Annonse

annonser i Universitas

Boikott Jaffa-appelsiner

Frukthyllene i SiO-kantinene på Blindern bognar av freistande appelsinar. Dette er ikkje kva som helst appelsinar, men Jaffa-appelsinar produserte i Israel. Ettersom Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) ikkje tilbyr andre appelsinsortar, vert valet for politisk medvitne studentar å kjøpa eit produkt frå apartheid-staten Israel, eller null appelsin. Må det vera slik?

I byrjinga av mars i år kunngjorde Israel planar om å byggja 1600 nye bustader i Aust-Jerusalem. Trass i den krasse kritikken som fylgde etter Gaza-krigen kring årsskiftet 2008-09 både i Goldstone-rapporten og frå verdssamfunnet, ser ein altså at Israel får halda fram den brutale okkupasjonen og koloniseringa av Palestina.

Regjeringane i Vesten verkar paralyserte av den israelske maktparaden, og står på sidelinja medan den palestinske befolkninga mistar levegrunnlaget sitt. Dette tyder ikkje at resten av samfunnet vårt skal fylgja blindt etter. Me må påverka der me kan, og sidan Israel er avhengig av handelen med utlandet er boikott av israelske varer viktig for å visa at me ikkje godtek handlingane og politikken deira. Sjølv om boikott er ein omdiskutert økonomisk sanksjon, er det eit av våre viktigaste verkemiddel i kampen for ei rettferdig løysing av konflikten i Midtausten.

Raudt Blindern ynskjer at universitetet og høgskulane i Oslo boikottar israelske varer og vil fremja forslag til Velferdstinget om å innføra dette. Me oppmodar SiO til å avslutta salet av Jaffa-appelsinar med det same.

3 kommentarer

Jomar

Andreas, Andreas, Andreas... Finnes det ikke større problemer i verden å ta tak i?

Rune

hvis Raudt Blindern ikke liker appelsiner fra Israel foreslår jeg at du går på Bunnpris. Eller Prix.

Av alle problemer i denne verden er ikke salg av jaffaappelsiner noe å prate om. Er det rart nesten ingen stemmer Raudt når dere henger dere opp i meningsløse saker?

Fredrik

Kjøp Jaffa appelsiner...Skal kjøpe dobbelt så mye når jeg ser logoen :-)

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »