STO FRAM PÅ MF: Det er berre fem år sidan Gard Realf Sandaker-Nielsen gjekk ut av MF. Mykje har endra seg, men han kjemper framleis for aksept for kjærleiken og ekteskapet sitt.

Teologien på skeiva

Tidlegare vart det kalla ein styggedom. Men no er det blitt greitt å vere homofil ved Det teologiske Menighetsfakultet.

Publisert Sist oppdatert

– På 1970-talet var det opplest og vedtatt at homofili var ein styggedom. (Jens Torstein Olsen, kappelan i Majorstua kyrkje)

Du skal ikkje ligge med ein mann slik som ein ligger med ei kvinne. Det er ein styggedom, 3.Mos 18,22

– Eg går liksom ikkje rundt på MF med ei t-skjorte med påskrifta «I’m gay!». Eg har ingen behov for å gjere det heller.

FARGEKLATT: Hanne Marie Iaursulëiel Pedersen-Eriksen er stornøgd med å vere lesbisk prestestudent på Menighetsfakultetet.

Orda kjem frå Hanne Marie Iaursulëiel Pedersen-Eriksen (22). Ho sit på studentrådskontoret i øvste etasje på MF, heilt innst i gangen. Der fortel ho med engasjert og stødig stemme om bakgrunnen sin, studiet sitt og legninga si. I løpet av det første året på MF var det mange tankar som snurra rundt i hovudet hennar.

– Eg måtte tenkje hardt over legninga mi før eg fortalde det til andre. I løpet av sommaren 2008 fekk dei første venene vite at eg er lesbisk.

Samanlikna homofili med pedofili

Homofilispørsmålet er ei vanskeleg nøtt for kristen-Noreg. Frå å vere eit tema ingen nemner, har homofili blitt nærmast stovereint ved MF. For litt over fem år sidan stod førstemann fram offentleg. No er vegen brøyta, og utfordringane mindre.

Pedersen-Eriksen har for det meste gode erfaringar frå å stå fram ved institusjonane.

– I byrjinga fekk eg god støtte frå ein førsteamanuensis som er veldig liberal i dette spørsmålet og som har ei lesbisk syster. Ho sette meg i kontakt med andre i liknande situasjonar.

Valet med å følgje Jesus tok ho da ho var 16 år. I dag er ho tre år på veg med prestestudia og sit som vararepresentant til sentralstyret i Kristeleg Folkepartis Ungdom. Det sistnemnte skapte overskrifter i landsdekkande media hausten 2009, og førte til at ho tok det endelege steget ut av skapet.

Legninga hennar vert respektert av dei andre ved skulen, men likevel har ho møtt på utfordringar.

– Det var fagkritisk dag her på skulen, der ein av debattdeltakarane samanlikna homofili med pedofili. Det var tøft å få det slengt i trynet, seier ho.

– Det har også hendt at folk kjem bort og vil snakke med meg om det. Dei meiner eg lever feil, og vil vise meg omsorg. Det rører meg at dei har omsorg for meg, men det kjennes samstundes ut som eit lite overgrep. Legninga er ein stor del av meg, og dei seier til meg at «det du gjer er feil». Samstundes er det andre som har det verre enn meg. Eg taklar å høyre det.

– Vedtatt styggedom

Situasjonen på MF var ein annan då Jens T. Olsen tok praktikum i 1967. Han bar på ei hemmelegheit det skulle ta nesten 15 år å komme ut med. Å seie til nokon at han var homofil, var utenkjeleg.

– Det ville vorte eit valdsamt rabalder. Det var svært få som var opne homofile på 70-talet, spesielt i kristne kretsar. Eg kunne ikkje ta den sjansen. Det var opplest og vedtatt at det var ein styggedom.

I dag jobbar han som kapellan i Majorstua kyrkje og lever i partnarskap med tidlegare byrådsleiar i Oslo, Erling Lae. Han har eit spent forhold til sin gamle utdanningsinstitusjon, og hugsar knapt sist gong han var i MF-lokala.

– Då eg vart tilsett i Majorstua kyrkjelyd i 2000, hadde kyrkjelyden og MF ein samarbeidsavtale. MF sendte kyrkjelyden eit brev der dei understrekte at dei ikkje ville ha noko med meg å gjere.

Kyrkjelyden svarte at dei ikkje ynskja å gå med på kravet, og samarbeidet vart avslutta. Olsen syntes ikkje brevet var noko særleg.

– Eg synes brevet var nokså drygt, og litt sårande, og eg fann ut at eg ikkje kunne ha noko med det huset å gjere, seier Olsen, som understreker at endringar har skjedd sidan den gong.

At MF har ein god påverknadskraft ovanfor kristen-Noreg, er han ikkje i tvil om.

– Det er den største teologiske utdanningsinstitusjonen. Det ville vore rart om ikkje haldningane til MF skulle prege både studentar og det kyrkjelege liv. Samstundes kjenner eg mange som har eit heilt anna syn, sjølv om dei har studert ved MF.

– Kunne ikkje berre stikke av

Ti minuttar forsinka kjem Gard Realf Sandaker-Nielsen springande ut frå regjeringskvartalet og inn på kafeen.

Han jobbar som informasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, har runda 31 år, er ordinert prest, og fullførte løpet sitt ved MF i 2004.

I dag er han leiar av Åpen Kirkegruppe i Oslo, og gift med Lasse. Men då han byrja på MF hadde han endå ikkje funne ut av legninga si.

– Eg var ganske konservativ, og meinte i alle fall at homofil kjærleik ikkje var riktig.

Han er no stor tilhengjar av den nye ekteskapslova og ein del av Arbeiderpartiet sitt homonettverk. Men det var på MF han starta å kjempe for sitt syn i saka.

– Eg aksepterte at eg var homofil i 2004, og kom ut av skapet det året. Eg fann ut at det ikkje er noko å kjempe mot, eller springe frå. Om folk ikkje vert konfrontert med homofile menneskje, vil det heller aldri verta ei endring, seier Sandaker-Nielsen.

Endra gudsbilete

Som ein sentral skikkelse i gangane ved fakultetet, har vegen ut av dette «skapet» vore enklare for Sandaker-Nielsen enn for andre ved MF, trur han. Sjølv vart han ikkje innkalla til samtale, eller vurdert omplassert, men han fortel om ein lesbisk medstudent som, på grunn av legninga si, vart råda til å ta praktisk teologisk seminar ved Det teologiske fakultet (TF).

– Det er framleis mange som ikkje vil stå fram. Miljøet er konservativt, og om ein ikkje er trygg nok på seg sjølv kan det ofte verta vanskeleg. På same tid har MF også blitt rausare og meir tolerante når det gjelder å akseptere ulike syn. Det er lov å tenkje ulikt, og det vert ikkje oppfatta som nokon trussel. Mange har møtt og høyrt historiene til homofile og lesbiske. Det gjer at ein tenkjer annleis, og får eit anna syn på spørsmålet.

Han trur likevel MF har meir å gje i homofilikampen.

– Det kan bli snakka meir om temaet, og bli tatt meir aktivt opp i miljøet. Ein kan også vere meir tydeleg på at det finnes ulike måtar å tenkje på.

Dei fleste venene han hadde i studietida på MF aksepterte Sandaker-Nielsen si legning, og val av liv. Men nokon vart han nøydt til å ta eit oppgjer med.

– Det var nokre vener eg måtte «slå opp» med. Då eg skulle gifte meg, kunne eg ikkje ha nokon der som kondolerte og syntes det var trist.

Mykje endra seg for Sandaker-Nielsen under utdanninga. Mellom anna fekk han eit nytt syn på Gud.

– Mitt syn på Gud har endra seg til ein som faktisk elskar meg som den eg er, og ikkje som noko eg skulle ha vore. Det viktige er at eg er skapt med den kjærleiken eg har.

Homodiskusjon i ny retning

OPNAR DØRA FOR DISKUSJON: Vidar Leif Haanes meiner det er viktig å møte alle minoriteter med respekt, og at det er positivt å kunne ha ulike syn på homofilispørsmålet ved MF.

På eit kontor med veggane dekka av bøker frå golv til tak, sitter rektor Vidar L. Haanes. Med ekte kristiansandsdialekt ynskjer han velkommen og gjer eit fast handtrykk.

Han er sjølv utdanna professor i kyrkjehistorie ved MF, og er no inne i sitt femte år som rektor ved den tradisjonsrike skulen. På desse åra har homodiskusjonen tatt ei anna retning, og opninga for ulike syn har blitt større.

– Eg tek gjerne mitt ansvar for den endringa, men har samstundes ingen behov for å kritisere forgjengarane. Endringane er ikkje først og fremst grunna homofilisaken, men ein generell auka grad av aksept for ulike syn. Dette gjeld heile MF-miljøet.

Frå tida då Sandaker-Nielsen stod fram og fram til i dag, har det kome til fleire homofile studentar ved fakultetet. Grunnen til endringa trur Haanes skuldast at det tidligare var meir strid kring MF sitt standpunkt i homodebatten.

– MF var tydelege på konservativ side, då homofilispørsmålet vart markert. Sidan dette vart markert offentleg, forstår eg at studentar med homofil legning kan oppleve det vanskeleg å vere opne med liva sine i ein setting kor ein diskuterer prinsipp. Eg meiner bestemt at utviklinga på MF er til det betre.

– Ja til homofile studentar

Haanes trur det vanskelegare å vere homofil på MF enn ved TF.

– TF seier eit tydeligare ja og velkommen til homofile studentar i praksis. Eg ynskjer at homofile studentar skal føle seg like velkomne på MF. Det har eg også lagt vekt på å seie til dei homofile studentane eg har snakka med.

Det er ikkje oppretta eit fast samarbeid mellom leiinga og homofile studentar, for å snakke om korleis MF kan møte homofile. Men Haanes trur terskelen for å komme å snakke om eventuelle problem, er låg.

– Det eg trur skjer no, og i endå større grad om ti, tjue år, er ein gjennomtenking om korleis me behandlar dei konkrete menneskja det er snakk om. Eit viktig spørsmål for MF og kyrkja er korleis me behandlar minoritetar. Me kristne burde som prinsipp sjå saka frå minoriteten sitt standpunkt. Ein skal ikkje sjå bort frå at det om ti år er dei som forsvarer eit tradisjonelt syn på ekteskap og seksualliv, som er ein minoritet som trenger støtte.

Hanne Marie Iaursulëiel Pedersen-Eriksen har fått lent seg attende i stolen, og tenkjer på korleis det måtte opplevast å vere homofil ved MF før i tida.

– Eg har hatt ein enkel komme-ut-av-skapet-oppleving. Dei før meg har tatt ein mykje større støyt, og eg har stor respekt for det dei har gjort, på trass av at eg ikkje alltid er einig i det dei har gjort. Nokre av dei har satt seg i ein offerrolle og kjempa så mykje for respekt for seg sjølv, at dei har gløymt å ha respekt for den konservative parten.

Ho verkar sikker på seg sjølv, snakkar mykje og er open om situasjon sin. Det er lite som gjer uttrykk for at legninga er noko som plager henne. Når det gjelder kva Jesus meinte, er ho sikker.

– Jesus ville ha tenkt at homofil kjærleik er ekte kjærleik. Kjærleiken er størst av alt. Det står nemleg i Korinterbrevet.

Så vert dei ståande, desse tre: tru, von og kjærleik. Men størst av dei er kjærleiken. 1. Kor 13,13

Powered by Labrador CMS