Forskingi er grunnlaget
Dei sjølvutnemnde studentpolitikarane held fram krosstoget sitt mot dei vitskapleg tilsette. Utdanings og studieandsvarleg i Studentparlamentet Boel ChristensenScheel når nye høgder i Aftenposten 25. november, der ho karakteriserer dei vitskapleg tilsette som «en herskerklasse som nå er i ferd med å miste sin vetorett for demokratiets skyld». Når synspunkti deira vert ignorerte i stendigt fleire saker, seinast med vedtaket um at instituttstyrarane på Det historiskfilosofiske fakultetet skal tilsetjast og ikkje veljast, er det ikkje udemokratisk, lærer ho oss, men berre eit utslag av at «alle de andre som med god grunn er gitt stemmerett (ledelse, studenter, teknisk/administrativt ansatte), mener noe annet enn dem».
Ein må spyrja seg kva for ei syn ChristensenScheel hev på den institusjonen som ho gjeng til kvar dag. Ho meiner openbert at studentane, då i tydingi det snevre utvalet som hev funne seg eit beite i Studentparlamentet – med sine «stadige [sic] friske blikk på systemet og dets skavanker» – hev betre forstand på koss universitetet bør drivast enn det dei vitskapleg tilsette hev. Denne nedvurderingi av fagleg upparbeidd kunnskap og røynsla er reint utruleg, men di verre utbreidd millom deim som likar å kalla seg studentpolitikarar. Dei mistenkjeleggjer motivi åt dei vitskapleg tilsette for eit godt ord, men ser ikkje eigne avgrensingar i faglege spursmål. Det er eit problem at altfor mange komande byråkratar tek læretidi si som studentrepresentantar på universitetet.
ChristensenScheel ser heilt burt frå at sjølve grunnlaget for universitetet er den forskingi som dei vitskapleg tilsette utfører. Det er forvalting og vidareutvikling av kunnskap som stødt hev vore kjerneuppgåva åt universitetet. Denne verksemdi er fyrst og fremst drivi av menneskjeleg nyfikna og kunnskapstorste, men er òg til bate for samfundet ikring. Når desse ideali vert truga av ei meir instrumentalistisk syn, der universitetet vert redusert til ein leverandør av arbeidskraft og næringsnyttig forsking, er det naturleg at dei vitskapleg tilsette reagerer. Ein må berre segja seg leid for at ChristensenScheel, og mange med henne, ikkje ser fårane ved den framveksande instrumentalismen, men berre jattar med um at universitetet må «kommunisere med omverdenen og synliggjøre sin kompetanse».
All den tid sjølve grunnlaget for universitetet er den frie, akademiske forskingi, vert det eit demokratisk problem når dei som stend for denne verksemdi, forskarane, vert sette på sidelina. Det hjelper lite å gjera som ChristensenScheel og visa til at dei tekniskadministrative og studentane er mange fleire, når desse gruppone er heilt sekundære i høve til dei vitskapleg tilsette. Det er råd å tenkja seg eit universitet med munaleg færre både byråkratar og studentar enn i dag, men det er ikkje råd å tenkja seg eit universitet utan forskarar.







