UTFLAGGING: Om det ikkje var dei sterkaste køane ved Ullevål, sa var det i alle fall mange bilistar som fekk med seg bilaksjonen til FrP.

Valkamp er ingen leik

Engasjerte studentpolitikarar finn ein på begge ytterpunkta i Stortinget, men også utanfor. Universitas fekk observere dei frå innsida.

Publisert Sist oppdatert
FRYD: Studentpolitikar Mari Lund Arnem delar vekk ballongar og anna SV-stæsj på valstanden ved Spikersuppa, til stor glede for Markus (3) som fekk den siste ballongen.
BOT: Stemninga i FrP-leiren sank litt då det viste seg at dei hadde fått parkeringsbot etter bilaksjonen.
AKSJON! FrP-gutane Glenn Simon Nerdal og Himanshu Gulati gjer seg klare til bilaksjon. Med propagandabanner under armen. -- No skal det synkast veljarar, meiner Nerdal.

Det er klart for verdspremiere. Deltakarane er nesten ein og ein halv time forsinka, men dei kjem. To unge menn i mørkeblå jeans, kvite skjorter og matchande blazere. Studentar og stortingskandidatar for Framsktegspartiet (FrP). Det er køa som har skylda, hevdar dei sjølv. No er Glenn Simon Nerdal og Himanshu Gulati imidlertid klare for sitt store oppdrag. Universitas skal bevitne tidenes fyste bilaksjon FrP-style.

– Det er fyste gongen vi gjer dette, men det fungerar nok veldig bra. Og kanskje spesielt om morgonen når folk skal på jobb. Da skjønar alle kva parti som vil gjere noko med køane, seier Gulati sjølvsikkert. Ein av dei viktigaste sakene til FrP er å byggje ut vegane og å fjerne bomringane. For å motvirke kø, sjølvklart.

– Men vi aksjonerer på mange andre måtar også. Vi har til dømes hatt ein Mulla Krekar-aksjon der vi samla inn pengar for å kjøpe han ein einvegsbillett heim, opplyser han.

Medan Nerdal studerer juss ved UiO, har Himanshu valt å studere marknadsføring på handelshøgskulen BI. Dei står som 12. og 8. kandidatar på FrP sine lister frå Akershus. Sjølv om dei ikkje har nokon reell sjanse til å komme inn på Stortinget, gjer dei alt i valkampen.

– Det beste med å vere med i partiet er å vere ein del av ei bevegelse som vil forandre og forbetre Norge, seier Nerdal idealistisk før vi kjem fram til Ullevål stadion.

Dei to FrP-studentane rullar fram eit digert kvitt banner med raud og blå påskrift; «Lei av kø? Stem FrP!» Med uerfarne hender knyt dei banneret opp på brua, framfor augo på nysgjerrige tilskodarar. Ein ekstra nyfiken fyr tek opp mobilen for å ta bilete av det som hender.

– Du kan jo melde deg inn i partiet, så får du også vere med å aksjonere, seier Nerdal oppfordrande til meg. Han får ikkje den responsen han hadde håpa på.

– Vi er nok ikkje det mest populære partiet blant studentar. Det synast å vere ein gjennomgåande motstand mot oss i studentkulturen. Grunnen til det er vanskelig å sei. Vi har jo den klart beste skulepolitikken, seier Nerdal alvorleg.

Vi går tilbake til parkeringsplassen og det mørkeblå kjøretøyet som forhåpentlegvis skal sleppe å stå i kø framover. Det er då Gulati plutseleg oppdagar ein mystisk, gul lapp liggande i frontruta. Det er gratis parkering i halvannen time utanfor Ullevål, men kun mot at ein hentar ein billett som viser når ein parkerte. Det har gutane gløymt.

– Fekk du bot?

Gulati opnar opp den gule lappen, ser på den og rullar den deretter saman igjen.

– Ja. På fem hundrede kroner, sukkar han oppgitt.

Det blir stille. Gulati opnar døra til bagasjerommet, legg aksjonsutstyret tilbake og lukkar det igjen.

– Det var kjipt. Utruleg kjipt. No går det romslige studentbudsjettet mitt på ein smell, seier han.

Kontrasten frå parkeringsplassen på Ullevål stadion med bilar som konkurrerar om dei få plassane, til det yrande folkelivet på Karl Johan laurdag formiddag er stor. I det ein går forbi Stortinget og kjem til Spikersuppa, blir ein møtt av ein massiv stand av valbodar. Veit ein ikkje kva ein skal stemme har ein definitivt kome til himmelen. Eller helvete.

Ein av bodane er raud og inkluderar ei snasen scene. Den har eit lite telt over seg, og er utsmykka med både eit brosjyrestativ og sjarmerande valpropaganda i ballongform. Boda tilhører partiet som sit i regjering og dannar ytterpunktet på venstre fløy i Stortinget. Akkurat no tilhøyrer den også Mari Lund Arnem. Ho er masterstudent i historie ved UiO og 5. kandidat for Sosialistisk Venstreparti (SV) i Oslo.

– Eg driv ikkje med politikk fordi eg vil verte politikar. Eg driv med politikk fordi eg ser det er så mykje urettferd, og det vil eg forsøke å endre. Dersom ein ikkje engasjerer seg, så får ein i alle fall ikkje gjort noko med problema, seier ho.

– Vi har stand på Blindern kvar dag, og så har vi morgonaksjonar der vi stiller oss opp på ulike buss og trikkestopp for å oppfordre folk til å stemme på oss. I tillegg har vi dør-til-dør-aksjonar, arrangerar debatter og har stand her på Karl Johan kvar dag, seier ho engasjert.

Ein middelaldrande mann med sjarmerande buskebart kjem bort. Han er skihoppar, hevdar han, og forsøker å få Universitas til å skrive eit-eller-anna-om-Holmenkollen. Arnem tek over kontrollen, og henviser mannen til rett person han kan snakke med. Merkeleg nok er ikkje det Universitas’ utsendte.

– Ein møter mange ulike utfordringar og problemstillingar når ein står her på stand, forklarer ho.

Kvardagen som studentpolitikar er variert. SVs valkamparbeid inkluderar mellom anna å delta på skuleval og debattar, arrangere swinggrupper, sjølvforsvarskurs for jenter, måla bannera og laga stand. Rett før Universitas møtte Mari hadde ho vore med å skolert debattantane som deltek i skuledebattane.

– Det skjer noko kvar dag. Vi har ikkje så mykje pengar, så vi må gjere det meste sjølv med dei midlane vi har, seier Arnem.

– På Grünerløkka er det til dømes ei ildsjel som har bygga ein eigen stand og står der kvar dag i mange timar for å promotere partiet.

Engasjementet skal det ikkje stå på. Studentkvardagen er ugjenkalleleg bytta ut med partipolitikk denne hausten. Og Arnem vil heller snakke om politikk enn studiar. Ho blir litt sjenert når ho blir spurt om kva ho skal skrive masteroppgåve om.

– Eg har utsett heile livet mitt til etter valdagen 14. september. Spør meg heller etter det, ler ho.

POLITIKARTREFF: Bjørnar Moxnes bistår partileiar i Raudt Torstein Dale før utspørjing i det Siv Jensen kjem slengande inn på bakrommet.
ALVORETS TIME: Ein slappar ikkje av når ein driv valkamp. Bjørnar Moxnes (t.h.) observerar partileiarutspørjinga av Torstein Dale frå bakrommet saman med programleiar Nina Owing.

I politikaranes fotspor vandrar vi til Norsk Rikskringkasting på Marienlyst. Der møter vi studenten og politikaren Bjørnar Moxnes.

– No driv vi med siste innspurt før partileiarutspørjinga. Vi finpussar argumentasjonen, og diskuterer det som er dei viktigaste sakane våre, fortel han. Han sit i ein sofa inne i NRK sine gangar saman med partileiaren i Raudt, Torstein Dahle, som han er rådgivar for.

Den avbalanserte studentpolitikaren har mange ballar i lufta. Han er 3. stortingskandidat for Oslo Raudt, arbeider i Oslo bystyre og er sosiologistudent ved Universitetet i Oslo (UiO). No i valkamptida sender NRK partileiarutspørjingar der partileiarane vert konfrontert med politikken sin. I dag er det tysdag, og det er om lag ein time til Dahle skal inn til partileiarutspørjing i NRK. Klokka tikkar. Stemninga er litt anspent, men dei ser ut til å ha kontroll på argument og handlingsplan.

– Takk for sist, seier Moxnes til programleiar Nina Owing, og slår deretter av ein liten prat med Magnus Takvam om korleis spørsmål han kjem til å stille Dahle i utspørjinga, før han er tilbake i intervjuet.

– Det er hektiske dagar. Eg arbeider hovudsakleg med media. Det er jobbing med journalistar og å finne ut av innlegg vi skal skrive og sakar vi skal engasjere oss i. Men dagane består av mykje anna òg. I går var eg til dømes på to ulike sjukeheimar der eg møtte dei tilsette, og denne veka tek også skuledebattane til. Det er så mange debattar at det nesten

er vanskeleg å halde styr på alle, seier han lattermildt.

Vi oppheld oss på bakrommet til studioet der partileiarutspørjingane vert sendt frå. Til stade i rommet er fleire prominente politikarar og tv-kjendisar. Siv Jensen kjem inn i rommet, klikkande på høge helar.

– Hallo, det var jammen ein lystig gjeng! hujar ho til den mindre lystige forsamlinga, før ho hastar vidare inn i studio for å delta i debatten om uføretrygd som vart sendt før partileiarutspørjinga. I det den startar senkar stilleiken seg over bakrommet. Moxnes hentar seg ein kopp kaffi, og snakkar vidare med dempa stemme.

– Eg trur studentar bryr seg om mange fleire sakar enn berre studentpolitikk. Raudt seier til dømes absolutt nei til oljeutvinning. Noreg bør ikkje vere eit fossilsamfunn, men eit fornybart samfunn, meiner Moxnes.

Før partileiarutspørjingane har Petter Schjerven innslag der han syner kva som er typisk for dei ulike partia. «Typisk Raudt» startar og det vert igjen stille. På skjermen viser samfunnsforskar Erling Dokk Holm fram ein pakke rullingstobakk som noko som er typisk for veljarmassen til partiet.

– Her står det jo til og med Raudt på («Rød3», journ.anm.), seier han jovialt, og forsamlinga på bakrommet humrar. Assosiasjonane til filmar frå 1970-åra, der politikkengasjerte og aktivistar samlast i små hybelleiligheter for å drikke kaffe, røyke rullings og diskutere politiske spørsmål er framtredande.

«Typisk Raudt» er over og partileiarutspørjinga tek til. Moxnes dreg fram penn og papir, og startar å notere. Medan Torstein Dahle er i elden sit han på bakrommet og ser konsentrert på TV-skjermen som viser utspørjinga. Studentpolitikaren sit med den eine foten over den andre, stryk seg i barten og rynkar panna.

– Det var bra han fikk inn det om uførepensjon på slutten, det er ein av dei viktigaste sakane våre. Det tek til å tette seg i programmet no framover. Det er kort tid igjen til valet, så det vert berre verre. Men det er veldig spennande og kjekt. Etter valet er over skal eg ta ferie ei vekes tid, så er det rett på arbeidet med masteroppgåva igjen, fortel han.

– Det er ganske stressande, men det går fint, altså.

I blant kan det vere tungt og kjedelig å drive med politikk, men det er inspirerande og morosamt når ein får til ting, seier han med eit smil, og trekk fram den politiske avgjersla om å ikkje delta i Irak i 2003 som eksempel. Då var Raudt med å presse regjeringa.

– Det er fantastisk å føle at ein er med å gjere ein forskjell, seier Moxnes.

Og arbeidet hans er kanskje ikkje forgjeves. På meiningsmålingane for august fossar Raudt fram eitt prosentpoeng, noko som betyr at partiet nesten har dobla oppslutninga. Også Sosialistisk Venstreparti og Framskrittspartiet rykkar fram med høvesvis eit halvt og 0,1 prosentpoeng.

Powered by Labrador CMS