Annonse

annonser i Universitas

Sex og singelliv på HF

I samband med at Det humanistiske fakultet (HF) sitt fakultetsstyre no har vedteke at filosofi og idéhistorie skal gå saman i eit felles program har filosofkollegaen min, professor Olav Gjelsvik, gått hardt ut mot dette (i Universitas 24/9. 08) og kalla det eit tvangsekteskap, og ser for seg tap av fagleg autonomi og utbrot av maktkamp i eit felles programråd. For at det ikkje skal festa seg eit inntrykk at dette er det einaste synet blant filosofane skal eg koma med nokre opplysningar:

Filosofane ved IFIKK har hatt eit faglærarmøte der dei samrøystes gjekk mot framlegget om samanslåing. Samstundes stødde dei idéhistorie sitt primære ønskje om å få sitt eige program. Dette var eit godt eksempel på såkalla overlappande semje. Eg skulle elles tru at alle fag uansett har eit primært ønskje om å få ha sitt eige program.

Derimot er det slett ikkje alle filosofane som ser på samanslåinga, når ho så først har vorte vedteke, som så forferdeleg som Gjelsvik gjer. Det skulle ikkje vera overraskande at det finst mange ulike slag av filosofar, eller filosofiskular: Analytiske filosofar som Gjelsvik, meir kontinentalt orienterte filosofar som professor Arne Johan Vetlesen, kantianarar som professor Jens Saugstad, pragmatistar som meg osb. Dermed skulle det heller ikkje vera overraskande at det finst filosofar som kan ha eit anna syn på kor farleg og unaturleg det vil vera for filosofi å ha nærleik til idéhistorie enn Gjelsvik. Ekteskapsmetaforen hans må dessutan kompliserast. Her må det vera tale om eit polygamistisk tvangsekteskap: Gjelsvik er ikkje den einaste brurgommen. Frå filosofisida er vi meir enn 40 brurgommar, medan idéhistorikarane berre er 7-8. Nokre av oss filosofibrurgommar kunne til og med tenkjast å sjå på denne ekteskapen som meir eit arrangert enn eit tvungen ekteskap, og etterkvart verta med inn på den separate sovekamaren til idéhistorikarane. Dessutan: Vi måtte vel ha eit lågt sjølvbilete og sjå på oss sjølve som stusselege tøffelheltar om vi skulle frykta å verta dominerte av desse få idéhistorikarane?

Og det å vera singel? Er det alltid så harmonisk å vera singel saman med andre filosofar? Tenk om vi byrja likna på Didrik From jr. som sa: «Mitt kjærlighetsliv volder meg ingen kvaler. Jeg elsker meg selv og har ingen rivaler.»

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »