Annonse

annonser i Universitas

Dyrkjøpt rettetast

FOTO: Brian Olguin

HVEM: Helge Simonnes STUDERTE: Siviløkonomstudiet på Handelshøyskolen BI, 1.avdeling juss ved Universitetet i Oslo NÅR: 1983-85 og 1987 (deltid) AKTUELL MED: Administrerande direktør i Mediehuset Vårt Land, som nyleg har kjøpt opp magasinet Ny Tid og Le Monde Diplomatique.

Da Helge Simonnes begynte på Handelshøyskolen BI, som den gongen held til på Bekkestua, var jappetida enno berre ei framtidsvy. Det trur han kan vera noko av årsaka til at han treivst så godt. Simonnes var aktiv i kristengruppa på BI, og dessutan ein ivrig brukar av kantinelokala.

- Dei fungerte som møteplass og ein stad for meiningsutveksling, noko eg framleis er oppteken av at kantina på arbeidsplassen min skal gjera, forklarar den administrerande direktøren.

Sunnmøringen meiner likevel ikkje at han var spesielt aktiv i studentmiljøet.

- Eg var 28 år gammal da eg kom til Oslo, hadde studert ein del før, og var gift. Eg var ganske målretta med å få samla vekttal og å bli ferdig med studiet, forklarar han.

Det viste seg dessutan at jobbinga skulle bera frukter. Etter at den flittige studenten hadde sendt ein artikkel om Tofte Cellulose, basert på ei førelesing av rektor Jørgen Randers, til Dagens Næringsliv, fekk han spørsmål om å tiltre som personleg sekretær for Randers.

- BI var i omforming og det var interessant å vera med på den prosessen, forklarar han.

Også andre ting var i omforming på denne tida. Inntoget av pc-ar, eller «personlege datamaskiner», som ein snakka om den gongen, og utfasinga av den legendariske skrivemaskinen, er noko Simonnes ser tilbake på med både glede og frustrasjon.

-Eg skaffa meg skrivemaskin med rettetast, og var svært nøgd med det. Den kosta meg tre tusen kroner. Men det viste seg jo å vera passe feilinvestert, da, humrar han.

Dei store spørsmåla har alltid interessert den åndelege direktøren, og spesielt problemstillinga «kvifor gjer vi det på denne måten?» har vorte ein viktig del av Simonnes sin ballast frå siviliøkonomstudiet.

- Vi hadde så rare timeplanar på BI, timar som begynte fem på halv ni og slikt. Så viste det seg at ti år tidlegare hadde BI ligge på Frysja, og førelesingane var tilpassa busstidene der oppe. Dette vart etter kvart endra, minnest han.

Trass nytten av studiar i seinare karriere, trur Simonnes at arbeidserfaringa han hadde før studietilveret også kom godt med. Som mangeårig journalist i Sunnmørsposten hadde han vorte van med å skrive mykje, og å ta ut essensen av saker. Det meiner han vart til god hjelp.

Simonnes er ikkje i tvil om at det er sunt for studentar å løfte blikket litt opp frå bøkene.

- Eg trur ikkje det er så dumt at folk sosar litt før dei begynner å studere. Og så er det viktig å vera aktiv i foreiningar, engasjere seg for ei sak, og ikkje bli einøygd, poengterer han.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »