Mellom bakkar og berg

Hausten er ei vakker årstid. Sola vert skarpare, blada på treda endrar farge og lufta vert kaldare. Eg likar frostrøyken ein pustar ut når ein ventar på bussen om morgonen, og den makelause kjensla ved å flykte inn i varmen når ein spring mellom bygga på Blindern. Hausten er i Oslo, og no har endåtil snøen tatt til å legge seg på asfalten. Snøkrystallar ein kan fange med tunga, og som smeltar når dei treff den varme huda i andletet.

Det er stor kontrast mellom livet i Oslos gater, og stilla som ligg over bygde-Noreg. Ikkje berre om hausten, men sjølvsagt også elles i året. Heime hjå familien min, midt mellom fjord og fjell, 60 mil på vegen og ei ferjestrekning frå Oslo. Puddersnøen der oppe i fjelltoppane, utsikta over fjorden og bølgjene som veltar fram når dei to ferjene kryssar kvarandre på veg i kvar si retning. Det er så ein vert reint salig av synet. Og trekk ein dei lilla og grøne gardinene på barnerommet mitt til side, så er det akkurat som å sjå inn i eit nasjonalromantisk postkort. Det er høge fjell på den andre sida av fjorden, og gata heime minner mest om Bakkebygrenda. Store gamle trehus med gigantiske hagar, og lyktestolpar i tre langs den smale svingete vegen. Det er noko heilt anna enn leilegheita i den gamle gule bygarden eg bur i her i asfaltbyen Oslo. Sjølv om det jo skal seiast at den er faktisk er ganske fin, og eg har jo trass alt god utsikt rett ut til busshaldeplassen utanfor.

Oslo er ein bra by på mange måtar. Men eg saknar skogen, fjella og ein fjord som ikkje er forureina av cruiseskip. Nordmarka, Holmenkollen og Oslofjorden kan ikkje måle seg med Vestlandet. Når eg sit her tenkjer eg at det ikkje er så farleg om det regnar 50 dagar i strekk før sola får skinne igjen. Eg vil gjerne gå gjennom sentrum utan å møte ein einaste annan person, gå på kino på samfunnshuset og bestille all musikken eg vil ha på internett. Det gjer ikkje noko at avisene ikkje kjem inn med flyet før kl 13, ein kan jo faktisk lese dei på nett. Og det har sin sjarm. Det som før var grunnen til at eg ville flytte derifrå, er no grunnen til at eg vil kome tilbake. Ikkje tilbake for å bu med det første, men i alle fall for å vere der ei stund. O bittersøte haustmelankoli. Vestlandet er så vakkert! Dei som aldri har budd nokon annan stad enn i Oslo, anar verkeleg ikkje kva dei har gått glipp av.