Draumefabrikkane

Om du drøymer om å bli den neste store stjerna, tek du mest truleg feil. Likevel er det den ideen dyre privatskular vil selja til deg kvar dag.

Publisert Sist oppdatert

Då du var liten strauk mor di deg på kjaken og fekk deg til å føla deg som den mest spesielle i heile verda. «Du kan bli akkurat det du har lyst til», sa ho, og du trudde på ho.

Då du starta på barneskulen skulle du læra å uttrykka deg sjølv. Då du hadde den første samtalen med ein rådgivar i løpet av ungdomsskulen fekk du kanskje vita at det viktigaste var at du gjorde det du hadde lyst til – kun då du vil lukkast.

Ein dag høyrer du om Kunsthøgskulen i Oslo, Teaterhøgskulen eller Westerdals – draumefabrikkane. Sistnemnde går direkte i strupen på deg, med buzzord som «Hollywood», «Netflix», «Snapchat» på reklameplakatane sine. Bodskapen blir skutt direkte inn til den delen av hjernen din som er forelska i stjernelivet og dopa ned på draumen om storheit.

Det er ikkje skodespelaryrket, grafisk design, eller journalistikk som er den nye oljen

Anders Veberg, journalist i Universitas

Derfor søker du skulane med dei trongaste nålauga i landet, prestisjetunge utdanningar som også kan føra med seg store utgifter. Du tek sjansen, fordi du aldri kan tilgi deg sjølv om du ikkje gjer det. Og det er sjølvsagt heilt fint det. Du skal følga draumen din. Men kor gode sjansar har du eigentleg for å nå dette målet?

Boka «Generation Me» av Jean M. Twenge tek opp spørsmålet. Sjølvrealiseringa og draumen om å lukkast i dei store, kreative yrka var dominerande blant amerikanske førsteårsstudentar. I 2004 var det fleire som ville fleire bli skodespelarar og underhaldarar enn veterinærar, tannlegar, seljarar og liknande yrker. Det handlar ikkje berre om å stå på ei scene. 1 av 20 førsteårsstudentar gjekk med ein draum om å gjera det stort i eit av dei kreative yrka.

Twenge skriv ganske treffande: «’Following your dreams’ sounds like a good principle, until you realize that every waiter in L.A. is following his or her dreams of becoming an actor, and most of them won’t succeed». I ein Aftenposten-kommentar av Joacim Lund frå 2012 dukkar Twenge opp att. Der skriv Lund at «me jaktar på den fullkomne lukke, men mislukkast som oftast. Og sidan me er perfekte, kan det umogleg vera vår eiga skuld».

Du treng ingen mastergrad i matematikk for å rekna deg fram til at ikkje alle vil bli noko stort. Likefullt er den store draumen poenget marknadsføringa baserer seg sterkast på – med hell. Gangane til skular der kreative karrierar står i sentrum er fylt opp av perfekte, unge menneskjer med ein draum.

Med ein ny generasjon av stjerner – Snapchat-kjendisar og rosabloggarar – har ikkje tanken om at du kan bli akkurat det du vil blitt svekka – den er blitt meir realistisk enn nokon gong. I «Generation Me» siterer Twenge ein New York Times-artikkel frå 2005: «Reality television has spawned a generation of viewers who feel entitled to be on camera». Artikkelen handla om kanalen Current TV, som vart etablert med tanken om at «alle» kunne komma på TV. Med Snapchat og Youtube som to av dei viktigaste underhaldningskanalane i dag, er det meir aktuelt enn nokon gong.

Med norsk økonomi i fritt fall er det dessutan meir risikabelt enn før å faktisk satsa alt på denne draumen. Medan dei håpefulle i L.A. jobbar på kafé og flørtar for tips, har norsk ungdom vore privilegerte nok til å ha lukrative stipendordningar som gjer same jobben. Med ei flyktningkrise me må bidra til å løysa, og ein oljepris som har stupt, er det mykje som tyder på at me må innstilla oss på ein annleis velferdsstat. Skodespelarspirer i Noreg må, med andre ord, kanskje innstilla seg på å flørta for tips, i staden for å leva på eit sjølvrealiseringsstipend.

For det er på ingen måte gratis å kasta seg etter draumen. Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) og Teaterhøgskolen er rett nok utan semesteravgift, men med ein skyhøg terskel for å komma inn er løysinga ofte privatskular og kurs til fleire hundre tusen i forkant av søknaden. Reine utgifter er éin ting – tida du brukar på å jaga håplause draumar utgjer også ein stor sum etter kvart.

Då mor di sa at du var spesiell, var det ikkje eit løfte om at du skulle ta over verda

Anders Veberg, journalist i Universitas

I forarbeidet, eller under den faktiske utdanninga, er det også naturleg å søka mot alternativ som Westerdals, Esmod, Norges Kreative Fagskole og NISS, med skyhøge semesteravgifter. Likevel er søkartala høge. I 2011 såg Universitas nærare på kunstnarutdanningane og betalingsalternativa deira. Til dømes kom 14,4 prosent av søkarane inn på KHiO sin bachelor i visuell kommunikasjon. På grafisk design hos Westerdals var talet 15,5 prosent, og søkartalet dobbelt så høgt i utgangspunktet.

Då Westerdals såg rekordhøge søkartal i 2013, sa dåverande rektor Tom Kvisle til Kampanje.no at 85 prosent av studentane får jobb innan tre månadar etter studieslutt. I same intervju kjem han også med nesten klarsynt kritikk mot overdriven fokus på utdanning av oljeingeniørar. «Det skjer veldig mykje verdiskaping i kreative yrker og det er jobbar der det blir gjort mykje samfunnsnyttig aktivitet. (…) Alle kan ikkje jobba med oljeutbygging», sa Kvisle.

Han poengterer at det er mykje mellom oljeingeniørar og ballettdansarar – noko han også har heilt rett i. Men det er ikkje skodespelaryrket, grafisk design, eller journalistikk som er den nye oljen. Og sjølv om me også vil ha bruk for designerar og ambisiøse journalistar, er det på tide å opna auga for ei bitter sanning:

Då mor di sa at du var spesiell, var det ikkje eit løfte om at du skulle ta over verda. Då skulerådgivaren sa at du måtte følga draumen din, og gjera det du ville, var det tenkt innan realistiske rammer. Då Beyoncé fekk heile verda til å eksplodera i kollektiv begeistring i pauseshowet under Super Bowl, er det fordi usannsynleg mange faktorar har klikka akkurat for ho – og det vil diverre ikkje skje med deg, sjølv om du er ein av dei heldige som kom inn på KHiO.

Powered by Labrador CMS