SKUFFA MUSIKANT: Veterinærstudent Anna Monica Hansen har oppdaga at mykje er annleis i Oslo enn i Brønnøy, mellom anna er ho skuffa over den urbane trekkspelkulturen.

Bøndar i byen

Omlegging av dialektar og utleigeannonsar merka «Ikke nordlending» – Oslo har ikkje alltid verka velkomen for utkantstudentane.

Publisert Sist oppdatert

Eg er heldig på den måten at dialekta mi ikkje er vanskeleg å forstå. Arne Torp, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium på UiO

– På eit vis var det eit kultursjokk. Det var så mykje folk overalt, seier Anna Monica Hansen om sitt møte med hovudstaden.

På ein benk like ved «Spikersuppa» ved Karl Johan sit den harmoniske nordlendingen i etterlengta solsteik, ikkje tydeleg plaga av folkemylderet. Likevel har bylivet aldri framstått som noko draumetilvere for Hansen. Etter å ha vokse opp i ei grend med sytten innbyggjarar, freista det lite å flytte til hovudstaden. Da Brønnøy kommune i Nordland vart forlate for fire år sidan, var det utelukkande for oppfylle draumen om å bli veterinær.

Sjokket har lagt seg, men skilnadene mellom by og land er framleis påfallande. Hansen saknar skikken med at turgåarar helsar på kvarandre, og har lagt merke til at folk går lite på besøk til kvarandre.

– Det er litt spesielt dersom ein ber nokon heim til seg her. Folk møtes heller ute, seier ho.

I ÅSENS HAGE: Arne Torp er glad han kunne vise veg som dialektbrukar på universitetet.

Arne Torp, førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, trur påkjenninga ved å vera nordlending i Oslo var større tidlegare.

– Nordlendingar vart sett på som ureinslege og upålitelege, held han fram, og viser til utleigeannonsane som skal ha stått i Aftenposten tidleg på 60-talet, med billettmerkinga «Ikke nordlending».

Språkforskaren forklarar at det å endre ein nordlandsdialekt i utgangspunktet fell mykje vanskelegare enn å leggje om austlandske målføre, på grunn av tonefallet.

– Men det var mange som gjorde det likevel, seier han.

KIRSTI HANSTEEN BENNIS , som kom til Oslo i 1961, kjenner seg ikkje att i skildringane til Torp om situasjonen for nordlendingar i byen for 40 år sidan. Trivselen var på topp frå første stund, sjølv om tilhøva var langt større enn i heimbyen Sandnessjøen.

– Det var mange fleire gater her. Og så var det noko som heitte austkant og vestkant. Ein gjekk ikkje lenger ned på Karl Johan enn Egertorget, forklarar ho.

Tilhaldsstaden til Bennis var Det odontologiske fakultet, som den gongen gjekk under namnet Tannlegehøgskolen. Medstudentane kom frå heile landet, og i følgje Bennis var dei «eit einaste stort amalgam». Bennis syntes ikkje det var problematisk å snakke nordlending, og kan heller ikkje hugse at andre i studentmiljøet la om dialekten si.

– Det var ikkje behov for slikt fiksfakseri, slår ho raskt fast.

Arne Torp er samd i at dialektbruk ikkje var noko problem blant studentane på 60-talet. Sjølv gjekk han på Blindern, og tok tysk, nederlandsk og nordisk. Torp kom frå Holt, som i dag er ein del av Tvedestrand kommune i Aust-Agder.

– Eg er heldig på den måten at dialekta mi ikkje er vanskeleg å forstå, meiner han.

Torp trur det var andre som i større grad kjente seg tvinga til å leggje om.

– Dei som var frå Østfold eller Toten og Hedmark opplevde å bli stigmatisert. Folk ville ikkje skjøne kva dei sa, seier dialekt- og språkforskaren.

– REVOLUSJONEN SLO INN inn rundt 1970, forklarar Eric Papazian. Førsteamanuensisen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium opplevde sjølv desse omveltingane, og på klingane valdresmål kjem historia om det språklege hamskiftet. Papazian meiner kampen mot norsk EEC-medlemsskap (seinare EF og EU journ.anm.) har æra for at synet på dei lokale talemåla kom til å endre seg drastisk på kort tid.

Også universitetet var gjenstand for eit språkleg generasjonsskifte. Tilårskomne professorar skulle berre prate standard bokmål eller nynorsk, eit regime dei nytilsette på 70-talet fridde seg frå.

– Fanst det noko i UiO sitt reglement om språkbruk i undervisninga?

– Nei, det har eg aldri «høyrt gjete», seier Papazian.

SJØLV OM UTKANTSTUDENTANE synes det er fint å sjå korleis byfolk har det, er dei ofte klare på at hovudstadstilveret er heilt mellombels. Arne Torp hadde eigentleg sett for seg at han kom til å jobbe som lektor ein eller annan plass i distrikts-Noreg, og Anna Monica Hansen fortel om tilsvarande fluktplanar.

– Det ber nordover att, seier ho.

Likevel er ho glad for erfaringa med å bu i byen.

– Eg visste jo at eg hadde nokre fordommar som burde avkreftast. At byfolk trur mjølka blir laga i butikken, kjøttet kjem frå slaktaren og slikt.

Powered by Labrador CMS