STOR SPENNVIDDE: Sigrid drøymer om å jobbe med prosjekt kor ein kan blande arkitektur, scenografi, mote og design.

Reine liner

Av og til er det dei med mest uro i kroppen som får verda i vater.

Publisert Sist oppdatert

– Her inne, tenkte eg. Her er det så fine fargar, seier Sigrid Bjørkum (26) og peikar inn i ein bakgard like bak Sofienbergparken.

Veggen er malt i blått. På den heng postkasser symmetrisk og tett i tett. Sigrid stiller seg framfor. Ser ned på dei brune sandalane. Dreg handa gjennom håret. Det legg seg ned att i ein midtskil. Dei blå buksene er bretta opp, den beige trøya sklir litt ned på skuldrane. Sigrid løftar blikket. Ser i kamera. Ansiktet lyser opp i eit lite beskjedent smil. Henda i lomma. Blikket i kamera. Fotografen knipsar. Sigrid er ei rein line.

– Arkitektur som er formmessig stramt appellerer til meg, seier Bjørkum.

Ho sit bøygd framover bordet på kjøkkenet sitt og forklarar med henda. Ho druknar nærast bak det store bordet. Ved sidan av ho på sofaen ligg ein mac. Ein mac ho ifølgje seg sjølv brukar 18 timar i døgnet på. Ein mac kor motebloggaren Siggelicious fleire gongar i veka deler bilete og tekst med verda. Og ein mac kor arkitekten Sigrid gjer jobben sin.

– Eg likar reine liner, konkluderer ho.

Henda peikar rett opp.

Ein og ein halv time tidlegare har Sigrid stått i døra til leiligheita si. Første etasje. Grünerløkka. Ho har gått inn, og ikkje lete att døra etter seg.

– Eg likar å høyre at eg bur i byen. Det er fint når folk berre kan stikke innom på besøk, forklarar ho.

Det var ikkje slik ho vaks opp. Som femåring flytta Sigrid, to brør og foreldre frå Bergen til Årdal for å overta odelen til faren. Der var det berre NRK1 på tv-en og 80 prosent av innbyggjarane var over 80 år gamle. Då ho som 14-åring fekk augene opp for mirc, var kimen til ein dataavhengig Sigrid lagt.

– Eg fekk kontakt med verda utanfor, seier ho.

Kanalen ut var mirc, helst på chatteromma Snowboard og Skateboard. Uanande gjekk ho inn i sitt første virtuelle nettverk. Sidan har det vorte mange fleire og utallige timar på internett. Då ho skulle skrive diplom i arkitektur tok ho for seg korleis ein kunne få den sosiale omgangen ut att i samfunnet, kor menneska treff kvarandre fysisk.

Men altså, før diplomen var starta og Sigrid slo eit slag for at sosiale relasjonar ikkje utelatande skulle skje på ein skjerm, bestemde ho seg for å invitere verdsveven inn i livet sitt. Siggelicious oppstod i Stockholm då den 23 år gamle arkitektstudenten Sigrid var på utveksling dit frå Trondheim. Det gjekk ikkje lenge før ho hadde tusenvis av faste lesarar, og nye postar kom fem gongar om dagen. Mote. Arkitektur. Design. Dagens outfit. Så i fjor haust var det plutselig nok. Sigrid la ned bloggen. Ramaskrik og bønn frå lesarane om meir moteblogging kom, men ho hadde fått nok. Likevel greidde Dagens Næringsliv å lokke ho attende på nettet. Då dei nokre månader seinare skulle lansere fredagsmagasinet D2, spurde dei om ho ville blogge på nettsida deira. Sigrid merka ho sakna blogginga og Siggilicious gjenoppstod. Oppdateringane kjem ikkje like ofte lenger. Det er meir bilete, og mindre tekst. Men like fullt er det Sigrid som deler frå si verd med alle dei andre.

– Når eg ser attende på tidlegare blogginnlegg ser eg at eg har forandra meg mykje etter at eg starta. Bloggen fungerer på mange måter som ei dagbok, seier ho.

– I Stockholm er dei så flinke å satse på design og mote, svarer Sigrid på spørsmålet om kva som skil dei ulike skandinaviske landa frå kvarande i moteverda.

– Det er nokre som er flinke i Noreg og, men det er ikkje lagt til rette for at dei skal lukkast skikkeleg. At store delar av moteveka leggast til trauste Oslo Kongressenter, syner at det ikkje er etablert ei eiga scene for mote, seier ho.

Svenskane har dei reine, fine linene ho stadig vender attende om. Danskane og for så vidt, men dei er litt meir avslappa. Svenskane lagar plagg som så og seie alltid sit fint, meiner ho. Slike som skapar ein klar silhuett og tydeleg er laga med kjærleik.

– Eg har litt hang up på svensk design.

Eigentleg var det siviløkonomi ho skulle ta då ho flytta til Trondheim som nittenåring, men så var det så mykje lesing. Mora, som er landskapsarkitekt, hadde fortald ho at ho ikkje måtte verte arkitekt for det var så slitsamt studium. Sigrid let seg ikkje skremme, og søkte overgong til arkitekt etter eit år. Eitt år etter det att starta ho kles- og kunstbutikk med nokre av medstudentane sine. Den skulle berre vere i ni månader, alt var planlagd på førehand og heitte passande nok Et stunt. Etter utveksling til Stockholm året etter, verka tanken på Trondheim lite forlokkande, og Sigrid tok med seg kofferten og bloggen til Oslo i staden. På Arkitekt- og designhøgskulen fekk ho komme inn på nokre kurs, som ho putta i diplomen ho til slutt sendte til NTNU i Trondheim i mars i år.

Sigrid brukar ikkje store ord om seg sjølv, men let det skine gjennom at ho heller vil angre på ting ho har gjort, heller enn ting ho ikkje har gjort.

– Eg føler eg har fått gjort eit par ting før eg fylte 25 år. Det går veldig opp og ned det der. Måndadene etter diplomen vart litt som eit vakuum. Fridommen til endeleg å kunne gjere kva som helst kjendest overveldande og nesten uhandgripeleg, seier ho.

Og legg til:

– Eg har hatt mange fine folk rundt meg som har hjelpt meg. Dei har enten sagt skjerpings, Sigrid eller gjeve meg beskjed om å berre køyre på.

Ein kropp full av energi og pågangsmot må og ha hatt ein del å seie. Sigrid verkar å alltid vere på veg mot noko framfor seg.

– Eg er veldig rastlaus, og eg sitrar alltid i kroppen etter å gjere noko nytt. Eg likar ikkje å sitte i ro, fortel ho medan ho legg ansiktet ned på bordet framfor seg.

Henda med korallrosa negler snakkar like mykje som munnen til Sigrid. Dei dreg gjennom håret, understrekar ord og skrapar i lakken på kjøkkenbordet. Kroppsspråket til Sigrid syner godt at ho kjenner seg heime. Først er ho attendelent, så ligg hovudet seg fram på bordet før olbogane heisar ho opp og henda støttar opp eit hovud tydeleg trøytt etter ein lang dag på jobb. Etter diplomoppgåva vart levert i mars har ho arbeidd hjå eit arkitektfirma. Men snart skal ho gjere noko anna.

– Eg har lyst å jobbe med prosjekt med stor spennvidde. Ikkje berre vere arkitekt, eg har lyst å kunne trekke inn møbeldesign, scenekunst og fashion i arbeidet, forklarar ho.

Snart håpar ho å byrje i draumejobben. Ho knip att auga når ho fortel det. Ho kan ikkje seie kor det er eller kva det er, men smilet om munnen hennar vitnar om gryande sommerfuglar i magen. Ho smiler eigentleg mest til seg sjølv. Som om orda ho seier lokkar fram eit fint minne i ho. Eller eit bilete av noko vakkert som kjem til å kome. Særleg tydeleg er det når ho snakkar om kva ho har lyst til å gjere i framtida. Det verkar som kreativiteten nærast sprett ut av fingrane hennar, og berre ventar på å forme verda om seg.

  • NAMN: Sigrid Bjørkum
  • ALDER: 26
  • JOBBER: Som arkitekt
  • AKTUELL: Nyutdanna arkitekt med ein av dei mest populære mote- og designbloggane i Noreg.
  • Har studert arkitektur i Trondheim, Stockholm og Bergen.
Powered by Labrador CMS