Annonse

annonser i Universitas

Uforlikt med AKP

HVEM: Erik Solheim
STUDERTE: Sosiologi grunnfag, historie og statsvitskap mellomfag
NÅR: 1975-80
AKTUELL MED: Klimaforliket

- Eg var i ekstrem grad knytt til politikken, og tenkte på det morgon, middag og kveld, fortel Erik Solheim.

Studietida til miljø- og utviklingsministeren vart ei grundig innføring i internasjonale og utanrikspolitiske spørsmål.

- Det var dei store krisene i verda, og spesielt Kina som opptok meg, fortel han.

Konflikten mellom Arbeidaranes Kommunistparti (AKP) og Sosialistisk Venstreparti (SV) var på høgbluss, og Solheim seier han er glad for at liknande tonar aldri har kome tilbake i norsk politikk.

- Det var ein veldig tøff kamp, og eg har framleis problem med å tenke på kva som kunne skjedd om AKP hadde kome til makta. Dei ville innført diktatur i Noreg. Det var ein viktig kamp å ta, meiner han. Solheim er likevel audmjuk når han kommenterer kunnskapsnivået på debattane.

- I ettertid kan vi sjå at det var heilt andre drivkrefter enn det vi trudde, som dreiv fram kulturrevolusjonen i Kina. Mao kjeda seg, og måtte ha noko å finne på, er ministeren sin konklusjon i dag.

Og frontane var steile. Den tidlegare SV-leiaren fortel om vener både i Arbeidarpartiet og Høgre, men at venskap i det ytterleggåande venstreorienterte landskapet var utelukka.

- Eg hadde absolutt ingen omgang med nokon frå AKP under studietida, understrekar han alvorleg.

Trass intense kampar for demokratiet, er det med glede Solheim hugsar tilbake på ei eksamensoppgåve om innføring av einevelde i Danmark. Historie var faget som engasjerte mest, og den første eksamenen han tok. Solheim hevdar han las heile semesteret, og nemner spesielt professor Kåre Lunden som inspirasjonskjelde.

- Han fekk meg veldig interessert i mellomalderen. På historie lærte eg å tenkje hundreår til hundreår, i staden for dag til dag, seier den erfarne politikaren.

- Er mellomalderen relevant i arbeidet ditt mot global oppvarming?

- Det hender eg brukar gode historier frå mellomalderen. Eg har nemnt Djengis Khan i samband med klimatrusselen. Det er viktig å sjå ting i vår tid i lys av historia.

Solheim fekk lære dei same leksene som så mange andre studentar. Kunnskap kjem gjennom hardt arbeid, og historiske overblikk har verdi i mange av livets samanhengar. Dessutan meiner Solheim at studietida lærte han å prate.

- Konfrontasjonar med Tron Øgrim, Pål Steigan og Sigurd Allern i AKP var svært god trening. Det har eg framleis stor nytte av, til dømes når eg skal presentere budsjett, fortel SV-statsråden.

Solheim sin appell til studentar i dag er at den som er nysgjerrig lærer. Dessutan oppmodar han til å bruke tida på å skaffe nettverk og vener. Sjølv brukte han mykje tid på sparke fotball og drikke øl, og hevdar det er nettverksbygging god som nokon.

- Ein stolar meir på dei ein har drukke øl saman med, sier miljø- og utviklingsministeren.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »