Annonse

annonser i Universitas

Nei til utarming av nordiskfaget!

Historisk– filosofisk fakultet i Bergen har vedteke å innføra ei ny, modularisert studieordning frå og med hausten 2001. Nordisk institutt har sett ned ein komité som skal koma med framlegg om ny studieordning på nordisk, og Studentmålllaget i Oslo (SMIO) har registrert at det har kome ulike framlegg til korleis den nye ordninga skal vera.

SMIO ser positivt på engasjement og ordskifte kring spørsmålet om kva nordiskfaget skal innehalda, men me meiner at dette er eit so viktig ordskifte at det bør takast opp på nasjonalt plan. Kva som skal vera innhaldet i nordiskfaget er ikkje berre eit fagleg eller teknisk spørsmål, men eit ålmennpolitisk spørsmål som vedgår fleire enn dei i komiteen på nordisk institutt. Alle som er opptekne av norsk språk bør ha høve til å taka del i ordskiftet. Dessutan er dette eit spørsmål som institutta ved alle universiteta bør ordskiftast og samarbeida om. Det er ikkje berre eit regionalt spørsmål for dei som studerer i Bergen.

SMIO er skeptisk til at grunnfaget vert modularisert, og at det har kome framlegg om å velja vekk sentrale delar av norsk språksoge, til dømes målførekunnskap og norrønt. Å gjera desse til valmodular på line med til dømes ein modul om «andrespråkslæring og tospråklegheit» vil vera å signalisera at emna ikkje er ein sentral del av norsk språksoge. Ved å velja vekk so sentrale delar forsvinn heilskapen i faget, og ein får ikkje eit godt nok grunnlag for å velja emne dersom ein spesialiserer seg vidare.

Kva som skal vera innhaldet i nordisk grunnfag er særs viktig. Difor er det naudsynt at nordiskstudentar har eit ålment og breitt oversyn over norsk språksoge, at dei har eit grunnlag for å undervisa i faget. Mange av dei som tek nordisk, vert norsklærarar. Ein norsklærar skal ikkje berre læra elevane opp til å lesa og skriva, men skal òg formidla haldningar og medvit kring den norske språkstoda.

Me meiner at studentane ikkje bør kunna velja vekk delar av soga berre fordi dei tykkjer denne delen av soga er vanskeleg eller unyttig. Ein får ikkje betre samanheng i faget ved å byta ut nokre disiplinar og auka valfridomen. Dersom studentane har vanskar med å sjå samanhengane i faget, er det eit didaktisk spørsmål.

SMIO trur ikkje det er for mykje norrønt eller for lite valfridom som gjer at rekrutteringa til nordisk er dårleg. Me trur heller at eit ålment og levande ordskifte om framtida til nordiskfaget vil kunne skapa blest om og godhug for faget.

Studentmållaget i Oslo krev

– at modulariseringa av grunnfaga vert stogga.

– at ein ikkje skal kunne velja vekk delar av grunnfaget, t. d norrønt

– eit nasjonalt ordskifte om framtida til nordiskfaget!

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i lesarbrev

Digitale fotspor

Nettet har gjort meg til en utålmodig leser, skriver Warsan Ismail.

Hva er kvalitet i utdanningen?

Muligens bidrar også manglende kunnskapsoversikt til at enkelte universiteter blir monomane innenfor visse områder, og kun opptatt av det man er god på, skriver Ove Vanebo.


Flere saker fra lesarbrev »