Annonse

annonser i Universitas

FOTO: Brian Olguin

Anarki og 67-arar

KVEN: Thomas Hylland Eriksen STUDERTE: Sosiologi, filosofi og sosialantropologi NÅR:1981-87 AKTUELL MED: Forskningsleiar på CULCOM, UiO.

- Eg likte meg frå dag ein. Allereie da følte eg at eg hadde kome heim, seier Thomas Hylland Eriksen.

Professoren i sosialantropologi fortel om ei aktiv studenttid, der langt meir enn det som stod i bøkene opptok tida.

- Folk dreiv med mange rare ting. Eg var med i Grønt Gras. Vi hadde eit ønskje om miljøansvarleg studentpolitikk, og samla alt frå senterungdomen til anarkistar. Vi stod mot ml-arane, auf-arane og Den Konservative Studentforening. Grønt Gras gjorde det bra, og hadde hovudstyret i studentsamskipnaden. Men så kom det ei skandale i 1983 som gjorde at det heile fall saman. Saka dreidde seg om noko så konkret som lønsnivået blant leiarane i samskipnaden.

I desse åra kom jappetida, noko Hylland Eriksen merka lett, ikkje minst i universitetsmiljøet.

- Eg var på feltarbeid i 1986. Da eg kom tilbake var alle dei alternative gruppene på Blindern borte, seier han.

Han siktar til det han kallar 67-arane, som ikkje må forvekslast med 68-arane. Han identifiserer 67-arane lett.

- Det var gjerne hippieaktige typar, folk som gjekk med Sigrun Berg-sjerf, og slike grøne folk som ville starte kollektiv på Nesodden og dyrke gulrøter. Science fiction-fansen høyrer også med, sidan dei hadde ein alternativ litteratur og definerte seg som underground, seier antropologen.

Hylland Eriksen var i mesteparten av studietida redaksjonsmedlem i den anarkistiske månedsavisa Gateavisa. Der kjende han at han høyrde til.

- Det handla om verdiar eg alltid har hatt, ein kombinasjon av individuell fridom og sosial rettferd. Alt frå hasjrøykande småbrukerar til intellektuelle barrikadestormarar og science fiction-folket tilhøyrde krinsen rundt Gateavisa, minnest han.

Han meiner det ikkje var så strengt med studieprogresjonen.

- Studentane hadde god tid den gongen. Vi kunne surre rundt på biblioteket heile semester. Lånekassa hadde sanksjonar, men det var meir liberalt enn no.

Festar i Etnografisk forening er også vanskelege å gløyme. Desse føregjekk i lokala til fotballklubben Frigg, og vekkjer minner om eit heilt anna universitetsmiljø.

- Det var litt av nokon festar. Dei fullaste var alltid lærarane. Nokre av dei tilsette var gjengangarar der, seier han.

- Var det vanleg at de festa saman med professorane?

- Ja, det opplevdes som heilt naturleg. Det var ei anna tid, og lærarane hadde også betre tid. Ein hadde ei sterk familiekjensle. Den forsvann nok tidleg på 90-talet fordi det vart så frykteleg mange studentar.

Hylland Eriksen rådar studentar i dag til å leite etter heilskapsperspektiv. Han meiner alle bør nytte minst ein dag kvart semesteret til å prøve å sjå det dei driv med i ein større samanheng.

- Kva er det viktigaste du sjølv lærte som student?

- Hm, det er vanskeleg å seia.

- Men du kjende deg vel smartare etter tida på Blindern?

- Nei, eg kjende meg litt dummare. Så lærte eg nok å ha respekt for kunnskap.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »