Framtidsbygging
Universitas sin leiarartikkel 29. september vender seg til den framtidige solidaritetsregjeringa. Det blir spurt om Sp, SV og Ap har tenkt å ta frå Universitetet i Oslo, og gi til meir perifere utdanningsinstitusjonar. Kanskje er det særleg Senterpartiet ein er skeptisk til her. Det er det liten grunn til.
Først som sist: Nei, vi trur ikkje at stønad til ein utdanningsinstitusjon blir målt i antal steinkast han ligg frå Stortinget. Universitetet i Oslo sit på den fremste ekspertisa landet har på mange område, og eit unikt nettverk desse imellom. Det er i ei særstilling, og treng all den satsinga det kan få. At ein institusjon med så mykje fagleg tyngde ligg i hovudstaden, er sjølvsagt klokt. Sp er ikkje imot at det finst intelligent liv sør for Sinsenkrysset.
Senterpartiet har aldri føreslått å styrke høgskulane ved å svekke Universitet i Oslo. Likevel er vi opptekne av at høgskular i andre fylke skal få ei auka satsing. Dei er med og sikrar busetjing, heving av det generelle utdanningsnivået og verdiskaping i distrikta. Høgskulane sit på kompetanse som er viktig for lokalt næringsliv, som til dømes fiskerifag på kysten. Dei er del av ein heilskapleg distriktspolitikk. Dessverre er mange av dei små. Og det er det er nettopp det som gjer at dei tapar når også større institusjonar er i pengenaud.
Senterpartiet ønskjer å auke dei generelle rammene for utdanning. Noreg er eit ufatteleg rikt land, og vil etter alt å dømme, oppleva økonomisk vekst også i åra framover. Da blir det viktig å vite kva vi vil bruke ressursane på. Skal dei få rike bli rikare, eller skal vi byggje opp og styrke fellesskapsverdiar? For ein koalisjon av dei nevnte partia det ingen tvil om at det siste alternativet må få prioritet. Utdanning er den beste investeringa vi kan gjera med tanke på å skape og å sikre arbeidplassar i framtida. Til dette trengs det politisk vilje, korkje meir eller mindre. Det er her vi ser den store skilnaden mellom solidaritetsregjeringa og dei som styrer i dag.







