Annonse

annonser i Universitas

Grenselaust provoserande!

Det provoserer meg grenselaust når studentrepresentantar på den eine sida ber seg over dårleg undervisning og dårleg studiekvalitet her på bruket, for deretter å hevde at forelesarar får «for god uttelling» for timane dei foreles. Det blir vist til at forelesarar får godskrive inntil tolv timar for førebuingane til ei to timars forelesing.

For det første skal ein nå faktisk stå der og forelesa dei to timane, altså får ein godskrive max ti timar til førebuing; åtte er vanlegare.

For det andre er ikkje problemet at forelesarar får godskrive for mange

timar; det er det motsette som er problemet.

«Det stemmer nok bare i de færreste tilfeller at man faktisk bruker opp til ti timer på å forberede seg til en dobbelttime», blir det hevda i Universitas. Har Audun B. Vestre belegg for dette? Mi erfaring er at sjølv i dei tilfella der ein faktisk har stoffet «inne», og slepp å starte prosessen med å lesa seg inn på temaet ein skal forelesa om, tar det ofte meir tid enn åtte–ti timar å førebu ei god dobbeltforelesing. Ein skal systematisere stoffet, gjerne setja pensum inn i ein samanheng, lage overheads og kopiere ting til utdeling.

Den første gongen ein har ei forelesingsrekkje, legg ein kanskje inn det firedobbelte av det ein får uttelling for i førebuingsarbeid, særlig viss ein også må lesa seg opp. Vi som forskar og underviser her på Universitetet driv i realiteten eit utstrekt gratisarbeid i dag. Vi forskar på fritida for å kunne gje studentane eit tilbod vi tykkjer vi kan vera bekjent av. Men det finst ei grense for alt.

Ein reduksjon i den førebuingstida vi får godskrive kan gje svar som fortent: Da får vi førebu oss på den tida vi får godskrive, og så får kvaliteten bli deretter. Det kan eg ikkje sjå at korkje vi eller studentane er tente med.

Elisabeth Bakke

Poc.Doc., Institutt for statsvitskap

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »