Annonse

annonser i Universitas

Ureflektert om språk

Utspelet frå Egil Heinert den 28. januar har vorte kritisert av mange. Heinert bør spørja seg om han verkeleg vil gjera seg til nyttig idiot for anglo-amerikansk språkimperialisme og verta slegen i hartkorn med organisasjonar som U. S. English, som arbeider for eittspråklina i USA, og elles er best kjend for rasistiske utsegner om innvandrarar. Samanhengen mellom nasjonalisme og ynsket om å vareta norsk fagspråk er heller ikkje innlysande.

Det viktigaste som ikkje enno er sagt om Heinert sitt syn, er likevel at han ser ut til å få viljen sin uavhengig av kva folk meiner: Engelsk språk vert stadig meir dominerande i norsk akademia. Meir konstruktivt verkar det difor å snu problemstillinga, og ta utgangspunkt i at ein skal kunna studera på norsk i Noreg. Kva føreset dette?

- Forlaga må ha høve til å gje ut faglitteratur på norsk. Hveem noterer seg at det «må […] finnes innføringsbøker på norsk i alle fag», og akademikarar som ynskjer å arbeida mot dette målet, bør difor gjevast økonomiske insentiv.

- Teljekantsystemet må modifiserast slik at det løner seg like mykje å publisera på norsk som på engelsk.

- Der engelsk språk dominerer, dominerer òg anglo-amerikansk tenking. Norske studentar må kunna andre framandspråk enn engelsk. Universiteta bør få ressursar til å arrangera språkkurs i dei viktigaste språka, og opplæring i andre framandspråk bør ta til tidleg for å sikra at folk får eit solid utgangspunkt i språka.

- Det er påfallande kor lita vekt Heinert tillegg undervising i, og ikkje på, engelsk. Universiteta må kunna tilby kurs og undervising i engelsk akademisk skriving, fagspråk og effektiv munnleg framstelling.

- Universiteta bør løyvast ressursar som gjer dei i stand til å tilby eller subsidiera profesjonelle omsetjingstenester for norske studentar som ynskjer å konkurrera på line med engelskspråklege akademikarar, men som ikkje nødvendigvis orkar å bruka like mykje tid og krefter på den språklege utforminga av avhandlinga eller artikkelen som på det faglege innhaldet.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »