Annonse

I eit kunstverk: Gjengen bak One Night Only med god utsikt over sine eigne lokaler.

Berre for ein kveld

Kunststudentane bak One Night Only Gallery ynskjer å gjera Oslo ein betre by å bo i – for seg sjølv og for andre.

Bildeserie (17 bilder)

Installering>: Alt er ikkje på plass før like før opning. Det er likevel tidsnok.

Pause: Kunstnar Nicolai Schaaning Larsen tek ein pause i installeringa dagen før utstillingsopning. Malinga treng tid til å tørka.

– Syns du eg skal behalda den?
Det er måndags kveld. Novemberkulda verkar å ose direkte ut av Akerselva, og dei som har høve til det trekk seg så langt unna som mogleg. Hasjsalet går etter alt å dømma dårleg i kveld. I lokala til Unge Kunstneres Samfund (UKS), eit steinkast unna nærmaste langar, skal ein utstilling opna om nøyaktig to minutt. Kunstnaren har framleis ikkje heilt bestemt seg for kva verk som eigentleg fortener å møta offentlegheitas blikk, men det verkar ikkje å uroa nokon av dei involverte. På kjøkkenet er ei tjueliterspanne med indisk gryte klar, og kassene med øl er stabla opp bak bardisken. Spelelista på mac`en er inne i tredje låt allereie. På One Night Only Gallery har ein vore ute ei vinternatt før.
Nokre timar i førevegen, i dei same lokala, sitt fire gutar rundt eit bord og ler medan fotografen tek bilete av dei. Som studentar på Kunstakademiet ved Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) er dei framleis ikkje heilt vande med situasjonen – men så er det vel heller ikkje ein heilt vanleg situasjon. Kvar måndag opnar Mohamed Ali Fadlabi, Tito Frey, Jon Benjamin Tallerås og Erlend Grytbakk Wold dørene til ein ny utstilling i galleriet ved Akerselva. Når tysdagen kjem er utstillinga vekke.

– Det blir mykje mindre pretensiøst på den måten. Ein kan testa ut ting, utan å måtte bekymra seg for at det skal stå i to veker og bli ihelanalysert, seier Jon.

Det einaste kunstutstillinga består av er opningskvelden. Med hjelp av samarbeid og dugnadsand har dei bygd opp eitt av dei mest levande og spanande visningsromma for kunst i Oslo – og dei har ikkje tenkt å gje seg med det fyrste.

Men for å ta det frå byrjinga: Sommaren 2008 var det hektisk aktivitet i St. Olavs gate 32 i Oslo sentrum. Siste akkord var spelt på utestaden Spasibar, nabo til den gamle Kunsthøgskulen. Etter ein myteomspunne avslutningsfest sto lokala til slutt tomme, men fleire ivra for at det ikkje skulle halde fram på den måten. Kunststudent Fadlabi hadde ein idé om kva som kunne gjerast, og han fekk fort med seg to medsamansvorne – Erik Senje, som etter ei god stunds innsats trakk seg ut, og Tito, som no spring fram og tilbake mellom kjøkken og intervju for å sikra at kveldas suppe ikkje svir seg.

– Tanken var at studentar skulle har ein stad å visa fram det dei dreiv med. Me spurte rett og slett medelvar om dei hadde lyst til å stilla ut i galleriet vårt, forklarar han.
Sidan den gong har konseptet utvikla seg. Jon og Erlend kom inn i prosjektet tidlegare i år, og gjengen er godt nøgde med kva dei har fått til så langt. Måndagsopningane har for lengst etablert seg som eit fast innslag i byens kunstliv, programma består av ei frisk blanding etablerte og uetablerte namn. Frå å ha gått frå person til person for å finna utstillarar, er det no kunstnarane sjølv som søker om å få stilla ut. I haust var programmet fram til nyttår fyld opp mange månadar i førevegen.

– Folk har skjønt at det me driv med er bra, noko som har ført til at eit breiare spekter av kunstnarar som ynskjer å stilla ut hjå oss, seier Fadlabi.
Dei gamle romma i St. Olavs gate forlot dei tidlegare i haust: Etter den storstilte flyttinga av KHiO til Seilduken, måtte gutane ut på jakt etter nye lokale. Heldigvis fant dei ei svært god ordning med UKS som sette rom og erfaring til dei sjølvlærte galleristane sin disposisjon.
Godt hjelpt av at øl tydelegvis er på huset, er stemninga nokre timar før opning upåklageleg. Frå kjøkkenet sprer det seg ein eim av krydder og lammekjøt, og samtalen rundt bordet har allereie spora av til lattermilde gjenfortellingar av sære kunstopplevingar og minneverdige opningskveldar.
– Kva er den viktigaste motivasjonen for å gjera dette?

– Me ynskjer å bidra til at kunstlivet i Oslo skal verta betre. Både for andre sin del, og for vår eigen – som blivande kunstnarar har me alt å vinna på eit godt og levande kunstmiljø, seier Fadlabi.
Så kva lærte me av å vera med på installeringa av dagens utstilling? Fyrst og fremst at spraylakkering av kunstverk bør skje i fullt dagslys – og helst i varmegrader. Kunstnar Nicolai Schaaning Larsen fekk òg erfara desse bitre sanningar, då han med ein ørliten tømmermann bankande laus i bakhovudet skulle setja saman utstillinga si søndags ettermiddag. Fadlabi stilte med ei hjelpande hand og presskannekaffi, samstundes som han kasta eit siste blikk over Facebook-invitasjonar og pressemelding.

– Me har ein heilt flat struktur på arbeidet på One Night Only. Kunstnarane har sjølv full kontroll over korleis utstillingar skal sjå ut, sjølv om me sjølvsagt kan koma med råd og forslag undervegs, forklarar han.

Schaaning Larsen er heldig – det store rommet, som vanlegvis er okkupert av UKS sine utstillingar, er ledig, noko som betyr meir plass å boltra seg på. Foreløpig er det likevel fullstendig tomt. I bakgarden står ein halvferdig installasjon, men før den kan takast inn må laurdagsnattas spraymaling av verket vurderast.

– Litt ujamt, er det ikkje?

Det er fram att med den gule boksen. Medan kunstnar og fotograf strevar med sitt ute i kuldegradene, går Fadlabi inn og sett på ei ny kanne kaffi. Han trur utstillinga kjem til å bli bra.
Klokka to minutt over åtte måndags kveld er alt klart. Utstillingsrommet luktar framleis av maling, men elles enn det har alle bitane falt fint på plass. Den no heilt jamt gule ramma, som for eit døgn sidan sto til tørk i bakgarden, er innlemma i ein større heilskap av kunstnarens smarte, stilreine kunst. I større eller mindre grupper strøymer publikum inn, takksame for å sleppe inn frå kulda. Mange kjem rett frå Åpent Forum på KHiO, og mat og drinkar vert òg teke imot med opne armar. Begge delar er for anledninga heilt gratis.

– Kunstnarar er alltid svoltne, veit du, forklarar arrangørane sjølv.

Dei er i sitt rette element no. Erlend og Fadlabi står i baren, medan Tito og Jon har kontroll på resten av lokalet. Folk går rundt og et, drikk og pratar med kjente. Kunst er viktig, men alle som driv med det veit at det sosiale er ein stor del av greia. Jon oppsummerar det ganske greitt:

– One Night Only er blitt eit samlingspunkt, ein stad der ein kan gå og alltid møta nokon du kjenner. Og om du ikkje kjenner nokon – kom innom eit par gongar til, så ordnar det seg.

Fakta

One Night Only Gallery:
  • Visningsrom for kunst som vart etableri i 2008.
  • Ny utstilling opnar kvar mandag, og står berre denne eine kvelden.
  • Vert drive av kunststudentane Mohamed Ali Fadlabi, Tito Frey, Jon Benjamin Tallerås og Erlend Grytbakk Wold
  • Rundar utstilling nummer 100 før utgangen av 2010

Annonse

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i magasin

De siste dagers hellige

En stor andel av prestene i Den norske kirke går snart av med pensjon, men rekrutteringa til presteutdanninga er lav. Hva skjedde med den tidligere prestisjeutdanninga?

Den irakiske Askeladden

Det norske oljeeventyret handler i stor grad om flaks. Men at det i tillegg skyldes én manns desperasjon, er kanskje mer ukjent for de fleste.

Historie-slukaren

Som tolvåring retta han på historielæraren. Når Geir Lundestad fyller 70, trekk han seg som direktør på Nobelinstituttet. Kanskje får han då meir tid til å lesa?

PÅSKEKRIM:

De dødes pytt

Bli med Hercola Rydiot og Harryelle Kleingrand Jernset på jakt etter medisinprofessor Dumrian Gundtroversens morder.


Flere saker fra magasin »

Annonse

Annonse

Forbrukslån
OPP Finans Forbrukslån OPP Finans anbefaler deg å være forsiktig med bruk av kredittkort og forbrukslån. Eff.rente 17%, 65.000kr o/5 år, etabl.geb. 825kr, totalt: 94.478kr