Dyrkjøpt rettetast

Publisert Sist oppdatert

HVEM: Helge Simonnes

STUDERTE: Siviløkonomstudiet på Handelshøyskolen BI,

1.avdeling juss ved Universitetet i Oslo

NÅR: 1983-85 og 1987 (deltid)

AKTUELL MED: Administrerande direktør i Mediehuset Vårt Land, som nyleg har kjøpt opp magasinet Ny Tid og Le Monde Diplomatique.

Da Helge Simonnes begynte på Handelshøyskolen BI, som den gongen held til på Bekkestua, var jappetida enno berre ei framtidsvy. Det trur han kan vera noko av årsaka til at han treivst så godt. Simonnes var aktiv i kristengruppa på BI, og dessutan ein ivrig brukar av kantinelokala.

– Dei fungerte som møteplass og ein stad for meiningsutveksling, noko eg framleis er oppteken av at kantina på arbeidsplassen min skal gjera, forklarar den administrerande direktøren.

Sunnmøringen meiner likevel ikkje at han var spesielt aktiv i studentmiljøet.

– Eg var 28 år gammal da eg kom til Oslo, hadde studert ein del før, og var gift. Eg var ganske målretta med å få samla vekttal og å bli ferdig med studiet, forklarar han.

Det viste seg dessutan at jobbinga skulle bera frukter. Etter at den flittige studenten hadde sendt ein artikkel om Tofte Cellulose, basert på ei førelesing av rektor Jørgen Randers, til Dagens Næringsliv, fekk han spørsmål om å tiltre som personleg sekretær for Randers.

– BI var i omforming og det var interessant å vera med på den prosessen, forklarar han.

Også andre ting var i omforming på denne tida. Inntoget av pc-ar, eller «personlege datamaskiner», som ein snakka om den gongen, og utfasinga av den legendariske skrivemaskinen, er noko Simonnes ser tilbake på med både glede og frustrasjon.

– Eg skaffa meg skrivemaskin med rettetast, og var svært nøgd med det. Den kosta meg tre tusen kroner. Men det viste seg jo å vera passe feilinvestert, da, humrar han.

Dei store spørsmåla har alltid interessert den åndelege direktøren, og spesielt problemstillinga «kvifor gjer vi det på denne måten?» har vorte ein viktig del av Simonnes sin ballast frå siviliøkonomstudiet.

– Vi hadde så rare timeplanar på BI, timar som begynte fem på halv ni og slikt. Så viste det seg at ti år tidlegare hadde BI ligge på Frysja, og førelesingane var tilpassa busstidene der oppe. Dette vart etter kvart endra, minnest han.

Trass nytten av studiar i seinare karriere, trur Simonnes at arbeidserfaringa han hadde før studietilveret også kom godt med. Som mangeårig journalist i Sunnmørsposten hadde han vorte van med å skrive mykje, og å ta ut essensen av saker. Det meiner han vart til god hjelp.

Simonnes er ikkje i tvil om at det er sunt for studentar å løfte blikket litt opp frå bøkene.

– Eg trur ikkje det er så dumt at folk sosar litt før dei begynner å studere. Og så er det viktig å vera aktiv i foreiningar, engasjere seg for ei sak, og ikkje bli einøygd, poengterer han.

Powered by Labrador CMS