Free the babies

Kvar dag går eg over St. Hanshaugen. Og kvar dag veit eg at eg kjem til å treffe dei. Dei kjem i tog. Gjerne fire om gongen. Trillande på Ask, Embla, Njål og Storm i sine fancyschmancy trillevogner med kopphalder med Java-latte på lett i. Ungane er pakka inn i Polarn O. Pyret-bodyar til mange hundre kroner som dei uansett gulpa store mengder morsmjølk opp på kvar dag. Dei er sporty kledd og glade og lukkelege og tek opp heile gangvegen og er cirka sentrum for heile universet. Dei pratar og pratar om dei små vedundera, og planlegg korleis akkurat deira vesle augestein skal verte det mest fantastiske vesenet på jord med gode prestasjonar både i idrett, på skulen og i musikk. Korleis oppsedinga skal gjerast skikkeleg og med rette pedagogiske middel og riktig stimuli. Med strålande smil fortel dei korleis deira vesle kosebaby utviklar seg så mykje kvar dag at han snart fortener nobelprisen i å vere dritfantastisk baby.

Eg får lyst å plukke dei på skuldra, sjå dei inn i auga og seie: Ta å drit i det då.

Eg har nemleg førstehandserfaring med slikt. Eg er eit menneske som har vakse opp. Eg hadde riktig ullundertøy, heimestrikka luer og dei beste skoa. Eg tok tran og åt fisk til middag nesten kvar dag, men har pokker meg ikkje vorte noko supermenneske av den grunn. Og at ein får betre koordinasjon av babysymjing, er ei myte eg kan avlive her og no. I mitt første leveår var eg ein kløppar i vatn. Ifølgje far min var det berre å kaste meg i vatn og eg for som ei pil framover. I dag tryner eg på flat mark, dett av stoler, veltar glas heile tida og sym skeivt. Om det var ei rangering av menneske med dårlig koordinasjon i Noreg i dag ville eg ha låge på andre plass. Berre slått av Blomster-Finn. Og at musikalsk påverknad frå ung alder skal ha noko å seie, er og berre piss. Eg dansa rundt i bleier til Rolling Stones, kunne heile Barnas Store Sangbok utanatt og gjekk i musikkleikestove og slo rytmepinna mot kvarandre veke etter veke som femåring, men framleis er eg ikkje meir musikalsk enn ein gjennomsnittleg pappkartong.

Er eg bitter? Sjølvsagt. Vil eg noko betre for dei stakkars små skrikarungane som vert tvungne til å inhalere koffein i timevis kvar dag på foreldra sine mange kaffidates? Ja. Foreldre: Skjerpings.