Annonse

annonser i Universitas

Mannsforskaren

Hvem: Øystein Gullvåg Holter.
Hva: Professor i mannsforskning
Hvor: Det humanistiske fakultet, UiO

KJØNNSFORSKAR: Øystein Gullvåg Holter

DILEMMA: Barbie står overfor ulike maskulinitetar, den barske He-man og den stilfulle Ken. Valet er vanskeleg, og mannsforskar Øystein Gullvåg Holter bidreg med nokre perspektiv.

- Kva forskar du på?

- Eg driv kjønnsforsking med fokus på menn og maskulinitetar. Dette er område som er lite sett på, og ein treng å få inn kjønnsperspektivet i fleire fag, også når det gjeld menn. Eg har sett ein del på balansen mellom arbeid og familie, og kva som skjer når pappapermisjonen blir utvida. Det viser seg at fleksible fedrar treng faste rammer. Menn greier ikkje å forhandle fram avtalar med arbeidsgjevarane åleine, og det er behov for kollektive rammeverk.

- Eg forskar også på kjønn og konflikt, eller maskulinitet og konflikt. For det finst to kjønn, altså. Av og til synes eg det er litt viktig å påpeike. Kjønn i krig er eitt tema. Ein har begynt å sjå på kjønnsmessig terror, og det gjeld ikkje berre kvinner. Forskingsfeltet handlar mykje om maskulinitetskulturar. Det var unge, sinte menn som brann ned forstader i Paris, ikkje sant.

- Kva er eigentleg gale med menn?

- Ein del ting der er litt mystiske. Det er teikn til at menn bidreg meir på heimefronten enn tidlegare, og forskarar meiner omfanget av vald i nære relasjonar er på veg ned. Men så sit det også att nokre fordomar. Kvinner kan gjerne gå til psykolog, men dersom ein mann gjer det, lurer folk på om noko er gale med han. I staden kallar ein det coaching, og da er det greitt.

- Men kan du seia litt meir om maskuline kulturar?

- Hm, tja det er litt vanskeleg å definere. Altså, det handlar om mannsdominerte miljø, arbeidsplassar og omgangsformer menn imellom. Det er dette med redsla for å falle. Ære, audmjuking og skam betyr nok meir i maskuline kulturar enn det ein er klar over. Finanskrisa er ei maskulinitetskrise. Det er friliberalisme som har kjørt seg sjølv opp i eit hjørne, og denne friliberalisma gir assosiasjonar til hegemonisk maskulinitet. Høvet til staten minnar nærast eit slags kvinnekollektiv - hands off, liksom.

- Kan kvinner koma til å overta hegemoniet?

- Blant mannlege studentar sit det att nokre førestillingar om jentelus, og fagfeltet mitt har stor overvekt av kvinnelege studentar. Likevel seier to av tre menn på mannsdominerte arbeidsplassar, at dei gjerne skulle hatt fleire kvinner inn. Det er mange delte bodskapar og paradoks. Ein ser ofte karrierekvinner som er dolla opp og har bleika hår. Ein kan spørja seg om det er naudsynt når dei er topp utdanna, og kan tene pengane sine sjølve. Dei treng jo ikkje tiltrekkje seg menn da, liksom. Men det er eit ønskje om å kjenne seg attraktiv, sjølv om ein ikkje vil tilbake til ein situasjon der menn styrer. Så det er komplisert. Alle er samde om at kvinner er kjønn, medan menn har vore sett på som litt meir nøytrale. Feltet er framleis lite, men det er mykje å ta av.

- Kan forskinga di redde verda?

- Det tvilar eg litt på. Men ho har nok bidrege til at fleire menn kan trille barnevogn.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i magasin

Med ei barselgrad i magen

Å få born mens du studerer kan vera ei betre investering enn reine studiepoeng. Kombinasjonen born og student kan opna karrieredører.

Et skoleeksempel

Din forrige minister ville elske på nakne vidda og råkjørte på E6. Kanskje er hun ikke så gammel og grå likevel?

Rotte til skafottet

Forsøksrotter giljotineres for å forstå epilepsi bedre, andre får elektroder operert inn i hjernen. Og så var det Pink Floyd-rottene med over 7000 visninger på Youtube – i forskningens navn.

LAN-tineparty

En flombelyst kantine på bussterminalen er det nitriste utgangspunktet for NITHs studentpub.

Frivillig - fordi jeg fortjener det

De vil gjøre en forskjell, styrke CVen og realisere seg selv. Mengder av unge strømmer til fattige land for å hjelpe. Frivillighetsturisme er i sterk vekst, men useriøse aktører kan skade både barn og lokalsamfunn.

Treningen med livet

«Trent kropp gir makt». Avisoverskriften stikker deg i den litt for slappe magen. Skal du lykkes, må du trene. Bølgen av trening er over oss, og for noen blir den det viktigste i livet.

Blindern-idolet

Linnea Dale forlot Donkeyboy og reiste til USA for ikkje å la eigne ambisjonar bleikne. Der fann ho seg sjølv i ei gate i Los Angeles.

Noe er i gjære

Helt siden de vant i fjor, har Kristianiastudentenes haandbryggerlaug forberedt seg til årets NM i hjemmebrygging.

Tilbake med et smell

Rf-kjelleren er endelig gjenåpnet og realistene brygger på noe lurt.

Helstreit opplegg

Da Beatles og Jimmy Hendrix herjet med LSD-inspirerte hits, hadde Blindern nok med Lillebjørn Nilsen og Ole Paus.


Flere saker fra magasin »