Annonse

annonser i Universitas

Symjekollapsa

Kven: Jarle Aambø Studerte: Idrett, helselære og idrettsbiologi ved Norges idrettshøgskole Når: 1983 - 1987 Aktuell med: OL og Paralympics som Olympiatoppens toppidrettssjef

Jarle Aambø besvimte då han skulle komme seg inn på Noregs idrettshøgskule (NIH). Det synes han det var verdt.

– Det var mange folk på tribunen under opptaksprøva til NIH. Spenningsnivået var høgt, og det var viktig å ikkje dumme seg ut. Det var akkurat det eg gjorde då eg bomma totalt på opningstempoet under symjinga. Eg måtte hjelpast opp av bassenget og svima av etterpå, seier toppidrettssjefen.

Det var harde opptakskrav til NIH, og Aambø utførte sosialpraksis for å samle praksispoeng nok til å komme inn på skulen. På trass av symjekollapsen klarte han opptakshinderet, og skaffa seg hybel på Kringsjå, rett ved sin nye skule. Men studietida vart ikkje heilt som planlagt.

– Eg fekk jobb som landslagstrenar i alpint i løpet av dei første åra på studiet, og det vart etter kvart meir jobb enn studium. Gode medstudentar hjelpte meg med å få gjennomført gruppeoppgåver og innleveringar, mimrar moldensaren, som vart sjef for alpinlandslaget då han var 25 år i 1985 og haldt det gåande fram til OL-året 1994.

No har han som sjef for norsk toppidrett mykje av ansvaret for både suksess og fiasko i OL. Gjennom jobben held han også kontakten med gamle studievener.

– I Olympiatoppen arbeider det mange som har studert ved NIH. Eg omgås dei dagleg i arbeidssamanheng. NIH har vore ein del av livet heile vegen.

Han ser attende på tida ved skulen som ei god tid.

– Det var eit veldig sosialt miljø, og læringsmiljøet var veldig bra. Tida ved NIH bar preg av at det var liten skilnad på engasjementet og det sosiale mellom studentar og lærarar, seier Aambø.

Det er ikkje mykje negativt han har å seie om NIH, men ein ting meiner han dei framleis har forbetringspotensiale på.

– Sjølv om det er ein idrettshøgskule var ikkje forholda for satsing spesielt tilrettelagt for toppidrettsutøvarar. Det er framleis ikkje bra nok.

Han gjekk saman med mellom anna tidlegare landslagstrenar i langrenn Erik Røste og noverande kvinnelandslagstrenar i fotball Eli Landsem. Aambø meiner det på midten av 1980-tallet skjedde ein del endringar innan idrettsmiljøet med omsyn til akademia.

– Ein skulle helst ikkje komme frå NIH om ein ville verta landslagstrenar. Bakgrunn som aktiv var viktigare enn den akademiske bakgrunn. Drillo studerte idrett nokre år før oss og gjorde akademikarane litt stovereine i idretten. Deretter kom vår generasjon.

På trass av gode minner, vil han ikkje gå med på at han saknar skulen.

– Eg bruker ikkje så mykje tid på å sakne. Eg tenkjer heller tilbake på gode minner frå den tida, og føler eg fekk utnytte den fasen av livet på ein god måte.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.

Sexguruen

- Jeg vil helst se det helt alene, men det får jeg ikke lov til av vennene mine. Egentlig har jeg bare lyst til å skulke hver torsdag! Dagen etter Trekant, altså.

Halvstudert Quizkonge

Kanskje er ikke avstanden mellom lørdagsunderholdning på TV og cand. sosiol. på Blindern så stor man skulle tro? Programleder Dan Børge Akerø fullførte aldri studiene på Blindern, men satset på en karriere i NRK.

Frihet og polsk poesi

- Det ble ikke mer enn 10–15 forelesninger i løpet av hele studietiden.

Bondestudenten

HVEM: Daniel Braut

STUDERTE VED: Heltbergs Studentfabrikk og Universitetet i Oslo

NÅR: 1878 – 1883

Snyltestudenten

Syte-snylter Mimir Kristjánsson studerte aldri, men forteller likevel gladelig om sin innbilte studietid.

Utdannelse i to akter

Den nye Operasjefen Per Boye Hansen forteller om sin studietid.


Flere saker fra min studietid »

Annonse

Kjøp bok

Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt

Siste min studietid

2012-02-08 2012-02-01 2012-01-25 2011-11-30 2011-11-16 2011-11-09 2011-11-02 2011-10-26 2011-10-19 2011-10-12 2011-09-14 2011-09-07 2011-08-31 2011-08-24 2011-06-01

Alle minstudietidsaker