Annonse

annonser i Universitas

Juss i dass

Marit Arnstad takkar låge krav til studieprogresjon for at ho fekk sortere sjølvmeldingar og vaske doar på Grand.
HVEM: Marit Arnstad
STUDERTE: Juss
NÅR: 1982-1991
AKTUELL MED: Ny nestleiar i StatoilHydro-styret.

- Det var veldig okei å studere på jussen, fortel Arnstad.

I løpet av ni år kom ho seg gjennom dei fem studieåra på Det juridiske fakultet.

- Eg hadde ei ganske lang studietid. Krava til progresjon var nok ikkje dei same då som no, seier ho.

Først hoppa Arnstad av for å arbeide i Juridisk rådgjeving for kvinner (JURK), og så for å arbeide to år i politikken.

- Særleg JURK-perioden gav meg motivasjon og inspirasjon til å halde på vidare, seier Arnstad.

- På den tida var det jo både legitimt og vanleg å drive med andre ting anna enn studia, fortel Arnstad.

Sjølv seier ho at ho gjorde andre ting i fullt monn.

- I tillegg til organisasjonsarbeid og politikk, jobba eg ved sidan av. Ein periode var eg stuepike på Grand Hotell, og ei stund sorterte eg sjølvmeldingar på likningskontoret. Eg fekk mykje rar arbeidserfaring og høve til å vere økonomisk sjølvstendig, noko som var viktig for meg.

- Fekk du tid til å studere opp i alt det her?

-Ja, eg greidde meg godt, sjølv om eg vel gjerne skulle gjort mindre utanom. Men det vart jo nyttig seinare. Eg fekk mange fine moglegheiter fordi eg gjorde det, så det lønna jo seg, men eg kunne nok ha forbetra karakterane mine i ettertid, seier ho ettertenksamt.

Tid til alt saman fekk ho sidan det mellom eksamenane var lite oppfølging, og ein kunne disponere tida slik ein ville.

Arnstad likte godt at jussen låg midt på Karl Johan med kort veg til alt. Det var eit hyggeleg studiemiljø, men ho sakna ein naturleg samlingsplass for studentar i Oslo. Særleg sidan campus var delt mellom sentrum og Blindern. For ein innflyttar til hovudstaden kjendest byen litt stor og framand, og studiemiljøet var ikkje det mest framtreiande.

- Det er lettare for mindre studieplassar å bygge opp eit naturleg miljø rundt studiane, trur Arnstad.

Dei første åra ho budde i Oslo haldt ho hus på Kringsjå Studentby.

- Eg var ein typisk landsens student som kom til Oslo utan særleg med kjende og kontaktar, så eg var avhengig av å kunne bu i ein studentby dei første åra. Det vart Kringsjå først, før eg etterkvart flytta ned i Pilestredet.

Var det mykje fest og moro på jussen då?

- Ja, klart det var. Iallfall ein del. Men eg var ikkje alltid med. Eg var så opptatt i så mange ting utanom studiane, og det var nok ikkje der festmiljøet mitt i hovudsak var. Men eg fekk venar på jussen eg framleis har, så eg var jo med i det sosiale miljøet, understrekar ho.

Marit Arnstad sit på mange gode minner frå studietida, men har ein verkebyll ho gjerne skulle hatt lyst å gløyme: Munnleg eksamen.

- Det var heilt forferdeleg og trasig. Ein seanse eg ikkje ser attende på med glede. Det kunne eg ønske at eg kunne slette frå hukommelsen, smiler ho.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »