Hunde­gal­skap

Nei, du er ikkje søt. Du, hoppande, gneldrande og ufordragelege vesen med akutt åtak av manisk-aggressiv løpetid så fort ein fredsæl mosjonist dukkar opp. Bit du, så ringer eg Verdens Gang. Det kan du ta deg gift på. Vi menneske klatra ned av trea for ti tusen år sidan, og glefsande kjøterar er ikkje det som skal jage oss opp att.

Tidlegare har eg gitt bængen i politikk. Men det var før. For no skal yrkesløgnarane i spikarsuppa få ei vaskeekte utfordring. Ved neste val vil mi røyst gå til det partiet som tek hundegalskapen i denne byen på alvor, og innfører bandtvang på Sognsvann. Bandtvang, munnkurv og rabiestest ved bommen. Snusande, illeluktande vesen med sosialintelligens på høgde med det absolutte nullpunkt skal ikkje få ta livsgnisten frå eit gjennomsnittsmenneske. Nok er tålt!

«Baltazar! Bamse! Rattata!!», skjær helvetes røyster gjennom skogen. Men når dei ropar, da er det for seint. Da er skaden alt skjedd, og det ullene uhyret er allreie i gang med å krinse offeret inn. Forsvarslaust som ein snømann i vårsol. Kampen for tilveret i gang, og blotta for motstandskraft er det lite anna å gjera enn å gi seg over.

Kor mykje meir skal vi tåle? Kor mykje skal vi tåle i det heile? Er det dyr som skal styre dette skakkjørte nisseberget, og jage borgarar av rang og stand vekk frå eigne pokkers tilmålte grisestiar av såkalla turområde. Eg seier nei. Eg seier eit høgt og rungande nei til Pedigree Pal, saftige kjøttbein og alt som luktar av naivitet og kristen manns dyriske undertrykking. Det er på tide å skjera klørne av.

«Ike fali, bara stor munn». Nå nei du. Eg har levd for lenge. Verda fungerer verre enn som så, og det finst enno grenser for kva galskap som får passere. Ein stor munn er eit farlegare våpen enn alle atombomber i verda til saman, og leier dessutan rett ned i det store mørkret, der ingen tobeinte vesen til no har fått behalde livet.

Ein sabla Hakkebakkeskog er det vi er. Utøy har tatt styringa og unyttige husdyr av ulveleg opphav har vorte det største trugsmålet mot ein lukkeleg slutt på dagen. Kvifor må du, medmenneske der ute, i all din omtanke, utsetja omverda for dette tyranni?

Fordi du er einsam, seier du? Heimen er så tom utan? Fyttikatta. Husbukk og biller er betre selskap enn ein bastard.