Annonse

annonser i Universitas

Stort rom for fagkritikk

UNIVERSITAS: 2. april 2008

Kristoffer Hatteland Endresen uttrykker i siste nummer av Universitas bekymring for stoda til fagkritikken. Han bekymrar seg over dårleg oppmøte på eit enkeltarrangement, og over at det var så få arrangement på denne dagen. Uroen er forståeleg, men diagnosen han kjem med, høver heldigvis betre for arrangementet felles fagkritisk dag enn for fagkritikken ved Universitetet i Oslo generelt.

Felles fagkritisk dag blei første gang arrangert i 1998, og blei gjort permanent etter eit vedtak i Universitetsstyret 03.10.2000. Ynskjet om å få i gang eit slik arrangement kom frå studentane, som meinte det var lite rom for fagkritikk i studia. Dette var før innføringa av Kvalitetsreformen, og i ei stode med ein heilt annleis gradsstruktur enn i dag. Mens ein før hadde «eitt fag her og eitt fag der», er ein nå i større grad konsentrert kring éitt fag.

Rett nok heiter det at det i Kvalitetsreformen skulle legges meir vekt på fagkritikk som ein del av studia, men gjennomføringsgraden av dette har vore varierande. Men fagkritikken er likevel ivareteke dei fleste stader - fordi dei fagleg tilknytta foreningane har brukt fagkritikken medvite. Fagkritikken er eit godt utgangspunkt når ein skal bygge opp ein identitet til faget.

Då fagkritisk dag 2008 skulle arrangerast, melde studentutvala ved fem av åtte fakultet at det ikkje var aktuelt å vere med på fellesarrangementet den aktuelle dagen. Ikkje fordi dei ikkje hadde bry til å arrangere det, men fordi behovet ikkje er like stort når det går mange fagkritiske arrangement likevel, og med større hyppigheit enn den eine gonga i året som er sett av frå sentralt hald.

Evalueringa av årets fagkritiske dag er ikkje ferdig enda, men foreløpig ser det ut til at konklusjonen vil gå i retning av at arrangementet er overflødig, fordi fagkritikken står sterkt. Og ingenting er vel betre enn det?

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »