Med stødig hand leier Tom Byberg Torstensen quizen på Shamrock torsdag etter torsdag.

Variert og rutinert

På Shamrock er spørsmåla gode, men mellom dei er det for stille.

Pubquiz, Shamrock

Torsdagar kl. 19.00

1. premie: Overrasking

Ølpris: 0,5 Hansa: 59,–

Quizmaster: Tom Byberg Torstensen

Quiztype: Allmennquiz

Ukens nøtt: «Kva farge tillegg ein gjerne sladderpressen?»

Kreativitet: 4/6

Spørsmålskvalitet: 5/6

Vanskelegheitsgrad: 5/6

Vinnarsjansar: 3/6

Stemning: 3/6

– Namnet mitt kan du få, så lenge det ikkje er til politiet, for brot på ei quiz-lov, ler Tom Byberg Torstensen når Universitas ber om å få namnet hans til anmeldelsen. Den muntre mannen har styrt pubquizen på Shamrock sidan juni i år. Han kunne godt ha tillate seg litt meir munterheit også når han les opp spørsmåla. Til tider vert det i tørraste laget, særleg sidan han heller ikkje serverer noko musikalt innslag i tenkjepausane. Det siste gjer det òg vanskelegare å diskutera spørsmåla innad i laget, hemma som me er av frykta for at folka på nabobordet sit me øyrene på stilkar.

Quizen går over to rundar, med 25 spørsmål i kvar. Quizmaster Torstensen startar med kosekategorien «Lett blanding», og for ei stakka stund trur me dette skal bli lett match. Vanskelegheitsgraden stig imidlertid fort, og hamnar på eit nivå der alle kan litt, men ingen kan alt. Innimellom hamnar me i heilt ukjend farvatn, som i kategorien «Piratar». «Trønderar» må vel òg seiast å vera for spesielt interesserte, sjølv i Movember. Uansett, variasjonen er god, og mange av spørsmåla er utforma med fine små hint, slik at «Ååh, det burde eg ha skjønt!» vert ein tilbakevendande tanke når me til slutt får vita svara. I tillegg er quizen krydra med nokre «tretrinns-rakettar», som Torstensen kallar dei, tre spørsmål med ulik poeng-verdi, der ein sjølv må velja kva for eit ein vil svara på.

Nesten tredve lag har teke turen denne torsdagskvelden. Dei verkar forøvrig å vera dei same laga som var her førre torsdag og torsdagen før der igjen. Klientellet ser ut til å vera ein variert, men også rutinert, gjeng. Lokalet er nokså stort, og på ein iskald haustkveld var ikkje temperaturen høgare enn han måtte vera. Fleire sat lenge med jakkene på, hadde dei skrudd opp termostaten eit par hakk, hadde nok stemninga følgd på i same retning.

Powered by Labrador CMS