Annonse

annonser i Universitas

KLART FOR KVELDSKOS: Når dagen vert kveld klatrar korrespondenten opp trappane til hustaket og nyt den vidunderlege utsikta.

KORRESPONDENTBREVET:

Avslappa kaos i verdas eldste by

I Damaskus vaknar eg kvar natt av kanonskot.

Og hoppar opp av senga og trur det er verdskrig på gong. Så høyrer eg bønneropa som byrjar komme frå minaretane i nabolaget, kjem på at det er ramadan, og snur meg rundt og sovnar att. Kanonskotet markerar omlag halv fem kvar morgon at fasten er i gong. Før kvart over sju om kvelden skal ingenting over leppene. Det er ein stor porsjon viljestyrke som trengst når den steikande sola midt på dagen pressar temperaturen opp mot førti grader, og daglegdagse gjeremål skal utførast. Dei fastande venene mine er nærast nede for teljing innan klokka tre på ettermiddagen, og ventar komatiske på at klokka skal verte nok til at dei kan ete. Då fyllast restaurantane i dei muslimske byane med familiar og vennegjengar som fråtsar i måltid så store at ein knapt greier å gjere ende på ein fjerdedel av dei, før ein rullar ut av restauranten.

Det er ein klisjé å sei at ein by er full av kontrastar, men pokker heller, når ein skal ta for seg Damaskus er det ingen veg utanom. I verdas eldste bebodde by, kor kvar einaste byggestein har ei historie å fortelje, er det ikkje til å kome unna av bilete vert samansett. Her har du iranske turistar som valfartar til Umayyademoskeen for å sjå hovudet til Hussain, barnebarn av profeten Muhammad, som er så tildekt at du knapt kan sjå at det er nokon der inne, i same gate som du treffer på tungt sminka jenter i miniskjørt og høge hælar. Eit par minutts gange frå ein av verdas viktigaste moskéar er krossar malt på veggane og tettheita av jesusbilete stor. Gatene kor Salah al-Din kom ridande etter å ha kjeppjaga korsfararane, er i dag fylt med tutande taxiar, kaféar, plaststolar, kattar, moskéar, kyrkjer, hest og kjerre, grønnsaksbutikkar, skrikande ungar, teseljarar, gravferdsfølgjer, internettkafear, bilete av president Bashar al-Assad og deilig kaos. Det høyrest slitsamt ut, men Damaskus er overraskande avslappa. Med tronge gater, breie smil og søt te, skal ein leite lenge etter ein hyggelegare by.

For augeblikket tek eg privattimar i syrisk arabisk. Læraren min Maha bur i ein forstad, ein liten minibusstur ut av Damaskus. Her har ho starta læringsforetaket sitt på soverommet til mora si. Kvar dag ringer eg på døra hennar, vert ønska velkommen av den gråhåra mora hennar, som eg framleis har til gode å sjå kledd i noko anna enn nattkjole, og vert i løpet av to timar fylt opp med te, tørre kjeks og arabiske gloser, og kasta ut att i Damaskus med streng beskjed om å praktisere kva ho har lært meg. Neste dag ler ho så ho grin av misforståelsar som har oppstått når eg har gløymd ord eller bokstavar, og rota meg vekk i samtalar som iallfall ikkje har handla om det eg har trudd.

Som sagt er ramadan i gong. Som nyankommen student med arabiskkontroll som i beste fall står til middelmåtig, fører det med seg nokre fordelar. Sidan idealet er at ein som muslim verken skal lyge eller stjele denne månaden, brukar alle taxisjåførane denne månaden taksameter. Dei vanlige historiene om at åh, nei, taksameteret er nok diverre øydelagd, er ikkje å høyre. Pliktfulle køyrer sjåførane rundt, og prisen er det ingen diskusjonar om. For det er ikkje til å komme unna at det vert nokre prisdiskusjonar i løpet av eit halvår. Som ein person som ikkje er overstadig glad i lange pruterundar, kan det vere litt av ein tolmodstest. Så langt kan eg berre notere meg moralske sigrar, og få økonomiske. Eg har funne ut det beste er å ikkje bry seg. Eg tek heller ned vindauget, kjenner den varme vinden i ansiktet og ser ut på virrvarret i den fantastiske byen eg køyrer gjennom.

Når den varme dagen i Damaskus endeleg går mot hell, gjeld det å komme seg opp. Enten i ein taxi opp på dei bratte vegane opp på Qassioum, fjellet Damaskus ligg ved foten av, kor du har ei fantastisk utsikt utover byen som verkar strekke seg for evig. Eller opp dei like bratte trappene som leier opp på taket av huset kor eg bur. Med ein kald whisky i handa eller ein sheesha er det berre å setje seg attende, skue utover hustaka i gamlebyen og prøve å telje kor mange grøne og blå lys ein kan sjå. Moskéminaretane er dekorert med grøne neonlys, kyrkjene med blå. Endå har eg ikkje greidd å telje alle.

Fakta

Universitetet i Damaskus
  • Grunnlagt i 1923.
  • Er det største og eldste universitetet i Syria.
  • Har i dag rundt 85 000 studenter.
  • Består av til sammen 14 fakulteter.
  • Inkluderer også en avdeling som har spesialisert seg på å lære arabisk til utlendinger. Den er blant de største av sitt slag på verdensbasis.
  • Berømte tidligere studenter er blant annet: Bushra al-Assad (presidentens søster), Giles Clark (forretningsmann og styreleder i England and Wales Cricket Board.), Colette Khoury (forfatter), Assef Shawqat (syrisk etterretningssjef) og William Dobson (kokk).

2 kommentarer

Jon Andersen

Jericho er verdens eldste by. Det er da helt elementært.

Øyvind J

Men Damaskus er verdens eldste (sammenhengende) bebodde by.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i magasin

Med ei barselgrad i magen

Å få born mens du studerer kan vera ei betre investering enn reine studiepoeng. Kombinasjonen born og student kan opna karrieredører.

Et skoleeksempel

Din forrige minister ville elske på nakne vidda og råkjørte på E6. Kanskje er hun ikke så gammel og grå likevel?

Rotte til skafottet

Forsøksrotter giljotineres for å forstå epilepsi bedre, andre får elektroder operert inn i hjernen. Og så var det Pink Floyd-rottene med over 7000 visninger på Youtube – i forskningens navn.

LAN-tineparty

En flombelyst kantine på bussterminalen er det nitriste utgangspunktet for NITHs studentpub.

Frivillig - fordi jeg fortjener det

De vil gjøre en forskjell, styrke CVen og realisere seg selv. Mengder av unge strømmer til fattige land for å hjelpe. Frivillighetsturisme er i sterk vekst, men useriøse aktører kan skade både barn og lokalsamfunn.

Treningen med livet

«Trent kropp gir makt». Avisoverskriften stikker deg i den litt for slappe magen. Skal du lykkes, må du trene. Bølgen av trening er over oss, og for noen blir den det viktigste i livet.

Blindern-idolet

Linnea Dale forlot Donkeyboy og reiste til USA for ikkje å la eigne ambisjonar bleikne. Der fann ho seg sjølv i ei gate i Los Angeles.

Noe er i gjære

Helt siden de vant i fjor, har Kristianiastudentenes haandbryggerlaug forberedt seg til årets NM i hjemmebrygging.

Tilbake med et smell

Rf-kjelleren er endelig gjenåpnet og realistene brygger på noe lurt.

Helstreit opplegg

Da Beatles og Jimmy Hendrix herjet med LSD-inspirerte hits, hadde Blindern nok med Lillebjørn Nilsen og Ole Paus.


Flere saker fra magasin »