Kunnskapens teater

Harde benkar, dårleg plass til notatblokka og augene festa på førelesaren. I nokre førelesingssalar er det derimot verdt å heva blikket.

MODERNE: I Frydenlunds gamle produksjonslokaler i Pilestredet, har studentene ved Høgskolen i Oslo og Akershus blant annet forelesninger i Auditorium III. Auditoriet ble reist i 1998, med 4B Arkitekter som utformere.
FØR KRIGEN: Store fysiske Auditorium i Fysikkbygget på Blindern ble reist i 1936, og arkitektene Finn Bryn og Johan Ellefsen sto bak utformingen.

Frå prangande, storslåtte, nærast ballsalar frå byrjinga av 1900-talet, til praktiske, funksjonelle og teknologiske auditorium anno 2011. Ulike rom er bygd i ulike tider, og det pregar både kommunikasjonen mellom studentar og førelesarar i tillegg til det estetiske og funksjonelle. Som student oppheld ein seg i desse romma kanskje kvar dag, utan å tenka på at romma er representantar for både teknologisk, estetisk og historisk utvikling. Vi tok ein nærare titt på kva Oslos forelesningssalar har å by på.

Av Blindern sine førelesningssalar er Store Fysiske Auditorie, eller «Store Fy» på folkemunne, ein av dei eldste travarane, der studentar har gått inn og ut sidan 1936. Planlegginga av Blindern-universitetet starta i 1923, og teikningane av eit nyklassisistisk bygg likt universitetet i Karl Johans gate var klare. Men etter at arkitektduoen Bryn og Ellefsen som hadde vunne arkitektkonkurransen reiste på studietur i Europa, vart planane endra. Nyklassisismen vart sett på som lite moderne, og fysikkbygningen fekk i staden eit funksjonalistisk formspråk. I sterk kontrast til det som opprinneleg var planlagt, blei det nå mangel på ornamentering, vektlegging av reine linjer og klar geometri som var viktig.

– Det var svært typisk på denne tida at ein bygde ein bygning rundt ein akse. Her i fysikkbygningen vart då to auditorium plassert speglvendt mot kvarandre, mot inngangen og foajeen, fortel Unni Bingen, arealkoordinator ved fysikkbygningen.

Bygningen skulle vera funksjonell og praktisk, men ein hadde ikkje mykje teknologi å støtta seg på. Behovet for naturleg lys var derfor viktig under planlegginga av auditoriet.

– Store Fy er innretta slik at det har naturleg lysinntak frå begge sider, men utan direkte lys på podiet. Slik unngjekk ein motlys. Dagslys og god utsikt frå salen var viktig sidan ein skreiv på tavlene med kritt, seier stipendiat ved Arkitekturhøgskulen (AHO) Halvor Ellefsen.

I dag er det eine opprinnelege auditoriet bygd om til lesesalar og kontor, mens det andre auditoriet er bevart slik det såg ut på 1930-talet. Sjølv om det er restaurert nokre gonger sidan då, har ein likevel valt å behalda stilen slik som det opprinneleg såg ut; med den funksjonelle og tradisjonelle auditoriumsforma, reine linjer, grønne benkar og bordplater og eit galleri øvst.

– Auditoriet er verkeleg verdt å bevara slik det vart bygd, men me har likevel eit ynskje om å gjera ting litt meir moderne. Det blir ofte dårleg luft her inne med lite luftemogelegheiter, benkane er harde med liten plass til beina, og straumuttak for studentar er vanskeleg å finna, seier Bingen.

– Men auditoriet er jo svært vakkert, og det er mange som har sete i desse seta. Blant anna har NRK og Norsk film brukt fysikkbygningen og Store Fy som kulisse i mange program, og vignetten til Dagfinn Lyngbø og Anne-Kat. Herland sitt program «Big Bang» er spelt inn her, fortel ho.

Under bygginga av fysikkbygningen på 1930-talet inngjekk Oslo Kommune og Gustav Vigeland, som var godt i gang med utforminga av Vigelandsparken, ein avtale.

– Ein skulle kunna sjå monolitten frå toppen av fysikkbygningen. Ein skulle også ha klar siktlinje oppover mot Campus, fortel Unni Bingen. På grunn av dette måtte kjemibygningen som vart reist seinare bli bygd delvis nede i jorda, og Universitetsbiblioteket vart plassert lenger ut til sida enn det som eigentleg var planen.

30 år seinare fekk studentane eit nytt og annleis auditorie å gå inn og ut av- Sophus Lies Auditorium, som har dei einaste bevarte garderobane på Blindern, skil seg endå ut frå dei fleste salane ein finn på Blindern.

– Mens fysikkbygningen sine auditorie er integrert i bygningskroppen, er Sophus Lies Auditorium utforma som ein eigen bygningsdel på campus og ei «storståve» i Blindern-anlegget, fortel Ellefsen.

– Bygget er utforma for å kunna samla massane på universitetsinstitusjonen under eit felles tak etter modernismen sine kollektivistiske ideal.

Bygningen og auditoriet har høg materialkvalitet, der mesteparten er bygga i betong, stål, tegl og naturstein. Dette var eit bygg som var meint til å vara, og det har det gjort. I 1990 vart auditoriet rehabilitert, men ein ville også her bevara det slik det opprinneleg såg ut. Auditoret er sekskanta med midtgang og inngang bak i midten, som representerte ein ny måte å tenka auditorium på.

– Inngangsareala til bygget er plassert under dei øvste tribunane, og ein vert introdusert for undersida av auditoriet når ein entrar den formelle foajeen. Slik får ein også utnytta undersida av det skråande bygget i salen, fortel Ellefsen.

Men Blindern-bygga har ikkje alltid hatt det beste rykte hjå både studentar og førelesarar. Bygga har blitt kritisert for å vera sterile, tunge og framandgjerande, og for å symbolisera streng akademia, alvor og hard kunnskap. Sett deg ned på lesesalen og bli der, les alt du maktar og følg med på det førelesaren seier utan å stilla spørsmål. Ellefsen trur 60-talsarkitekturen no vert sett på med nostalgiske auger, noko som kan gjera at Blindern framstår meir sjarmerande for studentar no enn for eit par år sidan.

– Det er ein kjent sak at bygg, når dei får ein tilstrekkeleg alder, kan oppnå ein status som retro. Endringar i byen forøvrig kan gjera Blindern mindre «kald», og den distinkte old school-ideologien bak kan bidra til at folk får større forståing for prosjektet i staden for å føla seg trua av det, fortel han.

I 1966 var forma på Sophus Lies auditorium banebrytande, mens det i dag er teknologien som er hovudfokus i bygginga av nye auditorium. Etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet vart det i 2006 starta på eit nytt informatikkbygg i Forskningsparken. Bygget stod klart til bruk i 2011, der «Auditorium Simula», eit teknologisk vidunder forma som eit amfi og kledd i eik, var meint å vera bygget sin juvel.

Tavleundervisning er eit ord som ikkje eksisterer her, der den tradisjonelle tavla er erstatta av heile 40 tv-skjermar satt saman til ein stor skjerm. Ein får betre kvalitet på bildet, i tillegg til at ein har mogelegheita til å visa fleire media samtidig.

I dette auditoriet slepp ein også ein raudblussa førelesar som må bruka all si stemmeprakt for å nå fram til dei bakarste i lokalet. I taket er det lagt spiler som dempar lyd, som gjer at ein kan halda føredrag for 300 studentar utan mikrofon, og alle tilhøyrarane høyrer like godt. Det er også lagt inn ein stor, rund mikrofon i taket som gjer at om det blir opna for diskusjon vert mikrofonen automatisk kobla til den som snakkar.

Er du ein av dei som ofte kjem for seint til førelesingar og må snika deg inn forbi førelesaren slik at alle kan sjå og peika, burde du håpa på å få førelesingar i Auditorium Simula framover. For å koma inn til auditoriet må ein gå igjennom eit forrom bakarst i salen, slik at ein lett kan snika seg inn utan at nokon merker det. Eit vindauge mot salen inne i slusa gjer også at ein kan fort sjå om ein er komen riktig eller ikkje.

Halvor Ellefsen meiner at til tross for den tunge tekniske infrastrukturen rommet har, har utforminga av det også ein symbolsk verdi.

– Rommet er formgitt som eit tradisjonelt auditorium og har ein materialitet og estetikk som refererer til auditoriet sin symbolske rolle i akademia. Eit formelt og nærast autoritært podie vendt mot stringente tribunar for lydhøyre studentar, som igjen vert brutt opp av teknologien sine mange mogelegheitar. Auditoriet representerer det institusjonelle, formelle og lesbare; her vert det formidla kunnskap! fortel Ellefsen.

FUTURISTISK: Forelesningssalen på Handelshøgskolen BI i Nydalen med det klingende navnet «C2 005» ble reist i 2005, med B+B arkitekter som hjernene bak.

På Handelshøgskulen BI finst det derimot fire auditorium der det ikkje er teknologien som er midtpunktet, men førelesaren. Slike klasserom vert ofte referert til som rom med «Harvard-style», som tyder eit hesteskoforma auditorium med skrivebord og laptop-mogelegheiter der førelesaren kan velga å stå midt i rommet. Utforminga skal gjera det lettare med interaksjon mellom talar og tilhøyrar, ein har lett overblikk over dei andre tilhøyrarane og kommunikasjonen er meint å vera enkel og direkte.

– Enkeltstolane understreker at her er det snakk om ei samling individ og eit ynskje om fleksibilitet. Det einaste faste inventaret er benkeflatene som skiljer nivåa. Stilart er kanskje ikkje så viktig når ein ser på slike rom – men interiøret snakkar og framstår som executivt og businesslike i beste BI-stil, fortel Ellefsen.

Tradisjonelt vart førelesingssalar bygd med form som eit amfiteater, men denne måten å bygga auditorium på har i dei seinare åra vorte utfordra av teknologi og vitskap. Ellefsen meiner likevel at grunnprinsippa innan auditorieutforming er mange av dei same i dag, som før.

– Tradisjonelle førelesingssalar er bygd opp som amfiteater på grunn av at ein hadde eit ynskje om god synlegheit, men også god akustikk. Ein ville ha ein sal som kunne bæra stemma langt. I dag fokuserer ein også på dette, men behov som tidlegare vart løyst gjennom utforming er i dag ofte løyst teknologisk, fortel Ellefsen.

I nye salar har til dømes elektrisk lys i prinsippet erstatta naturleg lys, ein treng nesten ikkje vindauger lenger for å ha eit godt fungerande auditorium.

Eit slikt auditorium finn ein på HiOA. Salen er eit tradisjonelt forma, men moderne auditorium, utan mange teknologiske duppedittar. Rommet framstår klinisk og formelt, men også svært funksjonelt.

– Tida rundt år 2000 er kanskje powerpointens glansperiode framføre noko anna. Mens Auditorium Simula er ei øving i hightech-tenking, er Auditorium 3 eit auditorie bygd rundt powerpoint-presentasjonen, skriveblokka og the occasional laptop, forklarer Ellefsen.

Berre på eit tiår ser ein ei stor utvikling frå korleis auditorium vert bygd. I år 2000 var powerpointen den store teknologiske nyvinninga, mens det i 2011 vert sett på som avleggs og gammaldags å bruka denne formen for teknologi. Korleis auditoria i år 2022 blir er opp til fantasien å avgjera.

ÆRVERDIG DINOSAUR: Gamle Festsal i Domus Academica i Karl Johans Gate ble reist allerede i 1852, med Christian Heinrich Grosch som arkitekt.

Det eldste, og kanskje mest prangande og majestetiske auditorie ein finn i Oslo, er Gamle festsal tilhøyrande juridisk fakultet i Karl Johans Gate. Auditoriets røter går heilt tilbake til nasjonsbygginga på byrjinga av 1800-talet, da Noreg hadde eit behov for eigne sjølvstendige, nasjonale institusjonar. Etter mykje om og men vart arbeidet på tre universitetsbygningar, deriblant Domus academica som rommar Gamle festsal, påbyrja, og stod ferdig i 1852. Men studentane fekk ikkje nytt godt av dei nye bygga heilt med ein gong. Stortingsrepresentantane hadde nemleg ingen stad å opphalda seg, dei heller, så Gamle festsal fungerte som møtesal for Stortinget dei fyrste 11 åra. Auditoriet er no freda, mykje på grunn av at salen er svært eksklusivt detaljert.

– Auditoriet er i dag ein ynda stad for disputasar. Det reflekterer nok at formelle representasjonsrom med historisk og politisk verdi framleis er ynskja i akademia – på tross av all verdas teknologi og massemedia, seier Ellefsen.

Powered by Labrador CMS