TILSETT: I fjor var Ida Iren Eriksen på speedintervju med Henrik Einarsson (t.h). No arbeider ho saman med han og Jens Haviken i Accenture.

Første sjekkerunde

No må du sjekke opp arbeidsgjevaren din og.

Publisert Sist oppdatert
KLAR FOR MARKNADEN: Vilde Bernstrøm er snart ferdig med master i arbeids- og organisasjonspsykologi og skal no ut for å søke lukka blant arbeidsgjevarar.

Karrieresenteret, Blindern: Eit kvarter før tida kjem Vilde Bernstrøm inn døra.

– Jaja, smiler ho.

– Det er betre å komme for tidleg enn for seint.

Om femten minutt skal ho inn og få ein halvtime med ein potensiell arbeidsgjevar. Speedintervju kallar dei det. Sjølvsagt kalla opp etter sjekkeverda sine speeddater. Ingen stillingar er lyst ut. Det er berre eit møte for å sjekke ut eller inn ein potensiell arbeidsgjevar. Fort og gale. På kontordørene heng provisoriske skilt med namn som Finansdepartemenet, Mckinsey og Accenture.

Både Accenture og McKinsey har synt interesse for cv-en hennar. Med ein nesten fullført master i arbeids- og organisasjonspsykologi i bagasjen, er tida komen for å treffe dei som kanskje skal gje ho jobb.

– Eg ville ikkje brukt ordet date akkurat. Eg er hakket meir nervøs no enn eg ville ha vore om eg skulle på date, seier ho og smiler.

Klokka tikkar mot hennar tur. Ho held henda opp og let dei tørke i lufta. Første handtrykk med ein potensiell arbeidsgjevar skal ikkje vere klamt og varmt.

Bedriftene stod nærast i kø for å ha speedintervju i år, og mange var svært nøgd etter å ha gjennomført, fortel Kristin Midttun, prosjektleiar for Arbeidslivsdagen. Suksessen trur ho ligg i at terskelen for kontakt vert lågare, slik at studentar og arbeidsgjevarar får ei meir uformell ramme for å verte kjend med kvarandre.

– Det er ein sjanse til å vise seg fram og gå litt utanom dei store søkjarbunkane. Det er mange som tidlegare har sagt at dei skulle greidd å få jobben om dei berre får komme på eit intervju. Her får ein byrje med det intervjuet, seier ho.

Telenor-bygget, Fornebu: I fjor var det Ida Iren Eriksen som stilte nystrøken og med cv-en og masteren i helseøkonomi under armen på speedintervju. No sit ho saman med mannen som intervju ho den dagen, Henrik Einarsson, og Jens Haviken. Begge tilsette i Accenture, ei bedrift som har byrja å ha speedintervju alle stader dei har bedriftspresentasjon.

– Eg ringde Henrik ein del gongar etter intervjuet, spent på om eg hadde gjort inntrykk eller ikkje og for få vite om eg kom videre på intervju, fortel Eriksen smilande.

Etter ein heil dag meg intervju og case-løysing vart ho i januar tilsett som analytikar i bedrifta. For det var ikkje berre førsteinntrykket ho gjorde den første dagen som gav ho fast jobb.

– Det er viktig å understreke at vi ikkje berre tilset på førsteinntrykket. Dei korte uformelle intervjua er ein ypparleg måte for oss å verte kjend med søkarar, forklarar Haviken.

Kva dei ser etter på intervju, tykkjer dei er vanskeleg å definere.

– Vi ser ikkje etter ein spesiell type person, men heller etter nokon som kan passe inn og som kan tåle forandringar. Dei må ha engasjement og drive, supplerer Einarsson.

Og at dei finn desse personane i studentmassen, er det inga tvil om.

– Det er ingen vi traff på Blindern no i haust som vi tenkte at ikkje hadde passa inn hos oss. Men så var det jo berre førsteinntrykket sjølvsagt, smiler Haviken.

Både Haviken og Einarsson har drive med rekruttering for firmaet over lengre tid, og merkar endringar i overgongen mellom studiar og arbeid.

– No har eg vore på Arbeidslivsdagen på Blindern i 3-4 år og merkar godt at studentane er vorte meir målretta og flinke på å promotere det dei har studert, seier Haviken.

I fleire år har arbeidsmarknaden vore svært mottakeleg for akademikarar på jobbjakt, men no trur Haviken det er ei lita endring i emning.

– Kven er det eigentleg som sjekkar kven no? Tidlegare var det arbeidssøkarane som sjekka oss, men no har ting endra seg litt og eg trur det i større grad er vi som sjekkar dei, seier Haviken.

Karrieresenteret, Blindern: Bernstrøm sin halvtime med McKinsey er over. Representanten deira syner ho ut, helser ho i handa og seier det ikkje er umogleg at dei tek kontakt og oppfordrar ho til å søke jobb hos dei.

– Det gjekk ganske bra, trur eg. Det var mindre formelt enn eit skikkeleg jobbintervju, seier ho og smiler opprømt.

– Det var ei positiv oppleving. Det var godt å komme i gong.

Første sjekkerunde er over.

Powered by Labrador CMS