Gísli Kristjánson: Islandsk korrespondent.

Med framand blikk

Utanlandske korrespondentar – ei utømmeleg kjelde til innsikt om Noreg, kvalfangst og Nobelprisen. Men kva veit dei eigentleg om norsk høgare utdanning?

Grégory Tarvel: Fransk korrespondent.
Saša Dimitrijević: Serbisk korrespondent.

– Det verkar som om norske studentar har færre økonomiske problem enn dei fleste andre

  • Namn: Anatoly Naydionov
  • Nasjonalitet: Russisk
  • Jobbar for: Itar-Tass Nyhetsbyrå
  • Utdanning: Bachelor i Internasjonale relasjonar frå universitetet i St. Petersburg, skriv master om bærekraftig utvikling.
  • Har budd i Noreg sidan 2008.

Har du eit inntrykk av dei største skilnadene mellom norske og russiske universitet?

– Det verkar som om skilnadane er vorte mindre etter Bolognaprosessen. Men bachelor er hjå oss er fireårig – me byrjar nemleg på universitetet som 16-17-åringar.

Oi! På kva andre måtar skil den norske studentkvardagen seg frå den russiske, trur du?

– Det verkar som om norske studentar har færre økonomiske problem enn dei fleste andre. Fleire har tydelegvis til å reisa og slikt medan dei studerer.

Kva slags rykte har norsk høgare utdanning i Russland?

– Jamt over har norske universitet eit godt rykte, spesielt dei tekniske. Og så meinar eg å hugsa at Universitetet i Oslo kom ganske høgt oppe på ein internasjonal ranking nyleg?

Ehm, det er ei lang historie. Har norske universitet noko å læra av dei russiske?

– Eg har sett på eit par pensumlister, og det verkar som ein har ei ganske klar vestleg slagside. Der tykkjer eg norske universitet kunne prøvd å koma fram til ein betre balanse.

– Studentane har større ansvar for eiga læring her

  • Namn: Grégory Tarvel
  • Nasjonalitet: Fransk
  • Jobbar for: Frilans for franske medier
  • Utdanning: Bachelor i politisk vitenskap fra Universitetet i Strasbourg, og journalistikk i Bordeaux
  • Har budd i Noreg sidan 2007.

Kva slags erfaring har du med norske utdanningsinstitusjonar?

– I 2000 flytta eg til Bergen, og var Erasmusstudent der i eitt år. Her tok eg norskkurs og gjekk på Samanliknande politikk.

Kvifor valde du å reisa til Noreg?

– Eg ville forbetra engelsken min, men ikkje i England eller USA. Skandinavar snakkar mykje betre engelsk enn franskmenn, og eg valde Noreg fordi eg såg på det som det beste av dei skandinaviske landa.

Kva vart du mest overraska over då du byrja på universitetet?

– Eg var overraska over absolutt alt! Medan eg i Frankrike var vant til mange førelesningar og lite tid til sjølvsstudie, var det heilt motsatt i Noreg. Studentane har større ansvar for eiga læring her. Spør du meg er det mykje betre.

Har norske universitet likevel noko å læra av dei franske?

– Å, det er eit spørsmål eg treng to dagar til å tenka på. Nei, eg tykkjer ærleg talt franske har meir å læra av dei norske. Eg ville aldri ha anbefalt ein norsk student å reisa på utveksling til Frankrike.

Men du ville anbefalt å reisa til Noreg?

– Ja, absolutt.

– Eg er slått av kor mykje mindre politiske norske studentar er enn dei islandske

  • Namn: Gísli Kristjánson
  • Nasjonalitet: Islandsk
  • Jobbar for: Frilans for islandske medier
  • Utdanning: Hovudfag i historie frå Reykjavik Universitet
  • Har budd tilsaman 8 år i Noreg, flytta hit for fyrste gong i 1994.

Har du eit inntrykk av dei største skilnadene mellom norske og islandske studentar

– Ja, eg er slått av kor mykje mindre politiske norske studentar er enn dei islandske. På Island er det alltid stor merksemd kring studentpolitikken, spesielt når det er val til Studentparlamentet.

Kva med studentjournalistikken?

– Jau, Studentparlamentvalet utpeikar studentavisas redaktør. Ein gong då Venstre hadde vunne valet og satt dei inn ein marxist som redaktør. Dagen etter hadde han svikta saken og blitt høgremann. Det vart stor skandale.

Er det noko anna som skil norske og islandske universitet?

– Norske studentar har meir å velja mellom. Me har berre to universitet på Island. Studentane flyktar ofte utanlands – fyrst og fremst til USA, England og Skandinavia. Etter at regjeringa innførte dekking av utanlandske skulepengar, reiser fleire til USA.

Kva konsekvensar har dette for Island, trur du?

– Spør du meg er det ein del av årsaka til krisa Island opplever no. I USA har ein heilt anna mentalitet, ein er ikkje så oppteken av samfunnsansvar. Island fekk ein heil generasjon Gordon Gekkoar på trappa.

– Norske studentar ser ut som andre studentar frå andre «toppland»

  • Navn: Saša Dimitrijević
  • Nasjonalitet : Serbisk
  • Jobbar for: Frilans for serbiske medier
  • Utdanning: Jus ved Universitetet i Beograd, journalistikk ved Jugoslavisk institutt for journalistikk.
  • Har budd i Noreg dei siste 15 åra.

Kva slags erfaring har du med norske utdanningsinstitusjonar?

– Den fyrste kontakten hadde eg som «student» på ein sommarskule ved Universitetet i Oslo på 1970-talet. Det var ei historisk erfaring for meg!

Nokon morosame erfaringar frå tida på Blindern?

– Ja, vi studerte ikke bare sittende på benkene skjønner du. Me reiste rundt i landet, og fleire turar kjem eg aldri til å gløyma. Då me skulle erobra det magiske fjellet Beseggen, kom eg i korterma skjorte medan alle dei andre hadde jakker, ryggsekkar og utstyr. Heldivis var vêret godt og Gud passa på ein dum student.

Kva er ditt inntrykk av norske studentar?

– Norske studentar ser ut som andre studentar frå andre «toppland». Mi erfaring frå yrkeslivet tilseier også at dei vert svært gode kollegaer.

Kva trur du er den største skilnaden mellom å studera i Noreg og i Serbia?

– Som student i Noreg er ein nok belasta med færre kvardagsproblem enn ein er i Serbia. Ein treng til dømes ikkje bekymra seg for at ein ikkje får arbeid etter studia.

Powered by Labrador CMS