Med målmedvit som målsetjing
Vi er produktive, progressive, motstraums, motkulturelle, engasjerte og målmedvitne.

MÅLRETTA:Rolf Lynum Bjerkem kostar snø av Ivar Aasen.
FOTO: Aslak Johannesen
Nynorsk er mindre klisjeaktig enn bokmål. UiO er altfor opptatt av det akademiske språket og bevegar seg ved hjelp av snirklete begrep vekk frå det folkelege, seier Gudrun Kløve Juuhl, nestleiar i studentmållaget i Oslo.
Studentmållaget kjempar for at universitetet skal nytte nynorsk, og for nynorskstudentane sine rettar. Dei såg det for eksempel som sitt ansvar å varsle media då UiO og rektor gjekk ut og viste uvilje mot å utgi 25 prosent av informasjonen på nynorsk slik mållova krev.
UiO uttalar at dei primært ønskjer å rekruttere studentar frå austlandet, og difor ser det som uvesentleg å oppfylle lovpålegget. Dette fører til at nynorskstudentane føler seg usynleggjorde.
Mange studentar som kryssar av for nynorsk som målform ved eksamensoppmelding, vert i etterkant å kontakta av UiO med førespurnad om dei ikkje kan endre til bokmål sidan dei då vil spare UiO for pengar, fortel Kløve Juuhl.
Fire gongar i året utgjev Studentmållaget bladet Mål om makt der dei skriv om språk i samanheng med kultur og politikk. I februar arrangerar dei ein debatt over Oslo kommune sin søknad om fritak frå skriftleg sidemål i grunnskulen.
Rolf Lynum Bjerkem, leiar i studentmållaget i Oslo, meinar ein bør lære seg både nynorsk og bokmål skriftleg for å byggje opp ein solid kulturell kompetanse.
Vi er glade i nynorsk og motstandarar av kulturell einsretting. Nynorsk tar vare på dialektar og fremjar mangfald, seier Bjerkem.
Studentmållaget har ei skrivegruppe der nynorskforfattarar kjem for å prate om bøkene sine, og ausar av kunnskapen sin om korleis ein kan nytte det nynorske språket som skjønnlitterær formidlar.
Dei fleste nynorskforfattarar bur i by, difor meinar studentmållaget at nynorsk er urbant. Dessutan ligg Det Norske Samlaget og Det Norske Teateret i Oslo.
Folk assosierar nynorsk med bygda, og bygda er ukul. Difor stemplar dei nynorsk som ukult og bondsk, og oppfattar oss som bygdeforkjemparar, seier Kløve Juuhl.
Studenmållaget er også eit sosialt føretak. Kvar måndag klokka eitt er det matpakkesamling der alle nyt heimelaga matpakke i gamle røykekantina på Fredrikke, og kvart år feirar dei studentmållaget gebursdagen sin 31.oktober med graut i store mengder. Nye medlemmar er hjarteleg velkomne.












