Annonse

annonser i Universitas

Tankar frå ein UiO-student

I Universitas 4. februar skriv Bernt Hagtvet at han ikkje skjønar kvifor studentane finn seg i «skamferingen av UiO». Så lat meg få gjere det heilt klart: Eg vil ikkje finne meg i det! Men kva gjer ein?

Denne våren tek eg STV1530, og har fått nok ei aha-oppleving når det gjeld både engasjement frå forelesarane si side og korleis forelesningsrekkja vert lagt opp. Allereie etter tre veker har me vore på ekskursjon, sett 3-4 filmar, snakka med tidsvitner frå andre verdskrig og snart skal me på studietur til Berlin. Dette er ikkje vanleg praksis på Blindern, men slik burde det vere!

Då eg bestemte meg for å ta ei universitetsutdanning for 5 år sidan, trudde eg me skulle lære mest mogleg og få eit breitt perspektiv. Slik det er i dag er det alt for mange som berre les litt pensum og tek ein eksamen på slutten av semesteret, utan å sitje att med noko særleg.

Eg er så ung at eg ikkje kjenner til tida på Blindern før kvalitetsreforma, men eg er ikkje nøgd med utviklinga. Sannsynlegvis reiser eg til utlandet for å ta master, sidan eg ikkje lenger stolar på at eg får det beste læringsutbyttet i Oslo.

Så vyrde nye rektor, og vyrde politikarar:

Ja, me treng fleire studentbustadar - men dersom utdanningstilbodet ikkje betrast snart, er det kanskje ikkje vits i å bygge fleire? Det vil nemleg ikkje vere like attraktivt å studere i Oslo lenger, eller Noreg generelt, for den saks skuld. Undervisninga bør vere på eit nivå som Universitetet i Oslo kan vere stolt av. Slik er det ikkje i dag. Diverre.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »