Annonse

annonser i Universitas

Fei for eiga dør

Etter å ha nekta å delta i debatten, går fleirtalet i Studentparlamentets Arbeidsutval (AU) ut i førre Universitas mot vedtaket SP fatta 18. september om nedjustering av lønna til etterfølgjarane deira. Det er fint at AU endeleg kjem med i debatten og me skulle gjerne sett dei gjorde det før vedtaket vart fatta. AU går hardt ut mot utrekningane våre. Ingen av oss er økonomar, men det er openbart ikkje AU-medlemmane heller. Prinsippet vårt står uansett fast: AU-medlemmar skal heretter ikkje lønast som normale arbeidstakarar med tariffløn, men som dei tillitsvalde dei er etter Lånekassa sine inntektsgrenser for tillitsvalde. Kor stor innsparinga blir, kan ein gjerne krangla om, men det blir uansett i 100 000 kroner-klassen når ein slepp å utbetala rentekompensasjon m.m. Lønsveksten i arbeidslivet har dei siste åra vore mangedobla veksten i kostnadsnorma for studentar. Med den nye grensa, blir løna justert meir i forhold til «ekte» studentar sin økonomi. Når studentane elles får 87 000 i lån og stipend, kan me vanskeleg sjå at 211 000 er ei låg løn. SIFO-statistikk kan nyttast til så mangt, men det er synd at AU ikkje ser studentane dei representerer som eit meir relevant samanlikningsgrunnlag.

Så kjem utfordringa med tillitsvalde som sit over fleire periodar. Me ser gjerne på løysingar for desse og vonar AU deltek denne gongen. Me skal vera dei fyrste til å applaudera dersom AU engasjerar ekstern ekspertise til å vurdera saka.

AU viser også behovet for dette når dei skyv studentar med born framfor seg. Lånekassa sine grenser tek faktisk høgde for forsørgjaransvar. Ein student med born under 16 år vil heretter kunne tena over 10 000 kroner meir i året enn andre. Alle tillitsvalde vil framleis sitja langt betre i det enn den jamne heiltidsstudent - uavhengig av forsørgjaransvar. At tillitsvalde med særskilte utfordringar, som til dlømes studentar med born, får kompensert sine ulemper - det er likeløn, det. AU er vidare opptekne av studentar med billån og har heilt rett i at me ikkje har teke omsyn til det. Det ser me også liten grunn til.

Sidan ryddighet er måleeininga AU legg opp til, undrar med oss over det følgjande:

1. Er det ryddig av AU å gå ut mot eit vedtak fatta av eigen generalforsamling?

2. Er det ryddig av AU-medlemmar å føreslå å redusera løna til andre stillingar i SP midt i inneverande periode utan konsekvensutgreiing, for så å kritisera lønnsreduksjon av eigne stillingar i neste periode?

3. Var det ryddig av AU å føreslå eit budsjett med 16 000 kroner (!) i eigen lønnsauke utan å problematisera det i heile for så å gå i harnisk når nokon gjer det?

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »