Luftslott og legoslott
Som alle samfunnsvitskapar med avgrensa høve til kontrollerte eksperiment, har samfunnsøkonomifaget slite med sjølvtillita. Er det eigentleg ein vitskap? Er det verdig ei byste ved sida av fysikk, biologi og matematikk, kor forskarar kan byggje ny kunnskap på gamal kunnskap, eller må det stå i same kott som psykoanalyse og kjønnsforsking, som når som helst kan verte avslørte som ideologisk fusk av Harald Eia?
Gjeldskrisa som no vellar inn over vestlege verda røpar at samfunnsøkonomi ikkje er ein moden vitskap. Ein moden vitskap er, i Karl Poppers termer, ein fagleg disiplin som kan falsifisere hypotesane sine, og i forlenginga, dei hypotesene som overlev kan verte uproblematiske utgangspunkt for ny forsking. Ein matematikar treng ikkje tvile på at to pluss to vert fire, ho kan gå vidare på integrasjonsrekning.
Umodne vitskapar må slite med paradigmeskift, kor ny kunnskap rasar ned den gamle. Tilbake til gjeldskrisa: I 1929 var dei fleste økonomar og politikarar samde om at i krisetid måtte staten så raskt som råd balansere budsjetta sine. Vart ikkje budsjetta balanserte, ville investorar tvile på om staten kunne forsvare valutaen sin og dimed ville tillita til pengesystemet kollapse. Så krise = kutt i offentlege budsjett.
Så kom John Maynard Keynes og fortalte at tillita til pengesystemet ikkje var verd mykje om realøkonomien, der folk tener pengane sine, rakna. Og stramma staten inn pengebruken var det nett det som ville skje: Kutt i statlege utgifter gjev arbeidsløyse, arbeidsløyse gjev lågare etterspurnad, lågare etterspurnad gjev meir arbeidsløyse og sviktande skatteinntekter. Dimed burde staten tvert om bruke meir pengar i krisetid.
Gjennom IMF og Den europeiske sentralbanken er samfunnsøkonomien tilbake til 1929: No skal Hellas stramme inn til beinet, jamvel om alle statistikkar syner at det skapar meir arbeidsløyse, lågare skatteinntekter og dimed enno djupare gjeldskrise. Alt dette for å halde tillita til euroen og finansvesenet ved lag. Alle lærdomar frå depresjonen og til og med 2008 er gløymde på eit blunk. Så vi kan konstatere at samfunnsøkonomifaget er i borndomen og kanskje aldri vil kome ut av han.
Poenget er ikkje at dykk samfunnsøkonomistudentar skal kaste bøkene i papirgjenvinninga. Heller bør dei leggje dei til sida ein augneblunk og plukke opp Thorstein Veblens essay «Why is Economics not an Evolutionary Science» frå 1898. Veblen veit at samfunnsøkonomi ikkje kan trenge inn til «kjerna» av verda, berre løyse problem. Og for å løyse problem må ein vite kva type samfunn problema dukkar opp i og kva ideologiske band som pregar løysingsframlegga. I dette faget er universelle lover er kort sagt for amatørar (og for Ricardo). Det er for enkelt å seie at samfunnsøkonomien er eit luftslott; snarare er det eit legoslott som gong på gong vert smadra, men kor ein kan bruke somme av bitane til å byggje på nytt.
Johan Brox, økonomi-journalist i Klassekampen






