleg. Heile 25 prosent av elevane som var med i undersøkinga brukte berre 20 timar på studie i løpet av semesteret.
Skulle kartlegga stort arbeidspress
– Resultatet tok oss på senga, seier Schulmeister til Spiegel.
Målet med undersøkinga var nemleg eigentleg å retta fokus mot det store presset bachelorstudentar jobbar under, etter at det har vore stort fokus på «umenneskelege arbeidskrav til studentar» i Tyskland den siste tida.
– Studentar har i snitt 12 timar fritid kvar dag, held Schulmeister fram.
– Fritid har tydelegvis svært høg verdi for denne generasjonen.
I Tyskland vart det etter Bologna-reformen lagt opp til eit pensum det skal ta1800 timar i året å koma seg gjennom på bachelornivå – det vil sei nøyaktig 40 timar i veka.
Global trend?
Liknande forskingsarbeid frå USA kan tyda på at det ikkje berre er Tyskland som fostrar late studentar. Frå 1961 og fram til 2003 sank gjennomsnittleg lesesaltid per student frå 24 timar til 14 timar i veka, ifølgje ei langvarig undersøking utført under oppsyn av sosiologane Philip Babcock og Mindy Marks. Deira forklaring på endringa: Livet ved sidan av universitetet er vorte viktigare for studentane.
Annleis problematikk i Noreg?
Også norske studentar er blitt slappare. Då evalueringa av Kvalitetsreforma vart lagt fram i 2006, synte den ifølgje forskning.no at norske studentar bruker mindre tid på studie enn før omlegginga av universitetsstrukturen.
Interessant med tanke på norske forhold, er at deltidsarbeid i Tyskland og USA ikkje blir sett på som ein spesielt viktig årsak til at studentar mindre tid på lesesalen. Den tyske undersøkinga syner at gjennomsnittsstudenten arbeidar mindre enn 6,5 timar i veka. Behovet for ekstra inntekt har derimot vorte trekt fram som ein hovudgrunnen til at heiltidsstudenten knapt nok er realitet i Noreg i dag.
Maria Torkilsen Horvei
3 kommentarer
Det er helt sykt hvor stor forskjell det er på hva som kreves for å stå på eksamen i forskjellige fag. Noen venner av meg har bestått fag, eks. diverse psykologifag, som de leste på i en -EN- dag før eksamen. Samtidig må man lese rævva av seg for å stå evt. få gode karakterer i studieretninger som medisin, juss, siv.øk. osv. Hva skjer med det?
Hvilket universitet snakker vi om da?
Hva så om du kan lese én dag og få en D eller E i et laveregradsemne i psykologi? Det betyr ikke at det ikke er like vanskelig å oppnå A i psykologi som i feks juss.
Hvordan skulle man ellers forklare at det finnes studenter som tar årsenheten i psykologi omigjen og omigjen og omijgjen i mange år for å få gode nok karakterer til å komme inn på profesjonsstudiet? (slik er det i alle fall i bergen , vet ikke hvordan ordningen er ved UiO)













