«Med Fanny for løsninger»?
Leve Problemveien!
I Universitas 21. september kunde me lesa um rektorkandidat Fanny Duckert som for full musikk skipa til ei privat umdøyping av Problemveien til «Løsningsveien». Til Uniforum på net uttalar Duckert at «[d]ette er eit symbolsk tiltak som viser korleis universitetet skal vera oppteke av å finna løysingar». Det er vel og bra med løysingar, men denne symbolhandlingi syner i røyndi vantande skyn for kva universitetet er, eller i minsto burde vera. Det er nett dei vanskelege spursmåli, problemi, som er utgangspunktet for all universitetsforsking, og hadde det ikkje vore for deim, hadde ikkje universitetsfolk havt noko å stella med. Løysingane kann skifta og er oftast berre eit stig på vegen mot nye problem. Det er soleis problemi, og ikkje løysingane, som er drivkrafti i universitetssamfundet, og det er fint å verta påmint når ein gjeng upp Problemveien.
Det er klårt at det er meir populært å koma med løysingar enn å stella upp problem, og Duckert kann sikkert vinna uppslutnad um det vesle namneprosjektet sitt. Eit «løysings-orientert» universitet som det Duckert ynskjer seg, høver elles som hand i hanske med den instrumentalistiske syni på universitetet som grip um seg i dag. Meir enn å vera ein stad der ein steller grunnleggjande spursmål og undrar seg yver livet og verdi i all sin skifterikdom - av di det hev eit verde i seg sjølv - vert universitetet ein fabrikk som skal produsera einfelde løysingar for uppdragsgjevarar i stat og næringsliv. I dette perspektivet vert slagordet «Med Fanny for løsninger» eit trist teikn på eit universitet som er på veg burt frå grunnlaget sitt. Leve Problemveien!
Rektorvalget 2005
Digital debatt og drittkasting. - 2005-09-14Spørsmål 7: Moro for unga - 2005-09-28
- Studenter bør stemme på Duckert, Evensen eller Walløe - 2005-09-28
Spørsmål 6: Forskningspengene som forsvant - 2005-09-28
Slakter organiseringen av rektorvalget - 2005-09-28
Kandidatene - 2005-09-28
Derfor bør du stemme - 2005-09-28
Slik stemmer du - 2005-09-28
Historisk rektorvalg - 2005-09-28
Rot og lav oppslutning - 2005-10-05
33 saker...








