Hallo Afrika

Til den det måtte vedgå. Du har kanskje sett reklamen for det vesle hendige kortet vi alle har lært å klare oss så dårleg utan? Same kva framtida bringer, så tek ho VISA? Uansett. Menneske som lagar slike reklamer fortener å brenne ein plass det er gloheitt. Menneske som trur på slike reklamer fortener å stå fast einsame mot verda på aude flyplassar i gloheite land. Dei fortener sveitte blikk og lange sukk som seier: Utruleg!

Det blir 187 dollar, takk, og nei du kan ikkje betale med kort. 130, seier du? Nix, kan ikkje la deg reise for det. Det ordnar seg ikkje. Minibanken verkar ikkje, og ingen veit kvifor. Minibankar i nærleiken, nei det har vi slett ikkje sett. Med blikk som hittil berre

velgjerarar frå vestlege pengefond har kjent seg verdige til, tek eit eksotisk kvinnemenneske deg nådelaust i augesyn. Kva skal eg gjera med deg, mi kjære? Kva skal eg gjera med deg?

VISA-kortet er den kvite manns byrde. Falsk tryggleik kalla dei det, dei siste motstandarane av den elska og utskjelte mobiltelefonen. Dei sa at om du verkeleg kom ut for noko gale, var det lite ein tullete elektronisk innretning kunne gjera for deg. Da måtte du kort og godt klare deg sjølv. Som til dømes når du går av på feil flyplass i ukjente land i Afrika. Men det sa dei ikkje. Hadde dei gjort det, kunne ting gått annleis.

Det ordnar seg som kjent for snille jenter. Blonde unge kvinner som osar av gods, gull og godt gifte finn ei løysing. Ei drosje til næraste minibank vil koste deg 20 dollar. Du hadde betalt 200 og smilt attpå. Ei endelaus rekkje av afrikanske syklistar, stråhytter og bensinstasjonar rasar forbi i ein svimlande fart. Ein horisont av Serengeti og Kilimanjaro reiser seg mot deg i afrikansk soloppgang. Opplevinga kunne vore så inderleg vakker.

Likevel sit du, eit ynkeleg vesen med logistiske antenner på høgde med Oslo Sporveier i snøfall, ved sidan av deg sjølv og vonar du snart vil vakne opp av eit mareritt. Så må du innsjå at dette er ein del av den smertefulle illusjonen som heiter livet. Enkelte gjennomlever han kvar dag, og har aldri trudd at verda var ein venleg stad. Du vil for alltid ha dei hengande over skuldra di med det foraktfulle og velfortente: Kva var det vi sa? Verda kan ikkje kjøpast for kode og klar.