Annonse

annonser i Universitas

FOTO: Brian Olguin

Rasa over kjønnsforsking og dagensprisar

KVEN: Preben Z. Møller
STUDERTE: Master sosiologi, bachelor psykologi
NÅR: 2000-2006
AKTUELL MED: Har gitt ut boka «Pen søker trygg» og debattert feminisme og mannsideal i Aftenposten.

- I starten var det spennande og nytt, og eg hadde inntrykk av å vera ein plass med mange kloke hovud. Etterkvart oppdaga eg at nokon folk ikkje var så smarte likevel.

Denne skytsa rettar Preben Z. Møller mot professorane som underviste i kjønn og makt på sosiologi da han studerte ved Universitetet i Oslo.

- Politikk kom i vegen for den kritiske sansen, meiner han.

Møller tok eit kurs i likestilling innan samfunnsvitskapeleg metode, som einaste mannen i kullet sitt.

- Likevel var eg den einaste som stilte spørsmål gjennom heile forelesingsrekkja. Det var ein skikkeleg indoktrineringsleir, meiner forfattaren.

Denne kjensla vart ytterlegare forsterka da masteroppgåva var i hamn. Det skulle nemleg ta tre sensurkommisjonar før Møller fekk den endelege karakteren sin.

- Syttitals-feministprofessorar prøvde å gravleggje masteroppgåva mi, seier han.

Konklusjonen av arbeidet hans var at kvinner er med på å oppretthalde destruktive mannsideal.

- I kommisjon nummer to ville mannen ha meg opp, og dama trekke meg nord og ned. Så ho kjørte på og vann fram. Men mannen anka, fortel Møller, og opplyser om at denne episoden førte til permanent endring av universitetet sine rutinar.

Idag må begge sensorar skrive under på godtak av karakter.

I studietida jobba den omstridde sosiologen mykje, og hadde mellom anna eit arbeidsopphald på Gaustad psykiatriske sykehus.

- Der var verda snudd opp ned. Studentane som jobba der var som oftast dei smartaste, men stod likevel lågast på rangsstigen, seier han.

Møller meiner mange av dei psykiatriske sjukepleiarane hadde eit slags behov for å markere overfor dei stakkars studentane kven som var sjefen.

-Men det var mange hyggjelege sjukepleiarar også, legg han til.

Det var forøvrig ikkje dei kvinnelege medstudentane som inspirerte Møller til å stille spørsmål ved mannsidealet. Han seier han hadde mange kule venninner, og fann seg godt til rette sosialt, sjølv om det vart færre festar etter kvart som pensummengdene auka. Av Blindern-fasilitetane var han spesielt kritisk til prisane på Dagens middag. Møller er sjølv utdanna kokk, og meiner innteningspotensialet vart kraftig utnytta.

- Blindern-kantinene tener grovt. Dei burde kunne kutte prisane med tjue prosent og framleis gå med overskot, hevdar han.

- Kva saknar du med å vera student?

- Å vera meir naiv. All politikken, alle agendaene, det veit ein lite om.

- Hadde du engasjert deg i mannsdebatten dersom du ikkje hadde studert sosiologi?

- Nei, eg hadde nok ikkje det. Så staten har fått god valuta for den investeringa.

2 kommentarer

Studine

Patetisk at han stod. Han burde strøket.

Christina Munthe Hjort

Forferdelig at menn tar våre områder!

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i min studietid

Når alt går på skinner

HVEM: Svein Holden (38) STUDERTE: Juss ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo NÅR: 1993–1999 AKTUELL MED: Statsadvokat og aktor i 22. juli-rettssaken

Alvorlig dagdrømmer

HVEM: Kari Toverud Jensen (51) STUDERTE: Grunnfag kriminologi, sykepleiehøyskole, embetsstudiet i sykepleievitenskap, doktorgrad i pedagogikk NÅR: 1981-82, 1983-86, spredd utover 90-tallet, 2001-06 AKTUELL MED: Rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Langt frå bleik

KVEN: Håkon Bleken (83) STUDERTE: Kunst ved Kunstskulen i Trondheim, Statens kunstakademi, Statens handverks- og kunstindustriskule og Statens sløyd- og teiknelærarskule NÅR: 1948-1954 AKTUELL MED: Utstilling på Galleri Brandstrup i Oslo

Bosnieren uten slips

HVEM: Leo Ajkic (28) STUDERTE: Akademisk skriving, ex.phil. og sosialantropologi ved Universitetet i Bergen NÅR: 2004-2005 AKTUELL MED: Leo og de utstøtte på NRK P3

Kjøtermøter

Bak en stor professor, står det ofte en hund. Men hvem er egentlig disse firbente akademikervennene og hvor mye ligner de sin eier?

Miljøsøsteren

Hun er påtroppende generalsekretær i en av landets største miljøorganisasjoner, og Siv Jensens lillesøster. Studietida brukte hun på å skrive om paringslydene til storkobba.

Frihetsproblemer

- Det var sinnsykt mange penger. Jeg tok dem med hjem og hadde dem i en skuff en natt før jeg satte dem inn i banken, bare for å kjenne på følelsen av å ha dem liggende.


Flere saker fra min studietid »