Annonse

Bli med i nordens største studentavis

God språkpolitikk frå dag éin

– Retten til eksamen på eige språk blir ofte broten

Den siste helga i april får Noreg etter alt å døme ein ny, samla studentorganisasjon. Studentmållaget i Oslo helsar organisasjonen velkomen, og er glad for at studentar i Noreg får ei endå sterkare røyst i viktige kampar frametter. Den røysta må den nye studentorganisasjonen nytte til å mellom anna gjere stoda betre for nynorskstudentane her til lands.

I dag er kvardagen for studentar som har nynorsk som sitt hovudmål alt anna enn tilfredsstillande. Retten til eksamen på eige språk blir ofte broten, vi får sjeldan sjå att språket vårt i pensum, universitet og høgskular bryt mållova og mange opplever at førelesarar uttrykkjer særs negative haldningar til nynorsk. Det er viktig at den nye studentorganisasjonen tek tydeleg standpunkt og seier frå at nynorskstudentar skal ha dei same høva til å ta høgare utdanning på eige språk som det bokmålsstudentane har.

Vi vonar den nye studentorganisasjonen vil reise viktige, prinsipielle ordskifte om akademia. Dei aller fleste studentar skal i all hovudsak bruke utdanninga si i Noreg og i norskspråklege miljø. Då er det avgjerande at utdanninga deira er i samsvar med dette. Den nye studentorganisasjonen må vere ein pådrivar for at norske universitet og høgskular er seg sitt samfunnsansvar medvite og syt for at studentane får lære norsk fagterminologi, lese norsk pensum og kunne formidle faget sitt til alle ikring. Utfordringane knytte til publiseringsteljinga må stå høgt på dagsorden. I dag diskriminerer systemet akademikarar som ynskjer å publisere på norsk og for eit ålment publikum.

Jaget etter engelsken er ein misforstått freistnad på internasjonalisering, der ideen er at verda der ute er engelskspråkleg – og berre dét. For medan internasjonalisering står høgt på dagsorden i universitets- og høgskulesektoren, blir undervisningstilbod i ulike framandspråk lagde ned over ein låg sko. Det mangespråklege akademia må vere eit ideal for den nye studentorganisasjonen.

Studentmållaget i Oslo ynskjer organisasjonen lukke til, og vonar språkpolitikk i akademia blir teke på alvor frå dag éin.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

93 prosent av alle menneska i verda bur utanfor EU, og det kan jo tenkjast at norske studentar har lyst til å bli kjend med nokre av desse òg, skriv Jens Kihl.

Meld Noreg inn i Bali


Flere saker fra lesarbrev »

Annonse


Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt