Annonse

annonser i Universitas

Kan det bli læring av UiO sine feilsteg?

Dette er ein appell om at Universitetet i Oslo (UiO) skal nytta seg av studentane. UiO sin økonomi er i vinden for tida, men ikkje i positiv forstand. Som det så treffande blir lagt fram i Universitas (nr. 24) så kunne studentar frå informatikk ha tatt på seg mykje av ansvaret for ei ny nettside til UiO. Eg synast at tanken om å sysselsetje oss studentar med hell også kan overførast til andre (problem-) områder ved UiO.

Kva med å rådføra seg med studentar som tek arbeidspsykologi, angåande det betente arbeidsmiljøet ved UiO (Mobbes og trakasseres, Universitas nr. 22)? Det kunne ha blitt skrivne masteroppgåver om saken, i samspel med ekspertar frå næringslivet. I beste fall kunne dette blitt ein reell trening for studentane som spesialiserar seg på arbeidspsykologi. Kor effektivt er det å ikkje nytta seg av studentar som blir utdanna til å hanskas med slike problem?

Eg sit ikkje med oversikta over kva for andre stadar studentane kan vere med å betre, men eg ser at det er utan tvil eit potensiale jamt over. Vitsen med utdanninga som alle tek ved UiO er nettopp det å kunne gjere noko for samfunnet. Eg etterlysar leiarar ved UiO som «har ballar» nok til å gå inn og få liknande problem ut i lyset, og sjå på studentane som ein ressurs til å løyse dei. Kvalitetskontrollen av arbeidet får ein til ved å dra inn ekspertar utan å ekskludera studentane. Dermed får vi kanskje eit betre samspel mellom næringslivet og akademia i same slengen.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »