AMBISJONAR: Akademia, musikk og kjærleik er det Linnea Dale (20) er mest opptatt av.

Blindern-idolet

Linnea Dale forlot Donkeyboy og reiste til USA for ikkje å la eigne ambisjonar bleikne. Der fann ho seg sjølv i ei gate i Los Angeles.

Publisert Sist oppdatert
UIO, I (L) U: -- Eg elskar å gå på Blindern, seier Linnea Dale.
ALT HENG SAMAN: Linnea meiner at den beste måten å læra på er å kasta seg ut i noko ein ikkje heilt kan.

– Musikar- og turnélivet kan vera veldig isolert. Det er venting og reising heile tida, og eg har sakna vennane mine mykje. Eg tenker at det er som ein syklus som går opp og ned, og der hjelper bøkene og Blindern meg mykje i nedeperiodane.

Den unge musikaren er ferdig med Idol. Ferdig med Donkeyboy. No sit ho på Café Laundromat med ei påbyrja bachelorgrad i estetikk og ei ferdig soloplate i bagasjen. I sin siste musikkvideo dansar ho på toppen av ein ås med draumane sin by, Los Angeles, i bakgrunnen. Vegen som har ført ho dit har vore fylt med det ho trur er skjebnebestemte tilfeldigheitar.

Historia om Linnea starta i Tinn i Telemark, der ho hadde alt for mykje tid aleine.

– Eg var veldig klar for å flytta heime frå allereie då eg var 16 år, eg ville til ein større by. Oslo er lite det også, det er som ein liten landsby der ein møter på dei same folka heile tida, men ein har likevel ein sjanse til å gøyma seg litt vekk.

Som 16-åring deltok den unge artisten med sjølvskrivne songar i Idol. Det angrar ho ikkje på.

– Sjølv om eg sleit med å finna min plass i det konseptet Idol var, så gav det meg mykje. Det å kasta seg ut i ting ein ikkje heilt kan trur eg er veldig lærerikt, seier ho.

– På grunn av at eg var med i Idol vart eg med i Donkeyboy, og på grunn av Donkeyboy fekk eg sjansen til å laga mitt eige soloalbum. Alt heng saman.

– På grunn av at eg var med i Idol vart eg med i Donkeyboy, og på grunn av Donkeyboy fekk eg sjansen til å laga mitt eige soloalbum. Alt heng saman.

Donkeyboyhiten «Ambitions» låg imponerande 52 veker på VG-lista, noko som resulterte i VG-listaturneen hausten 2009. Backstage møtte ho produsent og Bigbang-vokalist Øystein Greni.

– Eg sendte låtmateriale mitt til Øystein, og han likte det heldigvis veldig godt. Då han inviterte meg til studioet sitt i LA kasta eg meg rundt, skrapa saman pengar til flybilletten og avlyste alle avtalar. Eg måtte jo berre dra!

Linnea smiler med heile ansiktet og pratar engasjert. Henda hennar finn aldri ro.

– Det var eit naturleg steg for meg å ta å gå ut av Donkeyboy og heller fokusera på eigne ting. Eg skulle berre vera i bandet midlertidig, eg har heile vegen hatt planar om å gjera ting på eigenhand.

– Men Donkeyboy har jo hatt stor suksess, og mange meiner at bandet mista alt då du bestemte deg for å slutta. Kva tenker du om det?

– Ein ser no at Donkeyboy klarar seg heilt fint utan meg. Eg meiner at nøkkelen til suksess er at det ligg gode låtar i botnen, og det har Donkeyboy. Eg har vore med på ein suksess, noko som gjer meg meir rusta til å stå på eigne bein.

Under låtveka Linnea hadde i LA saman med Øystein Greni brukte dei mykje tid på å høyra på musikk som inspirerer dei. Charlotte Gainsbourg, Cat Power, PJ Harvey og Tom Waits. Etter opphaldet gjekk turen fort tilbake til LA, då for ein lengre periode med innspeling av songar og produsering av album.

– Plata er som eit slags moodboard eller dokumentasjon frå dei vekene eg var i LA. Studioet til Øystein ligg i Echo Park i Lemoyne Street, som også naturleg nok vart namnet på plata, seier ho.

Halvparten av songane på albumet har Dale skrive frå ho var 16 år til no, den andre halvparten har ho laga saman med Greni.

– Er sounden på plata prega av at du har laga den saman med Greni?

– Øystein er jo produsenten av plata, men eg føler meir at han var som ein slags mentor som pusha meg til å gjera ting. Det kan ofte vera vanskeleg å vite kva som er bra og dårleg, der har han hjelpt meg mykje. Me planla ikkje korleis sound plata skulle ha, den kom berre av seg sjølv, men eg var opptatt av at produksjonen skulle vera mest mogeleg minimalistisk. Dei fleste songane har eg jo laga aleine ved pianoet. Det ville eg få fram på plata også.

Coveret på debutalbumet viser eit bilete av Linnea og ekskjærasten hennar, som ho var saman med under innspelinga av plata. Ho fortel at mykje av grunnen til at han er med på coveret er fordi at han har eit stort krøllete hår, ganske likt håret til Bob Dylan.

– Ein surfekompis av Øystein hadde med seg eit kamera ein dag me var i Lemoyne Street, og han tok bilete av oss i gata. Det var eigentleg ikkje meint som ein fotoshoot til noko, men me tykte at bileta var så fine at dei er i heile albumcoveret. Dei blei naturlege på grunn av at dei ikkje var oppstilte på nokon som helst måte, og det likte eg. Men no har eg fått ein ny kjærast då…

– Kva synst han om at eksen din er på coveret?

– Det må han berre tåla, svarar ho med eit lurt blikk.

– Og tekstane dine handlar ofte om kjærleik?

– Ja, det er jo dét livet handlar om! Og det ein snakkar mest om og tenker mest på. For meg blir det heilt naturleg å skriva tekstar om det.

Musikkvideoen til låta «Children of the Sun» er også spelt inn i LA, mykje av den i nettopp Lemoyne Street. I videoen dansar Linnea rundt i gatene iført ein kvit, gjennomsiktig, blomstrete topp med det mørke håret flagrande rundt seg, som om ho var med i ein klesreklame. På spørsmål om ho tenkjer mykje på imaget ho har, svarar ho alvorleg.

– Eg har prøvd å tona ned den imagegreia litt. Eg vil ikkje at det skal stå i vegen for musikken eg lagar. Men ein vil jo ikkje ta seg dårlig ut heller.

I februar spelte den unge musikaren sin fyrste solokonsert. Og det på Bylarm, som er kjend for eit over gjennomsnittet kritisk publikum.

– Huff, Bylarm var skummelt. Det var ein veldig underleg setting, med så mykje bransjefolk som publikum. Eg veit ikkje heilt korleis det gjekk, eg, for å vera heilt ærlig.

Linnea ser nervøst ut vindauget. Blikket hennar flakkar, og ho gøymer andletet bak det mørke håret.

– Men kritikarane likte det?

– Ja, dei fleste gjorde det! Så eg er eigentleg veldig fornøgd. Håpar berre det same skjer når plata mi er ute.

Førre veke sendte dei nemleg plata til trykk. No er det ingen veg tilbake.

– Plata er sendt og det er ingenting eg kan gjera med det no. Det er så deilig å vera ferdig. Og veldig, veldig spennande.

På grunn av Idol og fråsparket med Donkeyboy fullførte ikkje Linnea musikklina ho byrja på ved Skien vidaregåande skule. Då ho turnerte rundt med Donkeyboy tok ho likevel eksamenar som privatist, og fekk til slutt vitnemålet sitt. I august i fjor byrja ho å studera estetikk med litteraturvitskap som fordjuping ved Universitetet i Oslo.

– Eg elskar å gå på Blindern. Den fridomen det gir passar meg perfekt. I jobben som musikar er det ofte svært intense periodar med mykje jobbing, for så å gå over til periodar der det er ingenting som skjer. Då er det godt å ha Blindern å venda tilbake til, det inspirerer meg.

– Er draumen å bli både akademikar og musikar?

Linnea ler.

– Ja, det høyrest eigentleg perfekt ut! Eg skal i alle fall forsetta på Blindern. Men den eigentlege draumen er å kunna leva av å laga plater. Til no har eg levd på pengane eg fekk frå Donkeyboy-suksessen, som også har finansiert Lemoyne Street. Pluss studielån då …

Powered by Labrador CMS