SUPER-ANNA: Ifølgje dei ho jobbar med er Anna Vibeke Lorentzen ei slik som alltid ligg foran med arbeidsoppgåvene sine, som tenkjar kreativt og som motiverer andre.

Likestillaren

Anna Vibeke Lorentzen håper ho snart mistar jobben.

Publisert Sist oppdatert
TANTE LORENTZEN: Anna Vibeke skildrar seg sjølv som litt tanteaktig. Ei slik tante trengs når universitetet skal endevendast og alle dei flinke kvinnane skal kostast fram.

Anna Vibeke Lorentzen

Alder: 28 år.

Aktuell med: Likestillingsrådgjevar ved UiO. Er med å arrangere kvinnedagsmarkeringa ved Universitetet i Oslo 7. og 8. mars.

Utdanning: 1999: Ex.phil og ex.fac på Bali. 2000: Namdals Folkehøgskule, media og journalistikk. 2001-2003: Bachelor i statsvitskap, NTNU og med utveksling til La Trobe University, Australia. 2003-2005: Master i statsvitskap, NTNU.

Sommaren 2006 satt likestillingsrådgjever Anna Vibeke Lorentzen på det nye kontoret sitt i sjette etasje i administrasjonsbygningen og skula ut over Blindern. Noko var gale innanfor teglblokkene. Kanskje i systemet, kanskje i mentaliteten. Kanskje det var heile samfunnet det var noko gale med. Ho var redninga. Underrekrutteringa av kvinner sett i forhold til talet på studentar og stipendiatar skulle opphøyre. Universitetet skulle likestillast. Helst innan 2011. Ho laga handlingsplan. Det med ein gong.

– Korleis set ein i gong med noko slikt?

– Først litt pusteproblem, ler Lorentzen og bøyer seg over bordet. Ho sit på kafeén Frida. Rettar på den raude toppen.

– Nei da, det gjekk fint altså. Eg fekk veldig god hjelp. Det var berre å setje i gong, seier ho, og nesten lettar frå stolen. Som om ho er klar til å setje i gong når det skulle vere.

Sidan det var midt på sommaren vart det arrangert høyringskonferanse, i staden for høyringsrunde. Til trass for årstida var det stort oppmøte og fulle auditorium.

– Det var så godt å sjå at folk tykkjer dette er viktig. At likestilling ikkje berre er noko for spesielt interesserte.

Likevel, likestilling er ikkje noko som har oppteke Lorentzen så mykje tidlegare. Ikkje i akademia. Men dei snart to åra i stillinga har gjort ho klar til kamp. Ein kamp ho ikkje er redd for å kjempe med radikale tiltak.

– Du er uttala for øyremerking av stillingar til kvinner. Forstår du dei som meiner dette er ei fallitterklæring?

– Ja, sjølvsagt, seier ho og skundar seg å utdjupe:

– Dette syner jo berre det at samfunnet ikkje er godt nok i det daglege til å likestille menn og kvinner. Og nettopp dette er grunnen til at vi må ha øyremerking. For å nå måla vi har sett, må det radikale tiltak til.

Anna Vibeke Lorentzen er ikkje personen som vegrar seg for å setje krav. Ho passar godt på kollegene sine, og seier ifrå når nokon ikkje gjer jobben sin. Det må til for å likestille eit universitet der nesten åtte av ti professorar har utovertiss, men kor over femti prosent av studentane er kvinner.

– Eg er nok litt tanteaktig, ler Lorentzen.

– Litt slik at eg går bort til folk og spør om dei har tenkt på likestillingsperspektivet her.

Våren 2006 var Lorentzen praktikant ved den norske ambassaden i Seoul i Sør-Korea, og fekk oppfyld ein draum ho hadde hatt sidan ho var tolv: Jobbe på ein ambassade. Der fekk ho mykje ansvar, noko ho alltid har fått. Heller ikkje tanken på Asia var ny. Som 17-åring skulle ho verte fotballproff i Japan. Slik som Linda Medalen. Eventuelt kunne ho slå seg til ro med å vere utanrikskorrespondent i Asia, som Anne Grosvold. Ho kom ikkje lenger enn til benken på krinslaget, og vikariatet i Namdalsavisa var ikkje like eksotisk som korrespondentdraumen. Ho måtte finne noko anna. Etter førebuande på Bali, folkehøgskule og jorda rundt-reise, skulle ho studere statsvitskap i Trondheim. Det vart ikkje heilt som planlagd.

– Eg hadde lyst til å studere USA, Midtausten og politikk, men i byrjinga var det berre metode. Det var ikkje det eg hadde tenkt. Metoden har jo vore grei å ha i ettertid når eg har måtte lese statistikkar og slikt, men det kjendest ikkje så nyttig akkurat då.

Interessa for samfunnsfag og politikk hadde opphav i diskusjonar rundt middagsbordet heime i Sjøvegan då ho var lita. Der var det takhøgde for å lufte dei store spørsmåla og Lorentzen utvikla ifølgje seg sjølv ein sterk rettferdssans.

– Prinsippet om at alle skal ha like rettar er viktig for meg. I studietida var eg oppteken av bistand, og eg trur nok eg kunne likt å studere det. Eg er driven av ein veldig rettferdstankegong. Det er viktig å prøve å gjere ein skilnad. At eg gjer så mykje eg kan. Det ligg ansvar i det der. Ein skal nytte dei moglegheitene ein har.

Ho legg trykk på skal. Og vert stille eit sekund.

Lorentzen har ifølgje seg sjølv alltid vore flink. Gjort lekser, fått gode resultat. Nesten slik at ein kan få lyst å kalle ho flink pike. Dei som har prøvd seg på det, har fått angre. Ho let seg ikkje redusere til ei flink pike.

- Det er ikkje alltid like feminint med jenter som har ambisjonar.

– Flink pike er eit skjellsord i dag. Når jenter er pliktoppfyllande og ambisiøse får dei høyre at dei er flinkisar. Det er ikkje alltid like feminint med jenter som har ambisjonar. Gutar som er det same vert hylla som kreative og sjølvstendige. Då er det berre stas.

Ho sukkar oppgitt. Det er tydeleg at slikt provoserar. Ho tygg litt på det, og har meir å sei.

– Og dette er haldningar ungar vert møtt med alt i barneskulen. Eg såg det sjølv i klassen min. Ei jente som var fast bestemd på kva ho ville bli i livet vart merka som veslevaksen og ein strebar, medan ein gut med like store ambisjonar vart løfta fram som ambisiøs og målretta. Det hjelp ikkje å byrje med likestilling når folk er ferdig utdanna, når kjønna har vorte ulikt behandla heile livet.

Anna Vibeke er utålmodig. Og ambisiøs. Det er så mykje ein skal få gjort noko med. Og det greier ein ikkje berre gjennom å øyremerke stillingar og arrangere kvinnedagsmarkering. Likestilling er så mykje meir enn det.

– Likestillinga må integrerast. Vi har sett på korleis dei ordinære tiltaka ved universitetet slår ut for menn og kvinner, og det syner seg at menn får meir.

Ho snakkar ivrig. Byggjer den integrerte draumestrukturen med hendene.

– Eg trur det er viktig. Det at det får sin eigen struktur. At likestillinga er ein del av alt. Det må ikkje vere slik at det fell saman om eg forsvinn.

– Kor langt trur du ein er komme om fem år?

– Eg håpar på 45 prosent kvinnelege professorar. Det kan verte tøft, eg ser den. Det viktigaste er at det skjer ei kulturendring.

– Og dessutan, seier ho og smiler.

– Ein er skikkeleg dum om ein ikkje tilset kvinner. Dei ønskjer jo karriere, det har undersøkingar synt. Det har meir enn politisk vinst.

Det er ikkje berre på arbeidsplassen Lorentzen vil ha likestilling.

– Eg er overbevist om at skal ein få til likestilling på jobben, må ein få til likestilling i heimen. Og det går ikkje berre på at menn må trå til, kvinnene må og sleppe makta.

– Er du villeg til å sleppe makta i heimen då?

Ho smiler lurt. Rødmar litt.

– Eg er villeg til å sleppe makta eg. Sjølv om det sikkert fører til at ting vert løyst annleis. Men det skal ikkje vere slik at eg skal takke kjærasten min for at han har tatt ut av oppvaskmaskina. Det bør det jo vere heilt opplagt at han skal, konstaterar ho.

Når ho fortel kva ho gjer til personar ho møter, er det mange som har spørsmål å stille. Menn skal gjerne utfordre ho. Høyre om ho har hald for alt ho seier. Og ho diskuterar gjerne.

– Eg gjev meg nok ikkje så lett, og må overbevisast før eg endrar meining. Og eg gjer det ikkje før eg ser gode bevis.

Det verste som kan skje i følgje ho er at det ikkje vert diskusjon. At folk berre dreg på skuldra. Dei skal verte engasjerte.

Anna Vibeke er travel. Om nokre dagar skal universitetet markera den internasjonale kvinnedagen med seminar over to dager.

Det er berre eit av stegene ho har satt på vegen mot å gjere seg sjølv arbeidsledig fortast mogleg.

Powered by Labrador CMS