Annonse

annonser i Universitas

Bak mål

Fleire studentar opplevde å ikkje få eksamensoppgåver på nynorsk førre semester. Underteikna hadde to eksamenar, der det ikkje var tilbod om nynorskutgåve. Trass i at det klart og tydeleg vart kryssa av for målforma ved eksamensoppmeldinga. Og det var langt frå fyrste gongen desse problema dukkar opp.

Universitetet tilbyr uttrykkeleg studentane å velja målform. Det er institusjonen også forplikta til, etter forskrift om studiar og eksamenar ved Universitetet i Oslo. Likevel blir ikkje retten til studentane innfridd. Mykje skal organiserast for å avhalde eksamen på ein så stor lærestad, og det er mange ting skal falle på plass. Frå tid til annan kan det forekoma ein glipp. Men her er det snakk om ein feil som opptrer på fleire fakultet og på ulike institutt. Det er grunn til å tru at eksamensoppgåver på nynorsk systematisk blir nedprioritert. Det provoserer.

Akademia ha eit samfunnsansvar. Dei skal syte for at verdiar som marknaden og kommersiell massemedia ikkje alltid ber fram, blir takne vare på. Det er derfor ekstra skuffande når nettopp Universitetet tek så lett på dette. Statusen til nynorsk som likeverdig skriftspråk med bokmål, er ein viktig del av kulturen vår.

Universitetet hadde truleg rekna med at saka skulle passere stille. Så kunne det etter kvart bli eit ressursproblem mindre. Heldigvis har det vorte oppstyr, og det var nok ei overrasking. Voneleg blir målform prioritert i neste omgang. Elles bør det koma svært gode forklaringar.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »