Annonse

annonser i Universitas

FOTO: Stéphane Lelarge

Prisa studentavisa

KVEN: Erik Møller Solheim
STUDERTE: Bachelor i amerikansk og britisk litteratur
NÅR: 2001-2005
AKTUELL MED: Boka «En stemme for Obama»

- I likskap med Barack Obama, som gjennom heile livet har vandra rastlaust mellom ulike miljø, handla det om eit dobbeltliv.

Med kvardagsfilosofiske frasar trekkjer forfattaren og journalisten springande liner tilbake til studietida. Han kom seg aldri skikkeleg inn i noko studentmiljø på dei faga han studerte. Andre semesteret på Blindern byrja han å jobbe i Universitas, og vart fort oppslukt.

- Det var veldig stas å jobbe i Universitas. Der fekk eg testa ut teknikkar og vinklar eg aldri ville fått testa ut elles.

Det gjekk mykje i avisskriving for Solheim under studietida. Han legg i veg om kreative krumspring som knapt eigna seg på trykk, langt mindre som praktiske måtar å takle ein travel blindernkvardag på.

- I ei av sakene bestemte eg meg for å stå i flest muleg køar samstundes og prøvde å få det til å gå i hop. Eg trakk ein kølapp på Posten, så på Nordea, så stilte eg meg i kø for å kjøpe mat på Joker og samstundes var eg på vent i studenttelefonen. Det var eit forsøk på å effektivisere studenttilveret, men det enda i kaos.

Den fryktlause kampen mot Blindern sine kølappsystem skulle vera med å gi den seinare forfattaren sin eigen personlege stil. Det handla om å iscenesetja seg sjølv som journalist, og denne kunsten vart praktisert på fleire måtar. Solheim kjem på ei sak der han stod i heisen på SV-bygget ein heil dag og skreiv om alle som kom inn og ut av heisen.

- Det var veldig moro, men eit dårleg utgangspunkt for intervju. Folk kjente seg fanga. Så eg lærte litt om intervjuobjekt også.

Eit intervjuobjekt som Solheim skulle få nærare kjennskap til var Thorvald Stoltenberg. Den tidlegare utanriksministeren figurerte i nettopp denne spalta, og han som skulle intervjue enda opp med å bli servert ein halvtimes foredrag om toalettpapiret sine mange sider.

- Stoltenberg selte dorullar i studietida si, og prata gjerne om det. Korleis han selte det, kva kundar han hadde hatt og så vidare. Eg fekk studietida hans filtrert gjennom dorullar, kan du seia. Det lærte meg eitt og anna om smalt fokus.

Eksperimenteringa som Universitas opna for, meiner Solheim var avgjerande for den skribenten han er vorten i dag. Under presidentvalkampen i USA i fjor gav han seg med som aktivist for Obama, og skreiv i etterkant bok om den oppofrande gjerninga. Igjen handla det om å engasjere seg sjølv direkte i stoffet for å få bringe lesaren nærare opplevinga.

Avisskriveria stod hjartet til den unge bladfyken nær, men det viste seg å også vera plass for romansar av meir menneskeleg karakter.

- Eg var aldri nokon sterk nyhendejournalist i Universitas. Etter at eg hadde skrive ei kritisk sak om redaktøren av Radio Nova, vart ho forbanna og byrja å sende sinte lesarbrev tilbake. Det heile enda med at eg inviterte henne på øl. Og det vart meir enn den eine ølen, seier han lurt.

I desse dagar ventar han barn med kona si. Henne møtte han langt utanfor studentmiljøet sine skjermande veggar.

- Vi studerte faktisk saman. Men eg torde aldri gå bort til henne den gongen.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »