Kjende seg som pionerar
KVEN: Lars Harald Bøckman
STUDERTE: Kinesisk, historie, antropologi og geografi ved Universitetet i Oslo (UiO), språk ved Peking Språkinstitutt og Peking universitetet.
AKTUELL MED: Forskar ved Senter for utvikling og miljø (SUM), og koordinator for Asianettverket. Vart nekta visum til Kina under dei olympiske leikane i Beijing.
I 1965 reiste ein ung Harald Bøckman til sjøs for å sjå verda. Då han kom til Japan vart han overvelda av kulturen og språket, og ville flytte til landet for å studere. Lagnaden ville det annleis. I Tokyo trefte han nemleg den norske professoren Henry Henne, som var på veg heim til Noreg for å starte det austasiatiske instituttet ved Universitetet i Oslo (UiO). Etter å ha innsett kor stive prisane var for å studere i Japan, følgde Bøckman etter. Japansk vart fort til kinesisk, etter påverknad frå kva han sjølv kallar dårlege venner.
- Dei meinte, heilt meiningslaust, at japansk var ei vulgær utgåve av kinesisk, og lett påverkeleg som eg var, bytte eg språk, fortel han.
Så Bøckman stilte opp hausten 1966 som del av det første kullet i kinesisk ved UiO.
- Det var ei brokete forsamling på 16 stykke. Alt frå professorar i medisin til gamle frøkenar til hippiar. Kinesisk har oppigjennom trekt til seg mange individ med særskilde interesser, for å seie det mildt, forklarar han.
Bøckman seier sjølv han var ein av desse individa, men til skilnad frå mange av dei andre, fullførte han studiet.
- Vi var to stykke, Elisabeth S. Eide og eg, som ikkje gav oss, minnest han.
Ho har han framleis kontakt med. Og det var ikkje berre gode vener han fekk under studietida, kjærleiken dukka og opp på Blindern.
- Det var ei kinesisk dame som kom til universitetet for å undervise oss. Vi er framleis ueinige om det var læraren som gifta seg med studenten, eller omvendt, men vi har vore gift i snart 40 år no, seier han.
60-talet var ei tid i rask endring, kor mange som tidlegare ikkje hadde hatt høve til å studere, fekk moglegheit. Sjølv var Bøckman ein av dei første i slekta si som tok høgare utdanning.
- Eg hadde kjensla av at eg kunne brette opp erma og gå inn i den store verda. Vi kjende oss som pionerar. Vi var jo ikkje det, men det kjendest slik, seier han.
Bøckman minnest at undervisinga på den tida då han byrja, var veldig filologisk og med lite fast undervisning. Han fekk såleis tid til ekstrajobb som bryggesjauer for å finansiere studiane. I tillegg nytte dei tidlege kinesiskstudentane godt av at Lånekassa brukte lang tid på å forstå korleis kinesiskstudiet fungerte.
- Det var ikkje så viktig med normert studietid og å halde takt med studieprogresjonen akkurat. Det viktigaste eg lærte var verdien av å gje tid og rom til å finne ut av ting, avsluttar han.
En kommentar
JAAAAAAAAAAAAAAAAAAA BØCKMAN!













