Annonse

annonser i Universitas

Livet hardare enn studiane

HVEM: Kaia Karianne Kvenebo Varjord
STUDERTE: Statens Teaterhøgskule
NÅR: 2002-2005
AKTUELL MED: Spelar den nest eldste dottera i Få meg på, for faen på Det Norske Teatret

Kvar kveld spelar Kaia Varjord i Få meg på, for faen. Stykket bygd på boka som har fått heile den norske lesarskaren til å rødme. No er boka vorte scenestykke, og Kaia spelar den nest eldste søstera til Maria.

- Eg byrja på førebuande på universitetet ein gong i tida. Men eg gjekk der berre to veker før eg byrja på Drama- og teaterkommunikasjon på høgskulen. Også var det Teaterhøgskulen etter det. Det vart på fjerde forsøket eg kom inn, fortel Varjord.

Dagen etter eksamen i Drama og teaterkommunikasjon var det opptaksprøve på Teaterhøgskulen.

- Eg var kjempeskjerpa, og greidde endeleg å komme inn.

- Var det verdt alle forsøka?

- Å gå på Teaterhøgskulen er alt. Som ei berg- og dalbane. Det er utruleg slitsamt og utruleg gjevande. Alle eg gjekk i klasse med hadde førebudd seg på det hardkøyret, og så viste det seg at det ikkje var så ille som vi hadde trudd.

Ho løftar fram det sosiale som noko av det beste frå skuletida. Klassen hennar vart ein samansveisa gjeng som fekk kvarandre fram.

- Eg saknar det å ha ein støttande gjeng rundt meg. Å gå på skule er eit privilegium, slikt sett. Ein kjenner av og til at skulen er så ille, men det verkelege livet er tøffare. No er ein jo heilt aleine, seier ho.

- Korleis var det å alltid få tilbakemelding på det du gjorde?

- Når du går på Teaterhøgskulen kan du aldri stikke deg unna. Du gjer mykje bra og du gjer mykje dårleg. Vi var berre ti i klassen, så alle vert synlege. Andre plassar i samfunnet kan ein ofte velje kor tid ein vil ha merksemd, det kunne du ikkje der. Og du får alltid tilbakemelding. Det er litt skummelt, seier Varjord.

Ein gong ho trudde det skulle gå skikkeleg ille var då ho framførte ein «ti minutter,» eit kort lite solostykke alle studentane skulle lage ein gong i året.

- Eg hadde fått ein fiks ide om at eg skulle gjere noko på kanten. Eg hadde funne noko skikkeleg rar musikk og skulle lage noko litt meir absurd enn det eg elles pla, seier ho.

Dagen før trudde ho at alt skulle gå i vasken, at dette berre var tull. Men så trøydde ei venninne støttande til og løfte motet hennar. Då den store dagen kom, var det berre å gå på scena. Briste eller bære.

- Eg dreiv og gjekk tre-fire gongar sakte over scena. Utruleg merkelege greier. Sette på mykje høg musikk og byrja å skrike, seier Varjord leandes.

Neste dag, då tilbakemeldinga skulle komme, var ho nervøs igjen. Sikker på at det kom til å gå gale.

- Også gjekk det ganske bra! Læraren var glad for å sjå meg i ei så annleis rolle enn eg elles var i.

- Kva var det beste med studietida?

- Studietida gav meg så mykje. Det var trygt og godt, og ein saknar det jo. Også gav det meg ein av mine beste venninner. Ho fann eg første dagen, og det kjem til å vare livet ut.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »